Careful with That Axe, Eugene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Careful with That Axe, Eugene
Singel av Pink Floyd
A-side

Point Me at the Sky

Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 17. desember 1968
Innspelt 4. november 1968
Sjanger
Lengd 5:45 (singel)
8:49 (Ummagumma-versjonen)
Selskap Columbia (EMI) (Storbritannia)
Komponist David Gilmour, Nick Mason, Roger Waters, Richard Wright
Tekstforfattar ingen verdi
Låtskrivar(ar) David Gilmour
Roger Waters
Richard Wright
Nick Mason
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«Let There Be More Light»
(1968)
Careful with That Axe, Eugene «The Nile Song»
(1969)


«Careful with That Axe, Eugene» er ein instrumental av det britiske bandet Pink Floyd. Studioinnspelinga vart først gjeven ut som b-side til singelen «Point Me at the Sky». Denne versjonen finst òg på samlealbumet Relics, medan ei konsertutgåve finst på Ummagumma. Pink Floyd spelte inn songen på ny for filmen til den italienske regissøren Michelangelo Antonioni, Zabriskie Point, men vart då kalla «Come in Number 51, Your Time Is Up». Bandet speler òg songen i filmen Pink Floyd: Live at Pompeii.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Musikken består av ein lett, orgelbasert jam (med eit «egyptisk»-liknande orgel som var vanleg for Richard Wright i denne perioden) med bassgitar som stort sett speler ein tone (tonen D) i oktavar, og ein overgang i songen med den einaste tekstlinja der tittelen på songen vert kviskra på ein truande måte. Dette vert følgd av eit Roger Waters-skriv, som i «Candy and a Currant Bun». Skriket dukka òg seinare opp i andre songar, som «Run Like Hell», byrjinga av «Another Brick in the Wall Part 2» og «Two Suns in the Sunset». Songen vert så meir høgrøysta og intense før han gradvis roar seg ned att. I dei tyngre partia, og dei seinare rolegare partia, kan ein høyre David Gilmour med gitar og scat-vokal. På konsertutgåvene song Gilmour ofte i lag med gitarmelodien.

For innspelinga for Zabriskie Point, «Come In Number 51, Your Time Is Up», vart det lagt til kviskring og eit kor. David Gilmour og Roger Waters song vokalen, og skriket til Waters er langt meir høglydt. I motsetnad til den originale «Careful with That Axe, Eugene», inneheld ikkje «Come in Number 51, Your Time Is Up» dei talte orda «Careful with that axe, Eugene», og går i e-moll, i staden for d-moll. I filmen, vert han spelt under ein eksplosjonsscene, filma i sakte film. I heftet som følgde nyutgjevinga av filmmusikken skriv David Fricke: «'Come In Number 51, Your Time Is Up' er ei nyinnspeling med krytpisk tittel av den vulkanske B-sida til Floyd frå 1968, 'Careful With That Axe, Eugene.' Med dei brølande gitarane, larmande trommene og dødskamp-skriket utfyller musikken perfekt den katastrofale avslutninga på filmen.» «Come in Number 51; you're time is up» er ei linje frå Beatles-filmen A Hard Day's Night. Ringo har vandra rundt i London aleine, og roper dette til nokre kanopadlarar i ein kanal.

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd spelte songen på nesten alle konsertane sine frå 1968 til 1973 og ein gong i 1977. Ei tidleg utgåve vart spelt så tidleg som 23. mai 1968 (fanga på lydband i The Paradiso i Amsterdam) med den originale tittelen «Keep Smiling People», og ein annan versjon vart spelt inn 25. juni 1968 i BBC Piccadilly Studios og sendt på John Peel sitt Top Gear den 11. august 1968 med tittelen «Murderotic Woman»[3].

I løpet av turneen i 1969 vart han spelt som «Beset by Creatures of the Deep», som ein del av The Man and the Journey. Frå hausten 1969 til august 1971 vart han ofte spelt som ein medley i lag med «Green is the Colour».

I løpet av Europaturneen seint i 1972 vart songen ofte spelt med høglydt (og stort sett utydeleg) piktisk skråling før songtittelen vart nemnd og skriket følgde. Eit særleg kjend døme er framføringa av songen i desember 1972 i Zürich og konserten deira den 15. november 1972 i Tyskland.

Siste gong «Careful with That Axe, Eugene» vart spelt som ein del av den faste konsertlista var 22. juni 1974 i Colmar, som ein del av ein fransk turne. Songen vart spelt ein siste gong i Oakland i California, den 9. mai 1977, som ekstranummer. På denne utgåva nytta Richard Wright ein mini-Moog i staden for Farfisaorgelet han hadde nytta tidlegare. Snowy White, turnegitaristen til bandet på denne tida, vart overtalt til å spele med på songen trass i at han aldri hadde høyrt songen før.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

«Careful with That Axe, Eugene» vart ofte framført under forskjellige titlar og lengd. Fram til utgjevinga av The Early Years 1965–1972 fanst berre tre offisielle utgjevinga av songen, i tillegg til mange på piratkopiplater. «Careful with That Axe, Eugene» har kome ut på følgjande utgjevingar

Berre lyd:

  • «Point Me at the Sky», B-side til singelen (5:46)
  • Relics, singelversjonen (5:46)
  • Ummagumma, konsertopptak (8:50)
  • Zabriskie Point, ei omarbeiding for filmen kalla «Come in Number 51, Your Time Is Up» (5:01)
  • The Early Years 1965–1972 – forskjellige versjonar
    • Volume 2 – 1968: Germin/ation, singelversjonen (5:46) og eit BBC-opptak kalla «Murderotic Woman» (3:38)
    • Volume 3 – 1969: Dramatis/ation, konsertopptak frå ei BBC-innspeling (3:21), 'Live at the Paradiso' (10:09) og som ein del av The Man and The Journey kalla «Beset by Creatures of the Deep» (6:27)
    • Volume 4 – 1970: Devi/ation, konsertopptak frå ei BBC-innspeling (8:25) og ei omarbeiding for Zabriskie Point kalla «Explosion» (5:47)
    • Volume 6 – 1972: Obfusc/ation, på CD-en Live at Pompeii. To versjonar finst på denne CD-en - orignalen (som sett i filmen) (6:45) og ein annan kalla «Careful with That Axe, Eugene (alternate version)» (6:06).
  • Creation – The Early Years 1967–1972, ei dobbel utgåve med høgdepunkt frå plateboksen. Spora som er med er singelversjonen (5:46) og eit BBC-opptak (3:28).

Video:

  • The Dark Side of the Moon immersion box set, 'Live in Brighton 1972' (7:43)
  • The Early Years 1965–1972 – forskjellige versjonar
    • Volume 3 – 1969: Dramatis/ation, The Man and The Journey: Royal Festival Hall, London, rehearsal kalla «Beset by Creatures of the Deep»; Essencer Pop & Blues Festival og Music Power & European Music Revolution, Festival Actuel Amougies Mont de L'Enclus
    • Volume 4 – 1970: Devi/ation, An Hour with Pink Floyd: KQED (9:09) og Pop Deux Festival de St. Tropez (12:21)
    • Volume 5 – 1971: Reverber/ation, Get To Know’ Randwick Race Course
    • Volume 6 – 1972: Obfusc/ation, Pink Floyd: Live at Pompeii (6:40) og Live at Brighton Dome
    • Volume 7 – 1967–1972: Continu/ation, The Amsterdam Rock Circus

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Coverversjonar og referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart nytta i BBC-dokumentaren The Ascent of Man i 1972 under ein jaktscene.
  • I The Damned-songen «Nasty» der Dave Vanian syng «Careful with that axe you meanie». Nick Mason hadde produsert det andre albumet deira, Music for Pleasure.
  • Songtittelen er eit av nivåa i dataspelet Revenge of the Mutant Camels frå 1984, utvikla og gjeven ut av Llamasoft.
  • Songen vert òg nemnd av Half Man Half Biscuit på albumet deira Back in the DHSS. I «Time Flies By (When You're The Driver Of A Train)», vert Eugene beden om å vere «careful with that spliff» (spliff er slang for joint).
  • Phish referer til «Careful with that Axe, Eugene» på konsertplata Slip Stitch and Pass under «Mike's Song» frå 1997.
  • Tittelen vert referert til i teksten til Dream Theater-songen «Octavarium» frå albumet med same namn.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The 50 Greatest Pink Floyd Songs: Critic's Picks». billboard.com. Henta 9. april 2018. 
  2. Di Pena, Alan (2002). «Mysterius Ways». Guitar World Presents Pink Floyd (1st utg.). London: Alan di Pena. s. 13. ISBN 1-84353-575-0. 
  3. Hodges, Nick og Priston, Ian (1999); Embryo: A Pink Floyd Chronology 1966-1971; Cherry Red Books, s. 126.