«Pourquoi-Pas?»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pouquoi Pas-1.jpg
«Pourquoi-Pas?», skipet som tente Charcot på den siste ekspedisjonen hans i Antarktis. Skisse ved Museum d'Histoire Naturelle
Karriere (Frankrike) French Navy Ensign
Verft: François Gautier i Saint Malo
Kjølhalt: 1907
Sjøsett: 1908
Lagnad: Forliste den 16. september 1936
Generelle mål
Deplasement: 445 tonn
Lengd: 40 m
Breidd: 9,2 m
Draft: 4,3 m
Framdrift:

Segl

motor på 450 hk
Fart: 7,5 knop
Kapasitet: 5 vitskapsfolk
Mannskap: 35 men

«Pouquoi-Pas?» IV (Kvifor ikkje?) var ein tremasta bark som vart bygd til den franske legen og utforskaren Jean-Baptiste Charcot og Den andre franske antarktisekspedisjonen hans i 1908–1910. Seinare vart skipa nytta på ei rekkje vitskaplege ekspedisjonar, hovudsakleg i arktiske strøk. Charcot omkom då skipet forliste den 16. september 1936 på veg frå Reykjavik til St. Malo.

Ruta til «Pourquoi-Pas?» i Antarktis 1908–1910.
Skalamodell av «Pourquoi-Pas?» ved oseanografimuseet i Monaco.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha gjennomført ein ekspedisjon til Antarktis 1903–1905, byrja Charcot i 1907 å planleggje ein ny ekspedisjon. Ekspedisjonsskipet vart bygt i St. Malo av François Gautier og vart utstyrt med blant anna hjelpemotor, tre laboratorium og bibliotek. Frå 1908 til 1910 gjennomførde Charcot ein ekspedisjon til vestsida av Antarktishalvøya med overvintring på Petermann Island. Skipet vendte attende til Frankrike i 1910 lasta med vitskaplege prøvar. Ekspedisjonen hadde fullført kartlegging av Aleksanderøya og gjort fleire geografiske oppdaginga.[1]

I 1912 vart «Pourquoi-Pas?» det første skuleskipet til den franske marinen. Frå 1918 til 1925 gjennomførde Charcot ei rekkje vitskaplege reiser til Nordatlanteren, Den engelske kanalen, Middelhavet og Færøyane, hovudsakleg for å studere petrologi og geologi i havdjupet ved hjelp av tråling.

Frå 1925 og utover fortsette Charcot å leie ekspedisjonar med «Pourquoi Pas?» i arktiske strøk, men han hadde ikkje lenger kommandoen over skipet. I 1926 utforska han austkysten av Grønland og førte tilbake mange fossil og prøver av insekt og flora.

I 1928 sette «Pourquoi-Pas?» ut for å leite etter det franske sjøflyet «Latham 47» med Roald Amundsen om bord, som sjølv var på leting etter italienaren Umberto Nobile som ingen hadde høyrt frå under forsøket på å krysse Nordpolen i luftskipet «Italia».

I 1934 utstyrde Charcot «Pourquoi-Pas?» for ein etnografisk studie på Grønland, leia av Paul-Émile Victor som var eit år i Angmagssalik saman med inuittfolket. Året etter vende Charcot tilbake med skipet for å oppsøkja Victor og følgjet hans, og byrja å kartleggje regionen. Den 16. september same år slapp skipet så vidt unna eit kraftig lågtrykk som herja kysten av Island.

Den 13. september 1936 kom «Pourquoi-Pas?» fram til Reykjavik for å bunkre etter å ha levert vitskapleg utstyr til Victors ekspedisjon. Skipet gjekk vidare mot St. Malo to dagar seinare, med den 16. september kom skipet ut for ein storm og gjekk på eit rev utanfor Mýrar ved Álftanes på vestkysten av Island. 23 menn gjekk ned med skipet, og ytterlegare 17 omkom før hjelpa nådde fram. Den einaste som overlevde var rormannen Eugène Gonidec. Den 69 år gamle Charcot var blant dei omkomne.

Pourquoi Pas Point og Pourquoi Pas Island vart seinare kalla opp etter skipet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert K. Headland (2009) A Chronology of Antarctic exploration, s. 250 – Quaritch. ISBN 978-0-9550852-8-4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]