Yasunari Kawabata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yasunari Kawabata

Fødenamn japansk 川端 康成, Kawabata Yasunari
Statsborgarskap Japan
Fødd 11. juni 1899
Osaka
Død

16. april 1972 (72 år)
Zushi

Yrke skribent, romanforfattar, manusforfattar, lyrikar
Språk japansk
Sjanger roman
Religion buddhisme
Ektefelle Hideko Kawabata
Yasunari Kawabata på Commons

Yasunari Kawabata (11. juni 189916. april 1972) var ein japansk forfattar. I 1968 vann han nobelprisen i litteratur for «hans berättarkonst, som med fin känsla uttrycker japanskt väsen i dess egenart.»[1][2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kawabata vart fødd 11. juni 1899[3] i Osaka. Han blei foreldrelaus som toåring og snart mista han besteforeldra òg. Som student ved Universitetet i Tokio grunnla han i lag med Yokomitsu Riichi den neo-impresjonistiske journalen Bungei Jidai («Den kunstnarlege tidsalderen»).

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det første verket til Kawabata var Izu no Odoriko (1926, «Dansarinna frå Izu»). Novella Yukiguni («Snøland») kom i 1937; den er ei historie om kjærleiken mellom ein forretningsmann frå Tokyo og ei geisha frå ei avsidesliggande landsby. Yukiguni blei snart ein klassikar og Kawabata var med eitt etablert som ein av dei leiande forfattarane i Japan. I Senbazuru («Tusen traner») heldt han fram nokre av motiva frå dette verket. I Meijin (i engelsk omsetjing The Master of Go) frå 1954 der han skildrar den siste kampen mellom den gamle meisteren Hon’inbō Shūsai og den yngre Minoru Kitani. Same året vann han Nomaprisen i litteratur for Yama no Oto («Eit kirsebær om vinteren»).

Det er vanleg å gå ut frå at Kawabata døydde for eiga hand ved å gasse seg sjølv til døde, men mange av hans nære, medrekna enkja, såg det som ei ulukke. Han kan ha opna gasshanen ved ein feil medan han førebudde eit bad, men på den andre sida hadde han fått diagnosen Parkinson og sleit med å komme over at venen Yukio Mishima hadde begått rituelt sjølvmord i 1970.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobeltildelinga 1968 på nobelprize.org
  2. "for his narrative mastery, which with great sensibility expresses the essence of the Japanese mind".
  3. 14. juni ifølgje oppføring i familieregisteret
  4. Donald Keene (juni 2005). Five Modern Japanese Novelists. Columbia University Press. s. 26. ISBN 9780231126113. Henta 29. februar 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]