Echoes: The Best of Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Echoes: The Best of Pink Floyd
Samlealbum av Pink Floyd
Utgjeve 5. november 2001
Innspelt 1967-1994
Sjanger Psykedelisk rock, progressiv rock
Lengd 151:11
Selskap EMI (Europa), Capitol (USA)
Produsent sjå individuelle album
Pink Floyd-kronologi
Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000) Echoes: The Best of Pink Floyd

Echoes: The Best of Pink Floyd er eit samlealbum av Pink Floyd gjeve ut 5. november 2001. Det nådde andreplass på den amerikanske Billboardlista, og nyleg har det seld over 3 millionar eksemplar berre i USA.

Dette var første gong songen «When the Tigers Broke Free» vart utgjeve på CD. Songen var med i filmen The Wall, og hamna seinare på ei ny utgåve av albumet The Final Cut.

Samlinga inneheld songar frå heile karrieren til Pink Floyd, frå deira første singel «Arnold Layne» i 1967 til «High Hopes» på albumet The Division Bell frå 1994. Albumet er ikkje sett opp kronologisk, og dei forskjellige songane glir over i kvarandre utan pause mellom. Årsaka til at det vart gjort på denne måten var for å skape ei kjensle av konseptalbum, som banda var kjend for å lage i midten av karrieren sin. Alle dei 26 spora var nymastra for denne samlinga.

Omslaget til plata inneheld mange kjende bilete knytte til Pink Floyd, inkludert bilete frå musikkvideoar, bilete frå plateomslag og singlar. På framsida kan ein sjå stuparen, forretningsmannen og sløret i vinden frå Wish You Were Here, roaren og innsjøen frå The Rower (ein film som vart vist under 1994-turnéen), ein porselensgris frå Animals og kua frå Atom Heart Mother, miniatyrhovud frå Division Bell, eit fly som refererer til «Learning to Fly» og eit bilete av øyret under vatn frå Meddle.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «Astronomy Domine» – 4:10 (frå The Piper at the Gates of Dawn)
  2. «See Emily Play» – 2:47 (singel frå 1967)
  3. «The Happiest Days of Our Lives» – 1:38 (frå The Wall)
  4. «Another Brick In The Wall (Part 2)» – 4:01 (frå The Wall)
  5. «Echoes» – 16:30 (forkorta) (frå Meddle)
  6. «Hey You» – 4:39 (frå The Wall)
  7. «Marooned» – 2:02 (forkorta) (frå The Division Bell)
  8. «The Great Gig in the Sky» – 4:39 (frå The Dark Side of the Moon)
  9. «Set the Controls for the Heart of the Sun» – 5:20 (frå A Saucerful of Secrets)
  10. «Money" – 6:29 (frå The Dark Side of the Moon)
  11. «Keep Talking» – 5:57 (frå The Division Bell)
  12. «Sheep» – 9:46 (forkorta) (frå Animals)
  13. «Sorrow» – 8:45 (frå A Momentary Lapse of Reason)

Disk 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Shine On You Crazy Diamond (Parts 1-7)» – 17:32 (forkorta) (frå Wish You Were Here)
  2. «Time» (med «Breathe (Reprise)») – 6:48 (frå The Dark Side of the Moon)
  3. «The Fletcher Memorial Home» – 4:07 (frå The Final Cut)
  4. «Comfortably Numb» – 6:53 (forlenga med «Bring the Boys Back Home» - frå The Wall)
  5. «When the Tigers Broke Free» – 3:42 (frå filmversjonen av The Wall)
  6. «One of These Days» – 5:14 (frå Meddle)
  7. «Us and Them» – 7:51 (frå Dark Side of the Moon)
  8. «Learning to Fly» – 4:50 (frå A Momentary Lapse of Reason)
  9. «Arnold Layne» – 2:52 (singel frå 1967)
  10. «Wish You Were Here» – 5:20 (frå Wish You Were Here)
  11. «Jugband Blues» – 2:56 (frå A Saucerful of Secrets)
  12. «High Hopes» – 6:59 (forkorta) (frå The Division Bell)
  13. «Bike» – 3:24 (frå The Piper at the Gates of Dawn)

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

I følgje produsent James Guthrie var følgjande songar vurdert for samleplata:

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med