The Endless River er det 15. studioalbumet til det britiske rockebandet Pink Floyd, utgjeve 7. november 2014. Det er produsert av David Gilmour, Martin Glover, Andy Jackson og Phil Manzanera og er det første studioalbumet til bandet på 20 år, etter The Division Bell frå 1994. Det er òg det første albumet til bandet etter klaverspelar og medlem Richard Wright døydde. Han medverkar på albumet, frå innspelingar gjort i 1993. Det er òg det tredje studioalbumet til bandet etter at Roger Waters forlét bandet i 1985.
Albumet er skildra som «svanesongen» til Wright, og er hovudsakleg eit instrumentalt album, som hovudsakleg består av ambient musikk. Albumet er basert på musikk som bandet spelte inn i lag med Wright under innspelinga av The Division Bell i 1994.
Etter at Roger Waters slutta i bandet 1985, og han prøvde å oppløyse bandet med søksmål,[13] leia gitaristen David Gilmour Pink Floyd i lag med trommeslagaren Nick Mason. Sjølv om klaverspelaren Richard Wright slutta i bandet etter The Wall-turneen, vart han invitert attende i bandet av Gilmour og Mason, då Waters forsvann ut. Han var eit fulltidsmedlem att i bandet under innspelinga av det fjortande studioalbumet deira, The Division Bell, som kom ut i 1994. Bandet spelte inn to studioalbum med Gilmour som frontmann, A Momentary Lapse of Reason i 1987 og The Division Bell i 1994.
Richard Wright spelte sidan inn Broken China i 1996, og assisterte David Gilmour med innspelinga av hans On an Island frå 2006, i tillegg til at han deltok på turneen til Gilmour etter dette albumet.
The Endless River er basert på innspelingar med den avdøde Richard Wright, ein av medlemmane som starta bandet og som døydde i 2008.
The Endless River er basert på materiale som opphavleg vart innspeling i 1993 og 1994 i samband med innspelinga av The Division Bell, som fann stad i Britannia Row Studios og ombord på Astoria, der Pink Floyd òg delvis spelte inn A Momentary Lapse of Reason og David Gilmour spelte inn On an Island. Materialet er av trommeslagaren Nick Mason skildra som ambient musikk, og var opphavleg meint å kome ut tidlegare med tittelen The Big Spliff.[14] Etter klaverspelaren Richard Wright døydde, gjekk både David Gilmour og Nick Mason attende til studio for å arbeide vidare med The Big Spliff, og inviterte musikarar og produsentar i studio for å arbeide med dei på eit nytt Pink Floyd-albumet The Endless River var opphavleg meint å vere eit instrumentalt album, men korvokalistar som Durga McBroom vart invitert inn i studio i desember 2013, og Gilmour syng solo på minst ein song på albumet,[15] med tekst skriven av Polly Samson.[16] McBroom sa om innspelingsprosessen:
«
Innspelinga starta under The Division Bell-innspelinga (og ja, det var sideprosjektet som opphavleg vart kalla The Big Spliff som Nick Mason snakka om), som er årsaka til at Richard Wright er med på det. Men David og Nick har gått inn og gjort mykje sidan den gong. Det var opphavleg meint å vere heilt instrumentalt, men eg kom inn sist desember og song på eit par songar. David bygde så vidare på korvokalen min og har sunge på minst ein av songane.[15]
»
Guy Pratt, som samarbeidde med Pink Floyd og Gilmour i mange år sidan 1987, og som er gift med dotter til Wright, Gala, spelte bassgitar på albumet. I tillegg er Roxy Music-gitaristen Phil Manzanera medprodusent på albumet. Manzanera var òg medverkande på A Momentary Lapse of Reason i 1987 og medprodusent på On an Island i 2006. Det er annonsert at det ikkje vil kome noko turné etter albumet.[17][18]
I november-utgåva av Uncut, avklarte Gilmour og Mason at berre ein liten del av The Big Spliff (skapt i lag med Andy Jackson) er med på den endelege plata, og ikkje noko i det heile tatt er henta frå Soundscape, som er eit bonusspor på kassettutgåva av konsertalbumet Pulse. Den endelege plata er basert på fire forskjellige stykke som kvar ta opp ei heil LP-side. Somme delar med Rick Wright frå 1969 er òg miksa inn.[19]
Albumet vart avslørt i ei Twitter-melding den 5. juli 2014 av kona til David Gilmour, Polly Samson.[20]The Endless River vart formelt annonsert av bandet den 7. juli via ei pressemelding på nettstaden deira.[21]
Den amerikanske skodespealeren og songaren Durga McBroom medverka på vokal. Ho har også medverka på The Division Bell og på fleire av Pink Floyds konserter. Ho hadde ei rolle i filmen Flashdance.
↑"Top Stranih [Top Foreign]" (På kroatisk). Top Foreign Albums. Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 20. juli 2019.
↑"Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201446 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 20. juli 2019.