Miguel Ángel Asturias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miguel Ángel Asturias

Statsborgarskap Guatemala
Fødd 19. oktober 1899
Guatemala by
Død

9. juni 1974 (74 år)
Madrid

Yrke lyrikar, skribent, diplomat, journalist, politikar, diktarjurist
Språk spansk
Medlem av Generación del 20, Geographical and Historical Academy of Guatemala
Religion katolisisme
Ektefelle Clemencia Amado, Blanca Mora y Araujo
Miguel Ángel Asturias på Commons

Miguel Ángel Asturias (fødd 19. oktober 1899 i Guatemala by, daud 9. juni 1974 i Madrid) var ein guatemalansk forfattar og diplomat.

I 1967 fekk han Nobelprisen i litteratur for den såkalla Banantrilogien, med begrunninga «for dei fargerike litterære verka sine, med djupe røter i den nasjonale eigenarten og tradisjonane til Latinamerikas indianske folkeslag».[1][2]

Miguel Ángel Asturias


Liv[endre | endre wikiteksten]

Asturias studerte jus i heimlandet. Etter avslutta studiar grunnla han saman med vener ein folkehøgskole som gjorde det mogleg for fattigfolk å få utdanning. I 1923 reiste han til Europa for å studere politisk økonomi i London, men avbraut studiet etter få månader. I staden studerte han religion og folkeminnevitskap ved Sorbonne, spesielt dei før-kolumbiske kulturane i Latinamerika. Etter avslutta studiar gjorde han fleire reiser gjennom Europa. Det var på denne tida dei første litterære verka hans kom ut.

I 1933 vendte han tilbake til Guatemala. Etter at diktatoren Jorge Ubico blei styrta i 1944, gjekk Asturias inn i diplomatiet og blei året etter kulturattaché ved den guatemalske ambassaden i Mexico City og frå 1947 i Argentina. Han gav på denne tida ut fleire verk som ikkje kunne publiseras under diktaturet. Då regjeringa til president Jacobo Árbenz Guzmán blei styrta under eit kupp i 1954, trekte Asturias seg tilbake frå verva sine og gjekk i eksil i Argentina fram til 1962. Etter at det på ny blei halde frie val i Guatemala, blei han igjen diplomat for landet sitt og reiste til Paris som ambassadør.

Miguel Ánge Asturias er gravlagd på gravlunden Père Lachaise i Paris.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Asturias er ein representant for magisk realisme i latinamerikansk litteratur og bearbeidar mytene og legendene til dei heimlege indianske folka i verka sine. Han tek òg opp dei sosiale, politiske og økonomiske forholda i Latinamerika, dei negative verknadene av diktatura og USA sin rolle i denne regionen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "for his vivid literary achievement, deep-rooted in the national traits and traditions of Indian peoples of Latin America".
  2. Miguel Angel Asturias på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]