V.S. Naipaul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
V.S. Naipaul
VS Naipaul 2016 Dhaka.jpg
V.S. Naipaul i Dhaka i 2016
Pseudonym V. S. Naipaul
Fødd 17. august 1932
Chaguanas
Død

11. august 2018
London

Yrke skribent, romanforfattar, journalist, essayist
Ektefelle Nadira Naipaul
V.S. Naipaul på Commons

Vidiadhar Surajprasad Naipaul (17. august 193211. august 2018)[1], meir kjend som V.S. Naipaul, var ein britisk forfattar og nobelprisvinnar. Naipaul vart fødd i ChaguanasTrinidad, då ein britisk koloni, i ein hindufamilie av indisk opphav. Han skreiv romanar og reiseskildringar.

Han vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2001[2] I 1990 vart han adla av dronning Elisabeth II av Storbritannia,[3] og mottok same året også Trinity Cross, den høgaste utmerkinga på Trinidad og Tobago.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Historisk fotografi av Port of Spain, frå mellom 1915 og 1920.

V.S. Naipaul, kjend som Vidia, blei fødd i 17. august 1932 i Chaguanas på vestkysten av Trinidad.[5] Han var det andre barnet til Droapatie (fødd Capildeo) og Seepersad Naipaul.[5] Besteforeldra hans hadde kome til Karibia frå India i 1880-åra for å bli landbruksarbeidarar.[6] Faren verka som journalist, og blei fast tilsett som Chaguanas-korrespondent for Trinidad Guardian same året som Vidia blei fødd.[7] Faren var interessert i skjønnlitteratur, og las høgt for dei frå verk som Julius Caesar, Nicholas Nickleby og Three Men in a Boat.[8]

I 1939, då Vidia var sju, flytta familien til hovudstaden på Trinidad, Port of Spain.[9][10] Naipaul blei elev ved Queen's Royal College, ein statleg skule som bygde på britiske privatskular og hadde eit godt omdøme.[11] Etter fullført skulegang vann Naipaul eit trinidadisk statsstipend som gjorde at han kunne studera ved ein institusjon for høgare utdanning i Det britiske samveldet; han valde Universitetet i Oxford.

Livet i England[endre | endre wikiteksten]

I Oxford blei Naipaul deprimert av sine eigne tidlege forsøk på å skriva. Han var einsam og usikker på eigne evner og retning i livet.[12] I april 1952 drog han på ein impulsiv tur til Spania, der han raskt brukte opp det han hadde av oppsparte middel.[13] Han omtalte turen som eit nervøst samanbrot.[14][15]

Før reisa var Naipaul blitt kjend med Patricia Ann Hale, den framtidige kona si, på eit college-skodespel. Med støtte frå Hale friskna han til og byrja gradvis å skriva att. Hale tok del i planlegginga av karrieren hans. Familien hennar var fiendtleg innstilt til forholdet; hans eigen var heller ikkje entusiastisk. Paret gjekk ut frå Oxford i juni 1953. Dette året døydde faren til Naipaul.[16]

Naipaul flytta til London i 1954. I januar 1955 gifta han seg med Patricia, eller Pat.

Litterær karriere[endre | endre wikiteksten]

Karibiske forteljingar[endre | endre wikiteksten]

I desember 1954 byrja Naipaul å opptre på BBC-programmet Caribbean Voices ein gong i veka. I frilansarromet til BBC i Langham Hotel i London skreiv han «Bogart», den første forteljinga i Miguel Street. Soga var inspirert av ein nabo han hadde kjend som barn i Port of Spain. Heile Miguel Street blei skriven i løpet av fem veker.

Forlagskonsulenten Diana Athill las Miguel Street og likte henne, men forleggjaren André Deutsch meinte at ei novellesamling av ein ukjend karibisk forfattar truleg ikkje kom til å selja godt i Storbritannia.[17] Han oppmoda Naipaul om å skriva ein roman i stadn.[17] Naipaul skeiv då ganske raskt The Mystic Masseur,[17] og fekk henne gjeven ut i 1955.

I 1956 vende Naipaul tilbake til Trinidad for å vera hjå familien i to månader. Under skipsreisa dit sende han humoristiske skisser av passasjerane til Pat.[18] Desse skissene blei utganspunkt for The Suffrage of Elvira, ein komisk kortroman om eit landleg val på Trinidad.[19] I 1957 fekk Naipaul sin første og einaste fulltidsjobb, som redaktørassistent ved Cement and Concrete Association (C&CA).[20] Arbeidsstaden inspirerte ein seinare roman, Mr Stone and the Knight's Companion.[20] På denne tida blei han også gjeven ein deltidsjobb som bokmeldar ved New Statesman av Kingsley Martin, ein jobb han hadde frå 1957 til 1961.[21]

The Mystic Masseur vann John Llewellyn Rhys Prize i 1958, medan Miguel Street vann Somerset Maugham Award i 1961. W. Somerset Maugham sjølv var nøgd med den første vinnaren av ikkje-europeisk opphav.[22]

Den neste romanen hans, A House for Mr Biswas (1961), var inspirert av Naipaul sine barndmsminne om faren.[23] I romanen tek tittelkarakteren Mohun Biswas for seg ei rekkje ulike yrke - han er lærling hjå ein hinduprest, blir skiltmålar, driv ein daglevarehandel og er reporter for The Trinidad Sentinel).[24] Ambisjonane hans blir stadig underminert av den mektige svigerfamilien hans og av kolonistyret han lever under.[24]

Reiseskildringar[endre | endre wikiteksten]

Dette var ei endringstid for heimstaden til Naipaul og for ei rekkje andre britiske koloniar. Etter lokale kampanjar fekk Trinidad og Tobago avgrensa sjølvstyre i 1958 og fullt sjølvstende i 1962.[25] Ei liknande utvikling fann stad i andre koloniar, som anten nyleg hadde fått eller var i ferd med å oppnå sjølvstende. Etter å ha fullført A House for Mr Biswas reiste Naipaul og kona rundt i Britisk Guiana, Surinam, Martinique og Jamaica i fem månader.[26][27] Her tok Naipaul notat til den første reiseskildringa si, The Middle Passage: Impressions of Five Societies – British, French and Dutch in the West Indies and South America.[26][28]

I 1962 reiste V.S. og Pat Naipaul til India, der Naipaul skreiv An Area of Darkness.[29][30] I landet familien hans stamma frå kjende Naipaul seg for første gong anonym. Den ansiktslause kjensla der han ikkje lenger blei plassert som tilhøyrande ei viss folkegruppe, som på Trinidad og i England, gjorde han nervøs.[31][32] Han var også opprørt over det han såg på som den oppgitte eller unnvikande indiske rekasjonen på fattigdom og liding.[33][34]

Under det eittårige India-opphaldet skreiv Naipaul også Mr Stone and the Knight's Companion, den einaste romanen hans som går føre seg i Storbritannia med innfødde britiske hovudpersonar. Han tok imot ein invitasjon til å skriva eit månadleg Letter from London for Illustrated Weekly of India.[35]

Tilbake i London, etter å ha skrive An Area of Darkness, kjende Naipaul seg kreativt uttømd.[36] Han følte at det trindidadiske stoffet hans var oppbrukt.[37] Heller ikkje India eller Mr Stone and the Knight's Companion hadde gjeve han nye idear for oppfinnsam skriving.[37] Ekteparet hadde dårlegare råd, og Pat byrja å undervisa att for å bidra til å forsørga dei.[36] Naipaul sine bøker hadde fått gode kritikkar, men ikkje seld så mykje at han tente godt på dei.[36]

På det sosiale nivået var Naipaul i ferd med å fjerna seg frå sirkelen rundt Caribbean Voices, men hadde ikkje enno fått innpass i det britiske samfunnet generelt.[38] Dette endra seg då han møtte Antonia Fraser, som på den tida var gift med den konservative politikaren Hugh Fraser.[39] Fraser introduserte Naipaul til sin sosiale sirkel i den britiske overklassen av politikarar, forfattarar og artistar.[39] Eit av dei nye kjennskapa, baron Glenconner som var far til forfattaren Emma Tennant og hadde eigedommar på Trinidad, arrangerte eit lån for Naipaul på 7 200 pund.[40] Dette gjorde at Naipaul og Pat kunne kjøpa eit tre-etasjars hus i Stockwell Park Crescent i Lambeth.[41]

I 1964 blei Naipaul beden om å skriva eit filmmanus til ein amerikansk film.[42] Han var nokre månader på Trinidad der han skreiv forteljinga, kortromanen A Flag on the Island som seinare blei gjeven ut i samlinga A Flag on the Island. Det fullførte manuset appellerte ikkje til regissøren, og filmen blei ikkje laga.[42] Forteljinga tek for seg ein amerikanar, Frankie, som vitjer ei karibisk øy i 1964 etter å ha vore der tidlegare, under andre verdskrigen.[43] Han utforsker minna sine der han hadde prøvd å hjelpa fattige øybuarar ved å gje frå forsyningane sine, men kjem fram til at det ikkje finst enkle løysingar på dei sosiale problema på øya.[44] Dette var eit tema Naipaul seinare kom til å venda tilbake til.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

Hovudbygningen til Makerere University.

Kort tid etter at han hadde fullført A Flag on the Island byrja Naipaul å arbeida på sin neste roman, The Mimic Men. Han sleit gjennom bortimot eit år utan å koma nokon særleg veg.[45] Ved slutten av denne perioden fekk han tilbod om å vera residerande forfattar ved Makerere University i Kampala i Uganda.[46] Der byrja han å skriva om romanen tidleg i 1966, og fullførte verket på kort tid.[47] Den fullførte romanen braut ny grunn for Naipaul.[47] Han skilde seg frå dei karibiske forteljingane hans ved at han ikkje var komisk.[48] Soga blei ikkje fortald kronologisk.[49] Språket var prega av allusjon og ironi.[50] Verket hadde både skjønnlitterære og sakprosa-eigenskapar, ein metode Naipaul seinare kom til å bruka i andre verk.[51] The Mimic Men, som er ei fiksjonell framstilling av karibisk politikk, fekk ei generelt positiv mottaking. Karibiske politikarar som Michael Manley og Eric Williams reagerte på henne, sistnemnde skreiv: «V. S. Naipaul's description of West Indians as 'mimic men' is harsh but true ...»[52]

Under afrikaopphaldet reiste Naipaul rundt i Uganda, der han mellom anna vitja Kisoro distrikt på grensa mot Rwanda og Kongo.[53] Han viste interesse for kulturen, historia og tradisjonane til bagandafolka i området.[53] Han og Pat vitja Mombasa i Kenya saman, der dei var i ein månad.[53] Naipaul drog også til Tanzania med ein ung amerikanar han var blitt ven med i Kampala, Paul Theroux.[54]

I oktober 1966 blei Naipaul beden av den amerikanske forleggjaren Little, Brown and Company om å skriva ei bok om Port-of-Spain.[55] Arbeidet med boka tok over to år, og fekk eit stadig utvida omfang. The Loss of El Dorado blei til slutt ei historie om Trinidad basert på primærkjelder. Pat brukte mange månader i arkiva til British Library for å finna desse kjeldene.[55] Det endelege resultatet var ikkje den reisehandboka forlaget hadde venta seg.[55] I staden gjekk Alfred A. Knopf med på å gje boka ut i USA, medan André Deutsch gav henne ut i Storbritannia.[55]

Naipaul hadde ei tid vore misnøgd med det politiske klimaet i Storbritannia.[56] Særleg plaga den aukande offentlege misnøya med asiatiske innvandrarar frå tidlegare britiske koloniar han.[56] Medan han skreiv på The Loss of El Dorado selde han og Pat huset sitt og levde eit omflakkande liv der dei leigde husvere eller lånte hus av venner. Etter at boka var fullført reiste dei til Trinidad og Canada på leit etter ein stad å slå seg ned.[57] Medan Naipaul hadde håpa å selja ei mengd bøker og ikkje li av pengenaud meir, blei det berre selt 3000 utgåver av boka i USA. I tillegg viste det seg at Naipaul sakna England meir enn han hadde rekna med. Paret vende derfor til slutt tilbake til Storbritannia.[57] Dei ende opp med ein liten leilegheit i London og eit meir landleg hus ved Salisbury.[58]

No skreiv Naipaul ei ny bok, In a Free State, som bygde på erfaringane hans frå Afrika. Tittelteksten er ein kortroman der to unge europearar reiser gjennom eit afrikansk land som ikkje er namngjeve, men kanskje kan vera Uganda, Kenya eller Rwanda.[59] Verket tek for seg den nye fridommen til desse landa og det politiske kaoset i den postkoloniale verda.[59] Det viser også motsetjingane mellom dei idealistiske, rotlause reisande og dei eldre europeiske nybyggjarane i landet. Sjølv om dei har liberale haldningar kan dei reisande likevel ha fordommar, medan dei usentimentale og tidvis brutale nybyggjarane også kan visa medynk.[60]

I desember 1971 reiste V.S. Naipaul og kona til Trinidad for å dekkja ei sak der aktivisten Michael X var skulda for drap på to medlemmer av kollektivet sitt i Arima.[61] Ekteparet hadde store vanskar på denne tida.[62] V.S. Naipaul var avhengig av Pat, men gjekk likevel ofte til prostituerte.[62] Han hadde stadig dårlegare humør og barnsleg oppførsel, og Pat fekk ei større moderleg rolle for han.[63] Ho byrja å skriva dagbok, noko ho kom til å fortsetja med i dei neste 25 åra.[62] Boka dokumenterer livet og arbeidet til V.S. Naipaul, og spegler rolla til Pat i forfattarskapen hans.[62]

Ronald Reagan på det republikanske landsmøtet i Dallas i 1984, som Naipaul dekka.

Naipaul vitja kollektivet i Arima og Pat følgde med på rettssaka. Ein gammal venn av Naipaul, Francis Wyndham, var no redaktør for The Sunday Times og ville trykka historia i avisa. Rundt same tid blei Naipaul beden av Robert B. Silvers, redaktørem av New York Review of Books, om å skriva nokre tekstar om Argentina og Eva Perón. På oppmoding frå Silvers dekkja Naipaul seinare også det republikanske landsmøtet i Dallas i 1984, som inspirerte han til å skriva «Among the Republicans», ein antropologisk studie av «ein kvit stamme i USA».[64][65]

Pat døydde i 1996. Same året gifta han seg med Nadira Khannum Alvi, ein kenyansk-pakistansk journalist.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Skjønnlitteratur

  • The Mystic Masseur (1957)
  • The Suffrage of Elvira (1958)
  • Miguel Street (1959, på norsk: Calypso, 1966)
  • A House for Mr Biswas (1961, på norsk: Et hus til mr. Biswas, 2002)
  • Mr. Stone and the Knights Companion (1963)
  • A Flag on the Island (1967)
  • The Mimic Men (1967)
  • In a Free State (1971, på norsk: I en fri stat, 1973)
  • Guerillas (1975, på norsk: Gerilja, 1976)
  • A Bend in the River (1979, på norsk: Der elva krummer seg, 1987)
  • Finding the Centre (1984)
  • The Enigma of Arrival (1987, på norsk: Ankomsts gåte, 1988)
  • A Way in the World (1994, på norsk: Golfo Triste, 1997)
  • Half a Life (2001, på norsk: Et halvt liv, 2002)
  • Magic Seeds (2004, på norsk: Magiske frø, 2006)

Anna

  • The Middle Passage: Impressions of Five Societies - British, French and Dutch in the West Indies and South America (1962)
  • An Area of Darkness (1964)
  • The Loss of El Dorado (1969)
  • The Overcrowded Barracoon and Other Articles (1972)
  • India: A Wounded Civilization (1977)
  • A Congo Diary (1980)
  • The Return of Eva Perón and the Killings in Trinidad (1980)
  • Among the Believers: An Islamic Journey (1981, på norsk: Blant de troende: en islamsk reise, 2001)
  • Finding the Centre (1984)
  • A Turn in the South (1989, på norsk: Reise i sørstatene, 1990)
  • India: A Million Mutinies Now (1990, på norsk: India: raseri og revolt, 1993)
  • Homeless by Choice (1992, med R. Jhabvala og S. Rushdie)
  • Bombay (1994, med Raghubir Singh)
  • Beyond Belief: Islamic Excursions among the Converted Peoples (1998, på norsk: Bortenfor troen: islamske ekskursjoner blant de konverterte folk, 1999)
  • Between Father and Son: Family Letters (1999, redigert av Gillon Aitken)
  • Literary Occasions: Essays (2003, av Pankaj Mishra)
  • A Writer's People: Ways of Looking and Feeling (2007)
  • The Masque of Africa (2010)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «V.S. Naipaul, Who Explored Colonialism Through Unsparing Books, Dies at 85». New York Times (engelsk). 11. august 2018. Henta 12. august 2018. 
  2. 2,0 2,1 «The Nobel Prize in Literature 2001». Nobelprisstiftelsens nettsider (engelsk). Nobelprisstiftinga. 6. juni 2013. Henta 6. juni 2013. 
  3. Dwight Garner (18. november 2008), «V. S. Naipaul, a Man Who Has Earned a Knighthood, a Nobel and Enemies Galore», The New York Times, http://www.nytimes.com/2008/11/19/books/19garn.html?rref=collection%2Ftimestopic%2FNaipaul%2C%20V.%20S.&action=click&contentCollection=timestopics&region=stream&module=stream_unit&version=latest&contentPlacement=7&pgtype=collection 
  4. 4,0 4,1 David Shaftel (18. mai 2008), Sunday Book Review. Letter From Trinidad. An Island Scorned, http://www.nytimes.com/2008/05/18/books/review/Shaftel-t.html 
  5. 5,0 5,1 Hayward 2002, s. 5.
  6. French 2008, s. 12.
  7. Hayward 2002, s. 7.
  8. French 2008, s. 36–37.
  9. French 2008, s. 30.
  10. French 2008, s. 32–33.
  11. French 2008, s. 40–41.
  12. French 2008, s. 90.
  13. French 2008, s. 92–93.
  14. French 2008, s. 93.
  15. Jussawalla 1997, s. 126.
  16. French 2008, s. 123.
  17. 17,0 17,1 17,2 French 2008, s. 155–156.
  18. French 2008, s. 161.
  19. French 2008, s. 171–172.
  20. 20,0 20,1 French 2008, s. 180–181.
  21. French 2008, s. 186–187.
  22. French 2008, s. 185.
  23. French 2008, s. 192.
  24. 24,0 24,1 French 2008, s. 193.
  25. «Railroad Map of Trinidad». World Digital Library. 1925. Henta 2013-10-25. 
  26. 26,0 26,1 French 2008, s. 201.
  27. French 2008, s. 201–202.
  28. Dooley 2006, s. 37.
  29. French 2008, s. 230.
  30. Dooley 2006, s. 44.
  31. French 2008, s. 215.
  32. Dooley 2006, s. 41–42.
  33. French 2008, s. 217.
  34. Dooley, s. 42–43.
  35. French 2008, s. 232–233.
  36. 36,0 36,1 36,2 French 2008, s. 239.
  37. 37,0 37,1 French 2008, s. 219–220.
  38. French 2008, s. 240.
  39. 39,0 39,1 French 2008, s. 241–242.
  40. French 2008, s. 243–244.
  41. French 2008, s. 244.
  42. 42,0 42,1 French 2008, s. 247.
  43. Dooley 2006, s. 57.
  44. Dooley 2006, s. 58.
  45. French 2008, s. 248.
  46. French 2008, s. 249.
  47. 47,0 47,1 French 2008, s. 250.
  48. Dooley 2008, s. 55.
  49. King 2003, s. 77–78.
  50. King 2003, s. 71.
  51. Dooley 2008, s. 54.
  52. French 2008, s. 257.
  53. 53,0 53,1 53,2 French 2008, s. 253.
  54. French 2008, s. 254.
  55. 55,0 55,1 55,2 55,3 French 2008, s. 258.
  56. 56,0 56,1 French 2008, s. 270.
  57. 57,0 57,1 King 2003, s. 84–85.
  58. Mel Gussow (16. september 1984), «V.S. NAIPAUL: 'IT IS OUT OF THIS VIOLENCE I'VE ALWAYS WRITTEN'», The New York Times 
  59. 59,0 59,1 King 2003, s. 91–92.
  60. King 2003, s. 88.
  61. French 2008, s. 295.
  62. 62,0 62,1 62,2 62,3 French 2008, s. 300–301.
  63. French 2008, s. 272.
  64. 032c.com. «ROBERT SILVERS: We Do What We Want». Henta 21. juli 2014. white tribe in the United States 
  65. V.S. Naipaul (25. oktober 1984), Among the Republicans, http://www.nybooks.com/articles/1984/10/25/among-the-republicans/ 
  66. London Gazette, nr. 51981, 29. desember 1989, s. 2.
Bøker

Singh, Bijender. (2018) ed. "V.S. Naipaul: A Critical Evaluation." New Delhi: Pacific Books International.

Artiklar