Hinduhøgtider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hinduistiske høgtider)
Menneskepyramide under gåkolastjmi, som markerer fødselsdagen til Krisjna.
Foto: Nichalp

Talet på hinduhøgtider er stort og ukjend. Det finst små høgtider som blir feira i ein enkelt landsby og store høgtider som blir markerte i heile den hinduiske verda. Dei gamle og sprikande tradisjonane bak hinduismen kan vera ein grunn; ein annan at hindukalenderen ikkje har kviledagar slik den jødiske, kristne og muslimske har. Dei mange høgtidene blir ein annan måte å skapa avbrekk i kvardagen på for hinduane.

Dei fleste større høgtidene finn stad mellom august og desember. Nokre høgtider blir ikkje feira kvart år, men sjeldnare, til dømes kvart tolvte år (Kumbh mela).

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Dassjera blir mellom anna feira til minne om korleis guden Rama vann over demonen Ravana, som her blir brend på eit bål.
Foto: Shakti

Høgtidene kan markera mytologiske eller daglegdagse hendingar, ofte begge delar. Dei kan til dømes minnast korleis ein asura (demon) blei overvunnen, eller vera ei årleg markering av innhaustinga. Årsgangen blir markert med nyttårsfeiringar og mindre festar til visse tider, til dømes ved nymåne, fullmåne, eller ganske enkelt byrjinga av ein ny månad.

Viktige livshendingar, som bryllaup, svangerskap, fødslar og overgangsrituale er private høgtider som blir grundig feira innan ein familie eller eit landsbyfellesskap.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Thaiposam til ære for Murugan blir markert med opptog og tilsynelatande pinefulle handlingar, som å festa kvasse krokar i kroppen.
Foto: June

Den religiøse markeringa av ei høgtid inneber som regel ein større eller mindre podja. Denne kan føregå heime ved eit husalter eller i større stil i eit tempel. Tenning av lys og utdeling av signande vatn, mat, blomar eller fargestoff er gjerne del av dette begge stader. Opptog høyrer med til mange høgtider.

Før feiringa tek til vil ein vaska seg og ofte ta på nye klede. God mat og musikk kan òg vera viktige delar av ei høgtideleg markering.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Dette er nokre hinduhøgtider, grovsorterte etter tidspunkt. Dei viktigaste har oransje bakgrunn.


Høgtid Grunn Kvar Kva tid
(hindukalenderen)
Kva tid
(den vestlege kalenderen)
Makar sankranti Nesten vintersolkverv Heile Nord- og Vest-India Sankranti-dagen i månaden makar Midten av januar
Lohri Nytt liv Punjab Nesten vintersolkverv Midten av januar
Pongal Nyttår Blant tamilar Overgangen mellommaargazhi og thai Frå desember til februar
Thaiposam Fødselsdagen til Murugan, då han fekk spydet sitt Blant tamilar Thai Januar/februar
Vasant pantsjami Fødselsdagen til Sarasvati Heile India Magha Januar/februar, òg feira i sept/okt
Mahasjivaratri Takksemd til Shiva Heile India, særleg Uttar Pradesh Phalguna Februar/mars
Holi Vårhøgtid Heile India Overgangen mellom phalguna og tsjaitra Mars
Hinduisk nyttår Nyttår i sjakakalenderen Heile India Byrjinga av tsjaitra Mars/april
Ugadi, gudi padwa Nyttår Vest-India Byrjinga av tsjaitra Mars/april
Bhogali bihu Vårhøgtid Aust-India Byrjinga av tsjaitra Mars/april
Ramanavami Dagen for Rama sin fødselsdag og giftarmål med Sita Heile India Tsjaitra Mars/april
Hanuman djayanti Fødselsdagen til Hanuman Heile India Fullmåne i tsjaitra Mars/april
Vat purnima Seremoni for å verna ektemenn Mahrashtra Djyesjtha Juli
Ganga dasjami Ganga kom til jorda Heile India Vaisakha Juni
Rath jatra Opptog med køyretøy for Djagannath Orissa, særleg Puri Asjadh Juli
Guru purnima Tilbeding av andelege leiarar til minne om vismannen Vyasa. Heile India Asjadh Juli/august
Nag pantsjami Slangehøgtid Over heile India Sjravana Juli/august
Varamahalaksjmi vrata Materiell lukke og familiefred Sør-India Fredag før fullmåne i sjravana sjukla August
Raksja bandhan Søskenkjærleik Heile India Fullmåne i sjravana August
Onam Hausttakkefest Blant malyaliar Tsjingam August/september
Krisjna-djanmasjtami Krisjna sin fødselsdag Heile India Slutten av bhadrapadha August/september
Ganesjotsav Fødselsdagen til Ganesja Vest- og Sør-India, særleg Maharashtra Bhadrapada August/september/oktober
Pitr-paksja/Mahalya paksja Rituale for daude Heile India Den mørke delen av asjvina September/oktober
Valmiki djayanti Fødselsdagen til vismannen Valmiki Heile India Fullmåne i asjvina September/oktober
Laksjmi podja/kodjagari Tilsynekomsten av Laksjmi Særleg Vest- og Nord-India Fullmåne i asjvina september/oktober
Dasjera/Vidjayadasjami Det gode si makt over det vonde, særleg Durga sine sigrar over demonar Heile India Asjvina September/oktober
Durga podja/Durgotsava Dyrking av Durga Bengal Asjvina eller kartika September/oktober
Karvatsjauth Gifte kvinner utfører ritual for å verna mennene sine Nord- og Vest-India Kartika Oktober/november
Dipavali/divali Det gode si makt over det vonde Alle hinduar Asjvajudja Oktober/november
Gita djayanti Årsdagen for bhagavadgita Heile India Margasirsja Desember/januar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]