Rob Halford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rob Halford
Robhalford.jpg
Rob Halford i 2005
Verkeleg namn Robert John Arthur Halford
Fødd 25. august 1951 (66 år)
Sutton Coldfield, England
Instrument

Vokal

Sjanger
Aktive år 1969 til i dag
Yrke Songar, låtskrivar, musikar
Tilknytte artistar Judas Priest, Fight, 2wo, Halford, Black Sabbath

Robert John Arthur «Rob» Halford (fødd 25. august 1951) er ein engelsk songar og låtskrivar, som er mest kjend som vokalisten i heavy metal-bandet Judas Priest. Han har ei mektig, opera-aktig røyst. AllMusic sa om Halford: «Det har vore få andre vokalistar i historia innan heavy metal som har ein syngjestil som er så innverknadsrik og lett gjenkjenneleg», med ei røyst som «utan problem svingar mellom guttural brumming til øyredøyvande falsett».[1] Halford vart sett på 33. plassen på lista til Planet Rock-lyttarane i 2009 over dei beste vokalistane gjennom tidene.[2] I tillegg til arbeidet sitt med Judas Priest har han vore involvert i fleire sideprosjekt, som Fight, 2wo og Halford. I 1998 stod han fram som homofil, den første songaren innan heavy metal som gjorde dette.

Halford slutta i Judas Priest i 1991, men kom attende til bandet i 2003.

Halford har òg sunge med Black Sabbath på tre konsertar. Han erstatta Ronnie James Dio for to konsertar i november 1992 og igjen for Osbourne i august 2004.[3] Han har òg ei stemme i videospelet Brütal Legend i 2009, der han har røysta til General Lionwhyte, i tillegg til leiaren av Fire Barons.[4] I 2002 hadde Halford ei lita rolle i filmen Spun.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest[endre | endre wikiteksten]

Fight[endre | endre wikiteksten]

2wo[endre | endre wikiteksten]

Halford[endre | endre wikiteksten]

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prato, Greg. «AllMusic biography». AllMusic. Henta 10. september 2016. 
  2. «Robert Plant voted rock's greatest voice». MusicRadar. 4 January 2009. Henta 10. september 2016. 
  3. «Ozzy Osbourne Replaced By Rob Halford At Black Sabbath's Camden Gig». Blabbermouth.net. 2004-08-26. Henta 10. september 2016. 
  4. Decibel Magazine 2009-04-19

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rob Halford