Painkiller av Judas Priest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Painkiller
Studioalbum av Judas Priest
Utgjeve 3. september 1990
Innspelt Januar-mars 1990
Studio Miraval Studios i Correns i Frankrike og Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland
Sjanger Heavy metal,[1][2][3] speed metal[1][4]
Lengd 46:08
Selskap Columbia
Produsent Judas Priest and Chris Tsangarides
Judas Priest-kronologi
Ram It Down
(1988)
Painkiller Jugulator
(1997)
Singlar frå Painkiller
  1. «Painkiller» / «United»
    Utgjeve: September 1990
  2. «A Touch of Evil» / «Between the Hammer and the Anvil»
    Utgjeve: Mars 1991
  3. «Night Crawler» / «Living After Midnight (live)»
    Utgjeve: April 1993
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Sputnikmusic5.0/5.0[1]

Painkiller er det tolvte studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Det kom ut i september 1990 og var det siste Judas Priest-albumet med songaren Rob Halford før han kom attende i 2005 for albumet Angel of Retribution. Det er òg det første med trommeslagaren Scott Travis.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Painkiller er det første Judas Priest-albumet med trommeslagaren Scott Travis, som erstatta Dave Holland i 1989. Travis var tidlegare medlem i bandet Racer X. Albumet vart spelt inn i Miraval Studios i Brignoles i Frankrike tidleg i 1990 og miksa i Wisseloord Studios i Hilversum i Nederland seinare på året.

Tekstar[endre | endre wikiteksten]

Mange av tekstane på albumet har eit fantasi-tema, som tittelsporet som skildrar ein superhelt-aktig person som reddar menneskeheita frå øydelegging. «A Touch of Evil» brukar tema som besetjing og magi som metaforar for romantikk. Rob Halford hevda i eit intervju at songen «Hell Patrol» handlar om US Air Force-pilotar under Golfkrigen som byrja nokre månader før albumet kom ut.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Trass i at albumet var ferdig i mars 1990 vart det forseinka på grunn av rettssaka mot bandet som byrja 16. juli 1990. Bandet måtte i retten for skuldingar om å ha plassert løynde meldingar i ein song som skal ha gjort at to unge menn i Reno i Nevada prøvde å ta livet sitt 23. desember 1985. Saka vart til slutt avvist den 24. august 1990. Bandet gav omsider ut albumet 3. september 1990.

Albumet selde til gullplate i Nord-Amerika i januar 1991. Ein nymastra versjon vart gjeve ut på CD i mai 2001, med eit konsertopptak av «Leather Rebel» og ein tidlegare ikkje utgjeven song, «Living Bad Dreams». Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste metalsong, men tapte for Metallica sin versjon av Queen-songen «Stone Cold Crazy».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Painkiller har stort sett fått god kritikk, særleg frå metal-miljøet. På metal-archives.com har albumet ein gjennomsnittleg karakter på 93% basert på 23 meldingar.[5]

Halford gir seg[endre | endre wikiteksten]

Etter turneen for dette albumet, slutta songaren Rob Halford i bandet i mai 1992 og hadde lite kontakt med dei tidlegare bandkollegaene gjennom 1990-åra. Årsaka skal ha vore aukande spaningar i bandet og at Halford ønskte å utforske nye musikalske retningar med sitt eige band, Fight. Dette tvang han til å forlate Judas Priest for at den nye musikken hans kunne seljast. Judas Priest var inaktive i fleire år etter Halford slutta, men kom etter kvart attende med den nye songaren Tim «Ripper» Owens i 1996, som song på studioalbuma Jugulator og Demolition.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Glenn Tipton, Rob Halford og K.K. Downing, utanom der anna er nemnt.. 

# Tittel Lengd
1. «Painkiller»   6:06
2. «Hell Patrol»   3:35
3. «All Guns Blazing»   3:56
4. «Leather Rebel»   3:34
5. «Metal Meltdown»   4:46
6. «Night Crawler»   5:44
7. «Between the Hammer & the Anvil»   4:47
8. «A Touch of Evil» (Tipton, Halford, Downing, Chris Tsangarides) 5:42
9. «Battle Hymn» (Instrumental) 0:56
10. «One Shot at Glory»   6:46
Bonusspor frå 2001-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Living Bad Dreams» (Innspelt i 1990 under Painkiller-innspelinga) 5:20
12. «Leather Rebel» (Live i Foundation's Forum i Los Angeles, 13. september 1990) 3:38

LP-utgåve frå 2010[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Painkiller»   6:06
2. «Hell Patrol»   3:35
3. «All Guns Blazing»   3:56
Side to
# Tittel Lengd
1. «Leather Rebel»   3:34
2. «Metal Meltdown»   4:46
3. «Night Crawler»   5:44
Side tre
# Tittel Lengd
1. «Between the Hammer & the Anvil»   4:47
2. «A Touch of Evil»   5:42
3. «Battle Hymn»   0:56
Side fire
# Tittel Lengd
1. «One Shot at Glory»   6:46
2. «Living Bad Dreams»   5:20
3. «Leather Rebel»   3:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Judas Priest
Andre musikarar
  • Don Airey - klaverinstrument på «A Touch of Evil» (ikkje oppført)

Produksjon
  • Produsert av Judas Priest og Chris Tsangarides
  • Lydteknikar: Attie Bauw og Patrice Rouillon
  • Utstyrsansvarleg Tom Calcaterra
  • Innspelt og miksa av Tipton, Halford, Downing og Tsangarides
  • Remastra av Jon Astley (2001)
  • Illustrasjonar av Mark Wilkinson, basert på eit originalt konsept av Judas Priest
  • Original grafikk av Peacock Marketing & Design

Lister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1990) Plassering
Australian Albums (ARIA)[6] 60
Austerrikske album (Ö3 Austria)[7] 22
Tyske album (Media Control)[8] 7
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[9] 27
Norske album (VG-lista)[10] 19
Svenske album (Sverigetopplistan)[11] 19
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[12] 14
Britiske album (OCC)[13] 26
US Billboard 200[14] 26

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[15] Gull 50 000^
USA (RIAA)[16] Gull 500 000^
Verdsomfattande sal: 2 000 000

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Stagno, Mike (4 August 2006). «Judas Priest – Painkiller». Sputnikmusic. Henta 8 May 2012. 
  2. Sharpe-Young, Garry (2007). Metal: The Definitive Guide. Jawbone Press. s. 39–40. ISBN 9781906002015. All in all, Painkiller put Judas Priest back at the top of the heavy metal pile. 
  3. Popoff, Martin (2004). The Top 500 Heavy Metal Albums of All Time. ECW Press. s. 63–4. ISBN 9781554902453. 
  4. 4,0 4,1 Huey, Steve (4 August 2006). «Judas Priest – Painkiller». AllMusic. Henta 20. september 2016. 
  5. http://www.metal-archives.com/albums/Judas_Priest/Painkiller/465
  6. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  7. "Judas Priest - Painkiller" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  8. "Judas Priest - Painkiller". Charts.de. Media Control. Henta 15. september 2016.
  9. "Judas Priest – Painkiller". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  10. "Judas Priest – Painkiller". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  11. "Judas Priest – Painkiller". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  12. "Judas Priest – Painkiller". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 15. september 2016.
  13. "Judas Priest | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 15. september 2016.
  14. "Judas Priest Album & Song Chart History" Billboard 200 for Judas Priest. Prometheus Global Media. Henta 15. september 2016.
  15. «Canadian album salstrofé – Judas Priest – Screaming for Vengeance». Music Canada. 
  16. «American album salstrofé – Judas Priest – Screaming for Vengeance». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH