Sad Wings of Destiny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sad Wings of Destiny
Studioalbum av Judas Priest
Språk engelsk
Utgjeve 23. mars 1976
Innspelt November–desember 1975 i Rockfield Studios i Wales
Sjanger Heavy metal
Lengd 39:12
Selskap Gold
Produsent
  • Jeffery Calvert
  • Max West
  • Judas Priest
Judas Priest-kronologi 
Rocka Rolla
(1974)
Sad Wings of Destiny Sin After Sin
(1977)
Singlar frå Sad Wings of Destiny
  1. ««The Ripper» / «Island of Domination»»
    Utgjeve: Mars 1976

Sad Wings of Destiny er det andre albumet til den engelske heavy metal-gruppa Judas Priest, gjeve ut i 1976. Det vert rekna som albumet der Judas Priest fann stilen og imaget sitt, og songar som «Victim of Changes» og «The Ripper» har sidan blitt mykje spelt på konsertane deira. Det er det einaste albumet deira med trommeslagaren Alan Moore.

Det er kjend for ein riff-driven heavy metal-stil og den store rekkjevidda i røysta til Rob Halford. Albumet har fleire forskjellige stilartar, stemningar og teksturar, inspirert av grupper som Queen, Deep Purple og Black Sabbath. Hovudverket er «Victim of Changes» på åtte minuttar med tunge riff og lys vokal, lange gitarsoloar, og ein langsam, stemningsskapande avslutning. «Tyrant» og «The Ripper» er korte, tette og kraftfulle rockelåtar med mange parti og endringar. Riff og soloar dominerer «Genocide», «Island of Domination» og «Deceiver», og bandet finn meir tilbakelente augneblink som i den pianodominerte «Epitaph» og den stemningsfulle «Dreamer Deceiver».

Sad Wings of Destiny fekk positive meldingar, men svakt sal då det kom ut samstundes som punkrocken dominerte mediabiletet i Storbritannia. Bandet spelte inn dei første to albuma sine hos det sjølvstendige Gold Records, som hadde små budsjett, og bandmedlemmane måtte ta sidejobbar for å livnære seg. Gruppa vart frustrert av den finansielle situasjonen og signerte ein kontrakt med CBS Records for det neste albumet, Sin After Sin (1977). Sidan dei braut kontrakten med Gold mista dei rettane til Sad Wings of Destiny og demoinnspelingane som vart spelt inn medan dei var hos Gold.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga fann stad i Rockfield Studios i Wales i november og desember 1975.

Innspelinga fann stad i løpet av to veker i november og desember 1975 i Rockfield Studios i Wales[1] med produsentane Jeffrey Calvert og Gereint «Max West» Hughes, og Chris Tsangarides som lydteknikar.[2] Calvert og Hughes var medlemmar i popgruppa Typically Tropical som toppa dei britiske salslistene i 1975 med «Barbados»,[3] den første hitten til Gold Records.[1] Mikskinga fann stad i løpet av ei veke i Morgan Studios i London.[1]

David Howells hos Gold bestilte eit plateomslag hos Patrick Woodroffe, eit verk kalla Fallen Angel. Det syner ein kjempande engel som sit fast på bakken, omgjeven av flammar og den tregreina krossen til djevelen,[4] som var symbolet til bandet.[5] Halford poserte som Kristus på baksida og det vart nytta gotisk skrift på begge sidene.[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Sad Wings of Destiny kom ut 23. mars 1976,[6] og same månaden vart «The Ripper» gjeven ut som singel med «Island of Domination».[3] Albumet vart først publisert og distribuert av Janus Records i USA.

Albumet selde i starten dårleg[7] og hadde vanskar med å bli lagt merke til sidan det var så mykje skriveri om punkrocken som nettopp hadde fått gjennombrotet sitt.[8] Bandet la ut på turné for å marknadsføre albumet[9] i Storbritannia frå 6. april til 20. juni 1976.[10] Albumet nådde 48. plassen i Storbritannia og selde til gullplate i 1989. I Rolling Stone gav Kris Nicholson albumet positiv omtalte, og samanlikna det positivt med Deep Purple-albumet Machine Head frå 1972.[9] Sad Wings of Destiny kom samstundes som heavy metal var på veg opp att same året som Rising frå Ritchie Blackmore sitt Rainbow og Virgin Killer frå Scorpions.[7]

Megadeth-frontmannen Dave Mustaine valde heavy metal som karriereveg som hemn for at svogeren hans hadde slått han for å ha lytta til Sad Wings of Destiny.

Bandet vart i stadig aukande grad meir misnøgd med Gold;[11] og dei vanskelege økonomiske forholda førte til at Moore slutta i bandet for andre gongen, denne gongen permanent.[12] Albumet hadde fanga merksemda til CBS Records, og med hjelp av den nye manageren David Hemmings skreiv bandet under på ein kontrakt med CBS og fekk eit budsjett på £60 000 for det neste albumet, Sin After Sin (1977).[11] Då Priest braut kontrakten med Gold, mista dei samstundes rettane til dei to første albuma sine og alle studioinnspelingane som vart spelte inn i samband med desse. Gold gav periodisk ut songar frå desse albuma, som i 1981 då dei gav ut det doble Hero, Hero.[13]

Den tekniske dugleiken og den opera-aktige vokalen peika mot trendar i heavy metal som seinare dukka opp hos New Wave of British Heavy Metal-band som Iron Maiden, og dei mørke temaa i albumet dukka opp att i 1980-åra i amerikansk thrash metal, hos band som Slayer og Metallica.[7] Eit tidleg teikn på påverknaden til bandet var at Van Halen spelte «Victim of Changes» på konsertane sine før dei vart kjende.[14] Dave Mustaine frå Megadeth sa at svogeren hans slo til han i andletet for å ha lytta til Sad Wings of Destiny. Mustaine kalla dette eit vendepunkt der han avgjorde å bli heavy metal-musikar som «hemn».[15]

«Victim of Changes», «The Ripper», «Tyrant» og «Genocide» — med ein lengre intro - finst på det første konsertalbumet til bandet, Unleashed in the East (1979).[16] Under innspelinga av Sad Wings oppfordra Howells bandet til å arbeide på ein heavy metal-versjon av «Diamonds & Rust» av visesongaren Joan Baez, men denne kom ikkje med på allbumet. Bandet fekk ein hit i Storbritannia med ei nyinnspeling av songen året etter, då dei hadde flytta til CBS Records.[17] Gold gav ut versjonen frå Sad Wings i 1978 på samlealbumet The Best of Judas Priest.[18]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Victim of Changes»Al Atkins, Glenn Tipton, Rob Halford, K.K. Downing7:47
2.«The Ripper»Tipton2:50
3.«Dreamer Deceiver»Atkins, Halford, Downing, Tipton5:51
4.«Deceiver»Halford, Downing, Tipton2:40
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Prelude»Tipton2:02
6.«Tyrant»Halford, Tipton4:28
7.«Genocide»Halford, Downing, Tipton5:51
8.«Epitaph»Tipton3:08
9.«Island of Domination»Halford, Downing, Tipton4:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Band[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsert av Jeffrey Calvert, Max West og Judas Priest
  • Lydteknikar: Jeffrey Calvert, Max West og Chris Tsangarides
  • Plateomslag: Konsept av Neil French; måleri av Patrick Woodroffe
  • Kunstnarisk leiar John Pasche
  • Bandbilete av Lorentz Gullachsen og Alan Johnson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Daniels 2007, s. 96.
  2. Daniels 2007, s. 96–97.
  3. 3,0 3,1 Popoff 2007, s. 33.
  4. 4,0 4,1 Popoff 2007, s. 27.
  5. Daniels 2007, s. 100.
  6. Popoff 2007, s. 30.
  7. 7,0 7,1 7,2 Huey.
  8. Bowe 2009, s. 39.
  9. 9,0 9,1 Popoff 2007, s. 39.
  10. Daniels 2007, s. 101.
  11. 11,0 11,1 Popoff 2007, s. 41–42.
  12. Daniels 2007, s. 102.
  13. Popoff 2007, s. 122.
  14. Popoff 2007, s. 79.
  15. Gilmore 2012, s. 382.
  16. Popoff 2007, s. 85.
  17. Popoff 2007, s. 50–51.
  18. Popoff 2007, s. 377.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]