Ram It Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ram it Down
Studioalbum av Judas Priest
Utgjeve 17. mai 1988
Innspelt Desember 1987–mars 1988
Studio Ibiza Sound Studio i Ibiza i Spania,

Puk Recording Studios i København i Danmark

Sjanger Heavy metal[1]
Lengd 58:12
Selskap Columbia
Produsent Tom Allom, Glenn Tipton, Rob Halford, K.K. Downing
Judas Priest-kronologi
Priest...Live!
(1987)
Ram it Down Painkiller
(1990)
Singlar frå Ram It Down
  1. «Ram It Down/Heavy Metal»
    Utgjeve: 1988
  2. «Johnny B. Goode/Rock You All Around the World (Live)»
    Utgjeve: 1988
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
PopMatters(dårleg)[3]
Martin Popoff6/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]

Ram It Down er det ellevte studioalbumet til Judas Priest, gjeve ut i 1988 på Columbia Records. Albumet selde til gullplate i USA den 18. juli 1988. Dette er det siste albumet til Judas Priest med trommeslagaren Dave Holland og det siste av mange som vart produsert av Tom Allom før konsertalbumet A Touch of Evil: Live i 2009.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1986 hadde Judas Priest planar om å gje ut eit dobbeltalbum kalla Twin Turbos, der halvparten skulle bestå av melodisk og meir kommersiell hardrock, og ein halvdel som var tyngre og mindre synth-driven. Columbia Records sette foten ned for eit dobbelalbum og prosjektet vart delt i to fråskilde utgjevingar, Turbo i 1986 og Ram It Down i 1988. Minst tre songar, «Hard as Iron», «Love You to Death» og «Monsters of Rock», var skrivne for Twin Turbos.

Trommeslagaren Dave Holland fekk helseproblem under innspelinga og bandet valte å bruke trommemaskin på det meste av albumet i staden for å hente inn ein ny trommeslagar.

Bandet spelte ei utgåve av Chuck Berry-songen «Johnny B. Goode», som var meint for filmmusikken til Anthony Michael Hall-komedien Johnny Be Good i 1988. Songen kom med på Ram It Down og vart den første singelen frå albumet. Songen vart òg spelt på dei første konsertane til bandet i 1988, i lag med tittelsporet og tre andre songar frå albumet. Dei einaste songane frå Ram It Down som er spelt på seinare turnear er «I'm a Rocker», under Retribution-turneen og «Blood Red Skies», under Epitaph-turneen.

Sjølv om Judas Priest hadde nok fans til at albumet selde til gullplate i Nord-Amerika,[5] fekk det heller dårleg kritikk og kritikarane meinte at bandet ikkje klarte å skape nye idear og at songane var dårlegare enn før.

Halford sa at Ram It Down vart øydelagd av at dei tok med «Johnny B. Goode», som han kalla «tåpeleg». Resten av albumet meinte han var «særs tungt».[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Ram It Down»   4:48
2. «Heavy Metal»   5:58
3. «Love Zone»   3:58
4. «Come and Get It»   4:07
5. «Hard as Iron»   4:09
Side to
# Tittel Lengd
6. «Blood Red Skies»   7:50
7. «I'm a Rocker»   3:58
8. «Johnny B. Goode» (Chuck Berry) 4:39
9. «Love You to Death»   4:36
10. «Monsters of Rock»   5:30
Bonusspor frå 2001-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Night Comes Down» (Live i Long Beach Arena i Long Beach i California, 5. mai 1984) 4:33
12. «Bloodstone» (Live i Mid-South Coliseum i Memphis i Tennessee, 12. desember 1982) 4:05
Andre innspelingar
# Tittel Lengd
1. «Thunder Road» (Bonusspor på Point of Entry) 5:12
2. «Fire Burns Below» (Bonusspor på Stained Class) 6:58
3. «Red, White & Blue» (Bonusspor på British Steel) 3:42
4. «My Design» (Ikkje utgjeven)  

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest
Produksjon
  • Produsert av Tom Allom
  • «Johnny B. Goode» produsert i lag med Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing
  • Lydteknikar: Henrik Nilsson
  • Assistent: Bill Dooley
  • Utstyrsansvarleg Tom Calcaterra
  • Plateomslag av Mark Wilkinson

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1988) Plassering
Australske album (ARIA)[7] 43
Austerrikske album (Ö3 Austria)[8] 14
Nederlandske album (MegaCharts)[9] 25
Tyske album (Media Control)[10] 9
Norske album (VG-lista)[11] 5
Svenske album (Sverigetopplistan)[12] 5
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[13] 8
Britiske album (OCC)[14] 24
US Billboard 200[15] 31

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1988 Gull (+ 500 000)[5]
Canada CRIA 1988 Gull (+ 50 000)[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Daniels, Neil (2007). The story of Judas Priest: Defenders of the Faith. Omnibus Press. s. 193–4. ISBN 9780857122391. 
  2. Huey, Steve. «Judas Priest - Ram It Down review». AllMusic. All Media Network. Henta 19. september 2016. 
  3. Begrand, Adrien (11 July 2002). «Judas Priest: Ram It Down / Painkiller». PopMatters. Henta 2015-06-24. 
  4. Popoff, Martin (1 November 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  5. 5,0 5,1 «RIAA Searchable Database: search for Judas Priest». Recording Industry Association of America. Henta 20. september 2016. 
  6. Sharpe-Young, Garry (2007). Metal: The Definitive Guide: Heavy, NWOBHM, Progressive, Thrash, Death, Black, Gothic, Doom, Nu. Jawbone Press. s. 36. ISBN 9781906002015. 
  7. "Judas Priest – Ram It Down". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  8. "Judas Priest - Ram It Down" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  9. "Judas Priest – Ram It Down". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  10. "Judas Priest - Ram It Down". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
  11. "Judas Priest – Ram It Down". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  12. "Judas Priest – Ram It Down". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  13. "Judas Priest – Ram It Down". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  14. "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 15. september 2016.
  15. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.
  16. «Music Canada Gold/Platinum: search for Judas Priest». Music Canada. Henta 20. september 2016.