Lozère
Lozère | |
---|---|
Våpenskjoldet til Lozère | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 48 |
Region: | Languedoc-Roussillon |
Préfecture: | Mende |
Sous-préfectures: | Florac |
Arrondissement: | 2 |
Kantonar: | 13 |
Kommunar: | 152 |
Président du conseil général: | Sophie Pantel |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 100. |
-1999 | 73 509 |
Folketettleik: | 14/km² |
Landareal¹: | 5 164 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Lozère (oksitansk Losera) er eit departementet søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Languedoc-Roussillon nær Massif Central.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ardèche er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna av den tidlegare franske provinsen Languedoc.
Beistet i Gévaudan var eit udyr som terroriserte området i den tidlegare provinsen Gévaudan, som i dag ligg i Lozère i Margeridefjella, omkring 1764-1767.
Osten i Lozère vart hylla i Plinus den eldre sin Naturalis Historia.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Lozère er ein del av regionen Languedoc-Roussillon og er omringa av departementa Cantal, Haute-Loire, Ardèche, Gard og Aveyron.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringane i departementet er jordbruk og turisme. Departementet har den lågaste arbeidsløysa i Frankrike.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert kalla lozériens, og Lozère er det departementet i Frankrike med lågast innbyggjartal, omkring 75 000.
Den låge folketettleiken (14 innbyggjarar/km²) kjem av dårleg jordsmonn i regionen og fråflyttinga frå distrikta til byane, særleg i perioden 1850-1910.
I seinare år har folketalet i departementet auka litt, sidan ein meiner ein har god livskvalitet her. Folkesetnaden er derimot eldre her enn gjennomsnittet for heile nasjonen.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Av turistaktivitetar finn ein holeutforsking, og forskjellige typar sport som skigåing eller kajakkroing. Lozère inneheld ein del av nasjonalparken Parc National des Cévennes. Lozère vert rekna som eit av dei beste områda i Frankrike for aurefiske, særleg i elvar som Lot, Tarn og Truyère.