Pulse av Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå PULSE)
Hopp til navigering Hopp til søk
Pulse
Konsertalbum av Pink Floyd
Utgjeve 29. mai 1995
Innspelt 17. august–29. oktober 1994
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:27:59
Selskap EMI (Europa) Columbia (andre stader)
Produsent
Pink Floyd-kronologi
The Division Bell
(1994)
Pulse London '66–'67
(1995)


Singlar frå Pulse
  1. «Wish You Were Here (Live)»
    Utgjeve: 20. juli 1995
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Pulse (skrive p·u·l·s·e) er eit konsertalbum av det engelske rockebandet Pink Floyd. Det kom ut 29. mai 1995 på EMI i Storbritannia og 6. juni 1995 på Columbia i USA.[3]Albumet vart spelt inn under Division Bell-turnéen deira i 1994 frå dei europeiske konsertane som varte frå juli til oktober 1994.

10. juli 2006 kom det ein dobbel DVD av konserten frå Earls Court Exhibition Centre i London i 1994.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbumet inneheld ei framføring av heile albumet The Dark Side of the Moon og kjem med ei lita bok med mange bilete frå turnén. Den inneheld òg songen «Astronomy Domine», ein Syd Barrett-song som ikkje hadde vore framførd sidan tidleg på 1970-talet. Songen vart spelt for å hylle den tidlegare frontfiguren.

I motsenad til Delicate Sound of Thunder vart det ikkje spelt inn ekstra musikkspor i studio for å pynte på resultatet. Enkelte stader vart derimot gitarsoloar og vers klippa ut frå ein versjon av ein song, og inn i ein annan, sidan dei fleste konsertane i Europa vart tatt opp på band.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

I USA deburterte P*U*L*S*E på første plass på den amerikanske Billboardlista og selde raskt til dobbel platina (2 mill. eksemplar) i løpet av juli 1995.

Kassettutgåva hadde med to bonusspor: «One of These Days» og eit 22 minutt langt stykke med lydar som vart spelt før konsertane i 1994. Vinylutgåva kom i ein boks med 4 LPar, og inkluderte òg «One of These Days» i tillegg til ei stor utgåve av boka med bilete. Filmversjonen innahaldt òg «Take It Back» og songane er i ei anna rekkfølgje og tatt frå forskjellige framføringar.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Tidlege CD-utgåver kom med ein blinkande, raud lysdiode på sida av boksen, som blinka i same takt som hjarteslaga i byrjinga av The Dark Side of the Moon. Det vart sagt at lyset hadde nok batteri til å blinke i 18 månadar, men visstnok skal nokon framleis blinke. Seinare CD-utgåver hadde ikkje det blinkande lyset.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD-utgåve[endre | endre wikiteksten]

Plate 1
# TittelMusikkSolovokal Lengd
1. «Shine On You Crazy Diamond, Parts I-V, VII» (20. oktober 1994, Earls Court, London)David Gilmour 13:35
2. «Astronomy Domine» (15. oktober 1994, Earls Court, London)Syd Barrett
  • Gilmour
  • Wright
4:20
3. «What Do You Want From Me» (21. september 1994, Cinecittà, Roma)
Gilmour 4:10
4. «Learning to Fly» (14. oktober 1994, Earls Court, London)Gilmour 5:16
5. «Keep Talking» (17. august 1994, Niedersachsenstadion, Hannover)
  • Gilmour
  • Wright
  • Samson
Gilmour 6:52
6. «Coming Back to Life» (13. oktober 1994, Earls Court, London)GilmourGilmour 6:56
7. «Hey You» (13, 15. oktober 1994, Earls Court, London)WatersGilmour, Jon Carin (doubling Gilmour) 4:40
8. «A Great Day for Freedom» (19. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Samson
Gilmour 4:30
9. «Sorrow» (20. september 1994, Cinecittà, Roma)GilmourGilmour 10:49
10. «High Hopes» (14, 19, 20, 21, 29. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Samson
Gilmour 7:52
11. «Another Brick in the Wall, Part II» (21. oktober 1994, Earls Court, London)Waters
7:08
1:15:50
Plate to
# TittelMusikkSolovokal Lengd
1. «Speak to Me» (20. september 1994, Cinecittà, Roma)Nick MasonInstrumental 2:30
2. «Breathe (In the Air)» (20. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Waters
  • Wright
  • Gilmour
2:33
3. «On the Run» (20. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Waters
Instrumental 3:48
4. «Time / Breathe (Reprise)» (17. september 1994, Festa de l'Unità, Modena; 20. september 1994, Cinecittà, Rome; 20. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Waters
  • Wright
  • Mason
  • Gilmour
  • Wright
6:47
5. «The Great Gig in the Sky» (20. oktober 1994, Earls Court, London)
5:52
6. «Money» (17. september 1994, Festa de l'Unità, Modena; 20. oktober 1994, Earls Court, London)WatersGilmour 8:54
7. «Us and Them» (19, 20. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Waters
  • Wright
Gilmour 6:58
8. «Any Colour You Like» (19, 23. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Wright
  • Mason
Instrumental 3:21
9. «Brain Damage» (19. oktober 1994, Earls Court, London)WatersGilmour 3:46
10. «Eclipse» (19. oktober 1994, Earls Court, London)WatersGilmour 2:38
11. «Wish You Were Here» (20. september 1994, Cinecittà, Roma)
  • Gilmour
  • Waters
Gilmour 6:35
12. «Comfortably Numb» (20. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Waters
  • Wright
  • Gilmour
9:29
13. «Run Like Hell» (15. oktober 1994, Earls Court, London)
  • Gilmour
  • Waters
  • Gilmour
  • Pratt (unisont med Gilmour)
8:36
1:11:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Andre medverkande
  • Guy Pratt – bass, korvokal, felles solovokal på «Run Like Hell»
  • Jon Carin – klaverinstrument, korvokal, felles solovokal på «Hey You»
  • Sam Brown – korvokal, første vokalist på «The Great Gig in the Sky»
  • Durga McBroom – korvokal, andre vokalist på «The Great Gig in the Sky»
  • Claudia Fontaine – korvokal, tredje vokalist på «The Great Gig in the Sky»
  • Tim Renwick – gitar, korvokal
  • Dick Parry – saksofon
  • Gary Wallis – perkusjon

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Australske album (ARIA)[4] 1
Austerrikske album (Ö3 Austria)[5] 1
Belgiske album (Ultratop Flandern)[6] 1
Belgiske album (Ultratop Vallonia)[7] 2
Canada Top Albums/CDs (RPM)[8] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[9] 1
Finske album (Suomen virallinen lista)[10] 11
Franske album (SNEP)[11] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[12] 1
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[13] 1
Norske album (VG-lista)[14] 1
Spanske album (AFYVE)[15] 5
Svenske album (Sverigetopplistan)[16] 2
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[17] 1
Britiske album (OCC)[18] 1
US Billboard 200[19] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Den tyske albumlista[20] 18

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[21] Gull 30 000x
Austerrike (IFPI Austerrike)[22] Platina 50 000x
Belgia (BEA)[23] Gull 25 000*
Canada (Music Canada)[24] 3× Platina 300 000^
Frankrike (SNEP)[25] Platina 300 000*
Tyskland (BVMI)[26] Platina 500 000^
Italia (FIMI)[27] Gull 50 000*
Nederland (NVPI)[28] Gull 50 000^
Polen(ZPAV)[29] Platina 100 000*
Sveits(IFPI Switzerland)[30] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[31] Platina 300 000^
USA (RIAA)[32] 2× Platina 1 000 000^
Oppsummering
Europa (IFPI)[33] Platina 1 000 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Volkswagen[endre | endre wikiteksten]

Turnéen vart sponsa i Europa av Volkswagen, som og laga ein eigen versjon av bilen Golf Pink Floyd. Bilen vart gjeve i premie ved kvar konsert. Bilen var ein standard Golf med ein Pink Floyd-logo og svært godt stereoanlegg. I tillegg hadde han den mest miljøvennlege motoren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas (2011). «Pulse – Pink Floyd | AllMusic». allmusic.com. Henta 18. juli 2019. 
  2. O'Connor, Rob (2011). «Pulse by Pink Floyd | Rolling Stone Music | Music Reviews». rollingstone.com. Henta 18. juli 2019. 
  3. «esounds». EMI. Henta 8. juli 2007. 
  4. "Pink Floyd – P.U.L.S.E.". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  5. "Pink Floyd - P.U.L.S.E." (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  6. "Pink Floyd – P.U.L.S.E." (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  7. "Pink Floyd – P.U.L.S.E." (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  8. "Top RPM Albums: Nummer 9196". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 9. juli 2019.
  9. "Pink Floyd – P.U.L.S.E.". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  10. "Pink Floyd: P.U.L.S.E." (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 9. juli 2019.
  11. "Pink Floyd – P.U.L.S.E.". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  12. "Offiziellecharts.de – Pink Floyd – P.U.L.S.E." (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2019.
  13. "Pink Floyd – P.U.L.S.E.". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  14. "Pink Floyd – P.U.L.S.E.". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  15. «Hits of the World – Spain». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. 24. juni 1995. s. 52. Henta 18. februar 2018. 
  16. "Pink Floyd – P.U.L.S.E.". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  17. "Pink Floyd – P.U.L.S.E.". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 9. juli 2019.
  18. "Pink Floyd | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 9. juli 2019.
  19. "Pink Floyd Album & Song Chart History" Billboard 200 for Pink Floyd. Prometheus Global Media. Henta 9. juli 2019.
  20. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 13. august 2018. 
  21. «Gold & Platinum Certifications». CAPIF (på spansk). Arkivert frå originalen 6. juli 2011. 
  22. «Austrian album salstrofé – Pink Floyd – Pulse» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 10. januar 2013.  Enter Pink Floyd in the field Interpret. Enter Pulse in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  23. «Ultratop − Goud en Platina – 1995». Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. juli 2019. 
  24. «Canadian album salstrofé – Pink Floyd – P.U.L.S.E.». Music Canada. Henta 10. januar 2013. 
  25. «French album salstrofé – Pink Floyd – Pulse» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 10. januar 2013. 
  26. «Gold-/Platin-Datenbank (Pink Floyd; 'Pulse')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 10. januar 2013. 
  27. «Italian album salstrofé – Pink Floyd – Pulse» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 10. januar 2015.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Pink Floyd in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  28. «Dutch album salstrofé – Pink Floyd – Pulse» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. Henta 17. juli 2019. 
  29. «Polish album salstrofé – Pink Floyd – Pulse» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). Henta 10. januar 2013. 
  30. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Pink Floyd; 'P.u.l.s.e.')». Hung Medien. Henta 10. januar 2013. 
  31. «British album salstrofé – Pink Floyd – Pulse». British Phonographic Industry. Henta 27. august 2016.  Enter Pulse in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  32. «American album salstrofé – Pink Floyd – Pulse». Recording Industry Association of America. Henta 28. januar 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  33. «IFPI Platinum Europe Awards – 1996». International Federation of the Phonographic Industry. Henta 10. januar 2013.