Naguib Mahfouz
Naguib Mahfouz | |
![]() | |
Verkeleg namn | نجيب محفوظ |
Fødd | 11. desember 1911 Kairo |
Død |
30. august 2006 (94 år) |
Yrke | romanforfattar, manusforfattar, omsetjar, skodespelforfattar, skribent, intellektuell, journalist, novelleforfattar, sjølvbiograf |
Språk | arabisk |
Sjanger | roman, novelle |
Ektefelle | Atiyatullah Ibrahim |
Naguib Mahfouz på Commons |
Nagib Mahfouz (11. desember 1911–30. august 2006) var ein egyptisk forfattar fødd i Kairo.
Mahfouz skreiv om lag 30 romanar og novellesamlingar, og er særleg kjend for Kairo-trilogien. Han vart i 1988 tildelt nobelprisen i litteratur som fyrste arabiskspråklege forfattar.
Han vart knivstukken i nakken i 1994 av ein islamistisk ekstremist, fordi han hadde portrettert Gud i ein av romanane sine. I etterkant av denne episoden fekk Mahfouz psykiske helseproblem.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
