Remember a Day

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Remember a Day
Singel av Pink Floyd
frå albumet A Saucerful of Secrets
A-side

Let There Be More Light

Språk engelsk
Utgjeve 19. august 1968 (USA)
Innspelt 9. mai og oktober 1967
Studio De Lane Lea Studios i London
Sjanger
Lengd 2:40 (singel)
4:33 (album)
Selskap Tower
Komponist Richard Wright
Tekstforfattar Richard Wright
Låtskrivar(ar) Rick Wright
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«It Would Be So Nice»
(1968)
Remember a Day «Point Me at the Sky»
(1968)


«Remember a Day» er ein song av det engelske rockebandet Pink Floyd, skriven og sungen av klaverspelaren Rick Wright, og gjeven ut på det andre albumet deira, A Saucerful of Secrets (1968).[1][2] Han vart berre framført på ein Pink Floyd-konsert ein gong, som eit ekstranummer i mai 1968. Han vart òg spelt av David Gilmour i september 2008 til minne om Wright, som nettopp var død av kreft og av Nick Mason under Saucerful of Secrets-turneen hans. Den drøymande, poetiske teksten handlar om nostalgien for eit tapt barndomsparadis.[3]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven og sungen av Wright og innspelinga skjedde i to vender. Den første innspelinga var i mai 967 då vokalen, pianoet og Farfisaorgelet til Wright var spelt inn og ei anna innspeling i oktober 1967 der Syd Barrett sin akustiske gitar og slidegitar, i tillegg til bass og trommer, vart spelte inn i De Lane Lea Studios i London. Same dagen spelte dei inn «Jugband Blues».[4]

Andrew King som var manager til Pink Floyd på den tida sa: «Eg hugsar De Lane Lea... me gjorde 'Vegetable Man' der... og 'Remember a Day', som Syd spelar ein gitarsolo på.»

I 1968 skreiv Barrett: «Eg var sjølvlærd og den einaste gruppa mi var Pink Floyd. Eg var ikkje med på 'Corporal Clegg', men spelte på ein annan song skriven av Richard Wright. Eg hugsar ikkje tittelen, men han hadde ein steelgitar i bakgrunnen. Det har vore komplikasjonar kring LP-en, men det er nesten ferdig no og bør kome ut på EMI i løpet av få månader. Eg driv stort sett på å skrive songar no for tida.»

Under innspelinga av songen vart trommisen Nick Mason irritert over at han ikkje klarte å finne riktig trommestil. Produsenten Norman Smith visste derimot kva han ville med trommene, så hans spelte dei sjølv.[5]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Hide from your little brother's gun
Dream yourself away
Why can't we reach the sun
Why can't we blow the years away

Rick Wright (1968)

Ein sjeldan amerikansk singel (Tower 440) inneheld redigerte monoversjonar av denne songen og songen som kjem før på albumet, «Let There Be More Light». Denne singelen kom aldri ut i Storbritannia, men var ikkje meint å vere ein singel der før han vart erstatta av «Apples and Oranges».[6]

Ein instrumental versjon av studioversjonen av songen vart nytta i filmen med same namn, Remember a Day.[7]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei negativ melding av A Saucerful of Secrets, skreiv Jim Miller i Rolling Stone at «Remember a Day» var «harmlaus, men har ein heller ynkeleg flaskehals-gitar, annanrangs piano og ein hol, akustisk gitar.»[8] Miller skildra vidare tromminga (til Norman Smith) som «masande og kraftlaus.»[8]

Framføring i 2008[endre | endre wikiteksten]

23. september 2008 framførte David Gilmour songen på Later... with Jools HollandBBC Two som ei hyllest til Rick Wright, som var død åtte dagar tidlegare. I eit intervju seinare i showet sa Gilmour at Wright hadde planar om å spele songen med han den dagen, men hadde sendt Gilmour ein SMS eit par veker før han døydde om at han ikkje var frisk nok til å bli med. Dette var første gongen songen vart framført av nokon i Pink Floyd sidan 1968. Gilmour hadde med seg Phil Manzanera, Guy Pratt, Jon Carin og Steve DiStanislao.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  2. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
  3. Palacios, Julian (2010). «Vegetable Man». Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 285. ISBN 0859654311. 
  4. Jones, Malcolm (2003). «The Making of The Madcap Laughs» (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 25. 
  5. Blake, Mark. Comfortably Numb: The Inside Story of Pink Floyd. Thunder's Mouth Press, 2008, s. 117.
  6. Jones, Malcolm (2003). «The Making of The Madcap Laughs» (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 23. 
  7. «Pink Floyd news :: Brain Damage - Remember A Day (with rare Pink Floyd instrumental)». Brain Damage. Henta 13. juni 2019. 
  8. 8,0 8,1 Miller, Jim (26. oktober 1968). «A Saucerful of Secrets». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. april 2014. Henta 13. juni 2019.