Beyond the Realms of Death

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beyond The Realms of Death
Song av Judas Priest
frå albumet Stained Class
Utgjeve 10. februar 1978
Innspelt Oktober-november 1977, Chipping Norton Recording Studios, Oxfordshire
Sjanger Heavy metal
Lengd 6:53
Selskap CBS, Inc. (UK)
Columbia Records (US)
Komponist Rob Halford, Les Binks
Låtskrivar(ar) Rob Halford

Les Binks

Produsent Dennis Mackay, Judas Priest

«Beyond The Realms of Death» er ein powerballade av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå albumet Stained Class frå 1978. Framføringa til vokalisten Rob Halford på denne songen vert rekna som ein av dei beste han gjorde, i tillegg til at gitarsoloen har fått mykje lovord. Mange musikkjournalistar reknar songen som den beste på albumet.[1][2] Den episke songen vert rekna som ein Judas Priest-klassikar, med versjonar av songen på albuma Priest, Live and Rare, '98 Live Meltdown, Live in London, A Touch of Evil: Live, Live Insurrection og mange av samlealbuma til bandet. Trommeslagaren Les Binks står oppført som medlåtskrivar for å ha skrive hovudriffet i songen. Dette var den einaste songen han var låtskrivar på for bandet.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Judas Priest - Stained Class (album review 3)». Sputnikmusic. Henta 11. september 2016. 
  2. Steve Huey. «Stained Class - Judas Priest | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. september 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]