Scotia-ekspedisjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekspedisjonsskipet «Scotia» i isen ved Laurie Island i Sør-Orknøyane, 1903–04
Foto: William Speirs Bruce

Scotia-ekspedisjonen (Scottish National Antarctic Expedition, SNAE) 1902–04 var ein ekspedisjon til Antarktis, organisert og leia av den skotske naturforskeren William Speirs Bruce. Sjølv om ekspedisjonen vart overskygga av den prestisjefylte Discovery-ekspedisjonen under leiing av Robert F. Scott, gjennomførde Scotia-ekspedisjonen eit omfattande program med utforsking og vitskapleg arbeid. Den første meteorologiske stasjonen i Antarktis vart etablert, og det vart oppdaga nytt land austom Weddellhavet. Den store samlinga med biologiske og geologiske prøver førde saman med prøver frå dei tidlegare reisene til Bruce til etableringa av Scottish Oceanographical Laboratory i 1906.

Bruce hadde vore mesteparten av 1890-åra på ekspedisjonar til Antarktis og Arktis, og i 1899 var han den mest erfarne polarforskaren i Storbritannia. I mars same år søkte han å få delta på Discovery-ekspedisjonen. Forslaga hans om å utvide verkeområdet til ekspedisjonen til å dekke Weddellhavet med eit eige skip vart likevel avslått som «vondsinna rivalisering» av presidenten i Royal Geographical Society (RGS), Clements Markham. Som ein konsekvens vart Scotia-ekspedisjonen etablert som eit sjølvstendig, privat finansiert føretak.

Ekspedisjonen har vorte skildra som «den desidert mest kostnadseffektive og nøye planlagde vitskaplege ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen for antarktisutforsking».[1] Bruce fekk likevel ingen formell heider eller heider frå det britiske parlamentet, og ekspedisjonsmedlemmane vart trass i iherdig lobbyverksemd ikkje tildelt den prestisjefylte Polarmedaljen. Bruce leia ikkje fleire ekspedisjonar til Antarktis etter Scotia-ekspedisjonen, men han gjennomførde ei rekkje undersøkingar i arktiske strøk. Fokuseringa hans på grundig vitskapleg utforsking var ikkje lenger i tida, og i motsetnad til føretaka til Scott, Shackleton og Amundsen, mista resultata hans snart interessa til ålmenta. Det permanente minnet om Scotia-ekspedisjonen er Orcadas vêrstasjon som vart sett opp i 1903 på Laurie Island i Sør-Orknøyane og som har vore i kontinuerleg drift sidan.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonsleiaren William S. Bruce

Som medisinstudent etablerte Bruce kunnskapen sin om naturvitskap og oseanografi ved å ta sommarkurs med anerkjende lærarar som Patrick Geddes og John Arthur Thomson. Han jobba òg som frivillig for oseanografen John Murray og hjelpte til med å klassifisere prøver samla inn under Challengerekspedisjonen.[2] I 1892 gav Bruce opp medisinstudiane og mønstra på ei ferd til Antarktis med «Balaena» som ein del av Dundee-ekspedisjonen 1892–93.[3] På heimreisa byrja han å planleggje ein ekspedisjon til Sør-Georgia, men han lukkast ikkje med å skaffe finansiering. Deretter jobba han ved ein meteorologisk stasjon på toppen av Ben Nevis,[4] før han vart med som vitskapleg assistent på Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen 1894–97 til Frans Josefs land.[5] Mellom 1897 og 1899 gjennomførde han ytterlegare turar til Arktis – til Spitsbergen og Novaja Semlja – først på ein privat ekspedisjon leia av major Andrew Coats, seinare som vitskapsmann på forskingsfartøyet «Princess Alice». Dette skipa var ått av Albert I av Monaco, ein anerkjend oseanograf som vart ein ven og støttespelar av Bruce.[6]

Etter tilbakekomsten frå Arktis i 1899 sende Bruce eit langt brev til Royal Geographical Society (RGS) i London, der han søkte om ei vitskapleg stilling i den store antarktisekspedisjonen selskapet planla, seinare kjent som Discovery-ekspedisjonen.[7] Hans nyvunne røynsler gjorde det «lite truleg at det fanst andre personar på dei britiske øyane som var betre kvalifisert».[7] Brevet til Bruce skildra dei relevante røynslene hans i detalj. Det vart stadfesta motteke, men ikkje svara skikkeleg før det hadde godt over eitt år. Innan den tida hadde ambisjonane til Bruce overstige den opphavlege forventninga hans om ei underordna stilling i den vitskaplege staben. No foreslo han eit skip nummer to for ekspedisjonen, finansiert med skotske midlar, som kunne arbeide i Weddellhav-kvadranten medan hovudskipet var basert i Rosshavet. Dette forslaget vart avvist som «vondsinna rivalisering» av presidenten i Royal Geographical Society, Clements Markham. Etter ein oppheta korrespondanse avgjorde Bruce å fortsetje uavhengig av RGS.[8] Slik vart ideen om ein særskilt nasjonal skotsk antarktisekspedisjon født. Bruce vart støtta av den velståande Coats-familien[n 1] Som eit resultat hadde han likevel skaffa seg eit livslangt fiendskap med Markham.[1]

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Det skotske andreaskrossen, symbolet til ekspedisjonen

«Scotia»[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1901 kjøpte Bruce den norske kvalfangstskuta «Hekla» for £2 620.[10] I løpet av dei neste månadene vart skipet fullstendig ombygd til eit antarktisk forskingsfartøy med to laboratorium, mørkerom og omfattande spesialutstyr. To store roterande spolar, kvar med 6 000 famner (11 000 meter) kabel, vart installert på dekket for å kunne gjennomføre djupvasstråling etter marine prøvar. Utstyr for å gjere djupnemålingar vart installert, i tillegg til utstyr for å samle inn prøver frå sjøbotnen og for meteorologiske og magnetiske observasjonar.[11] Skroget vart kraftig forsterka for å kunne motstå trykket frå den antarktiske isen, og skuta vart rigga om til ein bark med hjelpemaskinar. Dette arbeidet auka kostnadene for skipet til £16 700, som vart betalt av Coats-familien. Familien donerte til saman £30 000 av ekspedisjonen sin totale finansieringsbehov på £36 000.[10] Under det nye namnet var «Scotia» klår for sjøtesting i august 1902.[10]

Personell[endre | endre wikiteksten]

Den vitskaplege besetninga til ekspedisjonen bestod av seks personar, inkludert Bruce. Zoolog var David Wilton, som i likskap med Bruce hadde delteke på Jackson-Harmsworth-ekspedisjonen. Han hadde tileigna seg dugleik på ski og med hundekjøring gjennom fleire års opphald i Nord-Russland. Robert Rudmose Brown frå University of Dundee, tidlegare assistent i botanikkavdelinga ved British Museum, var botanikar i gruppa. Dr. James Harvie Pirie, som hadde arbeidt med Challenger-ekspedisjonen under John Murray, var geolog, bakteriolog og ekspedisjonslege. Robert Mossman leia meteorologi- og magnetismestudia, medan medisinstudenten Alastair Ross var taksidermist.[12]

Bruce valde ut Thomas Robertson som kaptein på «Scotia». Robertson hadde røynsle både frå Antarktis og Arktis, blant anna som kaptein på «Active» under Dundee-ekspedisjonen.[13] Resten av offiserar og mannskap, til saman 25 personar, var skottar. Dei hadde inngått treårskontraktar, og mange hadde røynsle frå ishavsfangst.[n 2]

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Målsetningane med ekspedisjonen vart publisert i Scottish Geographical Magazine og i Geographical Journal (utgjeve av RGS) i oktober 1902. Desse omfatta opprettinga av ein vinterbase «så nær Sørpolen som praktisk mogleg»,[14] djupvass- og anna forsking i Sørishavet, og systematiske meteorologiske observasjonar og studium, geologi, biologi, topografi og geofysikk.[14] Det skotske preget på ekspedisjonen kom klårt til uttrykk i The Scotsman kort tid før reise: «Leiaren og alle vitskapsmenn og sjømenn på ekspedisjonen er skottar; finansieringa har i all hovudsak vorte samla inn på denne sida av grensa; det er eit produkt av frivillig innsats; og i motsetnad til ekspedisjonen som vil bli gjennomført samstundes i utforskinga av Antarktis, står han ikkje i gjeld til staten.»[15]

Ekspedisjon[endre | endre wikiteksten]

Første ferda 1902–03[endre | endre wikiteksten]

«Scotia» seglte frå Troon i Skottland den 2. november 1902. På reisa sørover hadde ho stoppa i den irske hamna Dún Laoghaire,[n 3] i FunchalMadeira og på Kapp Verdeøyane,[16] før det vart gjennomført eit mislukka forsøk på å gå i land på den vesle, isolerte øygruppa St. Peter- og St. Paul-øyane nær ekvator. Forsøket var nær ved å koste geologen og skipslegen James Harvie Pirie livet, då han feilrekna avstanden til land og hoppa i det hairike havet i eit forsøk på å kome i land.[17][18] Den 6. januar 1903 nådde «Scotia» Port StanleyFalklandsøyane, der forsyningar vart etterfylt før ho seglte vidare til Antarktis.[19]

Den 26. januar 1903 sette «Scotia» segl mot antarktiske farvatn. Ekspedisjonen møtte tung pakkis 40 kilometer nord for Sør-Orknøyane den 3. februar, og dei streva med å manøvrere seg vidare.[20] Dagen etter var likevel «Scotia» i stand til å ta seg vidare sørover. Ei lita gruppe vart sett i land på Saddle Island, der ei stor mengd biologiske og geologiske prøver vart samla inn.[20] Istilhøva hindra vidare framdrift før 10. februar, då «Scotia» fortsette sørover, «lensande framover i sju knop under segl».[20] en Den 17. februar var posisjonen 64°18'S, og fem dagar seinare passerte dei den 70. breiddegraden langt inne i Weddellhavet. Kort tid seinare tørna Robertson nordover igjen etter å ha nådd 70°25'S, då ny sjøis danna seg og truga skipet.[20]

Då dei ikkje hadde lukkast med å finne land, måtte ekspedisjonen finn ein overvintringsstad. Denne avgjersla hasta sidan sjøen var i ferd med å fryse til, og skipet kunne bli sperra inne i isen. Bruce valte å setje kursen tilbake mot Sør-Orknøyane og freiste å finne ein ankerplass der.[21] Jamført med det uttalte målet om å overvintre så langt sør som mogleg, låg Sør-Orknøyane meir enn 3 200 kilometer frå Sørpolen, men den nordlege plasseringa hadde fordelar. Den relativt korte perioden skipa ville liggje innefrose ville gje meir tid til tråling og mudring på våren.[21] I tillegg låg øygruppa høveleg til for etablering av ein meteorologisk stasjon – den relative nærleiken til det søramerikanske fastlandet opna høva for permanent bemanning.[22]

«Omond House»

Det kravde éin månad med strevsam seglas før «Scotia» nådde Sør-Orknøyane. Etter fleire mislukka forsøk på å lokalisere ein høvelig ankerplass, og med roret alvorleg skadd av is, fann dei til slutt ei skjerma bukt på sørsida av Laurie Island, den austlegaste øya i øygruppa. Den 25. mars var skipa forsvarleg oppankra nokre hundre meter frå stranda, klår for å bli innefrose.[23] Ho vart klargjort for å tene som vinterkvarter: maskinane vart demontert, dampkjelane tømt og eit segldukstak vart strekt over dekk.[24] Deretter fekk Bruce sett i gang eit omfattande vitskapleg program som omfatta meteorologiske observasjonar, tråling etter havprøver, botaniske ekskursjonar og innsamling av biologiske og geologiske prøver.[25] Den største oppgåva som vart gjennomført i denne perioden var bygginga av ei steinhytte, døypt «Omond House» etter Robert Omond, direktør for Edinburgh Observatory som var ein av ekspedisjonen sin støttespelarar.[26] Denne skulle tene som husly for dei som skulle bli att på Laurie Island for å tene den planlagde meteorologiske stasjonen. Bygningen vart tørrmura av lokal stein; til tak vart det nytta trestokkar dekt med seglduk. Den ferdige hytta målte seks gonger seks meter, hadde to vindauge, og vart utrusta for seks personar. Rudmose Brown skreiv: «Med omsyn på at me ikkje hadde mørtel og murarverktøy, er det eit vedunderleg flott hus, og veldig solid. Eg vil difor tru at det vil bli ståande i hundre år ...»[27]

Mannskapet klarte i all hovudsak å halde seg ved god helse. Unntaket var skipsmaskinisten, Allan Ramsay, som hadde fått hjarteproblem på Falklandsøyane under utreisa. Han valde å følgje med ekspedisjonen vidare, men vart stadig dårlegare då vinteren skrei fram. Han døydde den 6. august og vart gravlagt på øya.[28]

Aktivitetsnivået auka då vinteren gjekk over til vår. Det vart gjort mange utfartar med hundesledar,[29] òg til dei omkringliggande øyane. Ei trehytte vart bygd for magnetiske observasjonar, og det vart sett opp ein ni fot høg varde der unionsflagget og det skotske flagget vaia side om side på toppen.[28] «Scotia» vart gjort sjøklar igjen, men var isfast gjennom september og oktober; det var ikkje før 23. november sterk vind braut opp isen i bukta og frigjorde ekspedisjonsskipet. Fire dagar seinare reiste ho mot Port Stanley, og etterlét ei gruppe på seks under Robert Mossman si leiing på Laurie Island.[28]

Buenos Aires, 1903–04[endre | endre wikiteksten]

Kart over Laurie Island som viser plasseringa til forskingsstasjonen Orcadas.

Den 2. desember nådde ekspedisjonen Port Stanley og fekk dei første meldingane frå omverda. Etter ei vekes kvile seglte «Scotia» vidare til Buenos Aires for å bli reparert og utrusta for ein ny sesong. Bruce hadde ytterlegare eitt ærend i byen: han ville freiste å overtale dei argentinske styresmaktene til å overta ansvaret for den meteorologiske stasjonen på Laurie Island etter at ekspedisjonen hadde reist.[30] Under overfarten til Buenos Aires gjekk «Scotia» på grunn i munningen av Río de la Plata og stod på grunn i fleire dagar før ho kom seg laus på julaftan, og ein taubåt fekk buksert henne til hamn.[31]

«Scotia» låg i dokk i fire veker, og i mellomtida forhandla Bruce og dei argentinske styresmaktene om framtida til vêrstasjonen. Bruce vart assistert av den britiske sendemannen, den britiske konsulen og dr. W.G. Davis, direktør for det argentinske meteorologiske kontoret. Det britiske utanriksdepartementet hadde ingen ting imot planen.[30] Den 20. januar 1904 stadfesta Bruce at det var inngått ei avtale om at tre vitskaplege assistentar frå dei argentinske styresmaktene skulle reise til Laurie Island og arbeide i eitt år under Robert Mossman – i første omgangen på åremål. Deretter overleverte han formelt Omond House med inventar og utrustning og alle magnetiske og meteorologiske instrument til argentinarane. [30] Stasjonen vart omdøypt Base Orcadas og har vore i kontinuerleg drift sidan. Han har gjennomgått ei rekkje ombyggingar og utvidingar.

Ei rekkje av dei opphavlege ekspedisjonsmedlemmane mønstra av i Buenos Aires – nokre på grunn av sjukdom og éin på grunn av tenesteforsømming. Erstatningar vart rekruttert lokalt. «Scotia» forlét den argentinske hovudstaden 21. januar og nådde Laurie Island 14. februar. Ei veke seinare, då besetninga som skulle opphalde seg på Orcadas til dei vart henta av den argentinske kanonbåten «Uruguay» var kome i orden, sette «Scotia» segl for sin andre turen til Weddellhavet.[32]

Andre ferd, 1904[endre | endre wikiteksten]

Kysten av Coats Land, oppdaga av SNAE i mars 1904. Fotografi frå 1915, teke under Shackletons Endurance-ekspedisjon.

«Scotia» seglte søraustover i roleg vêr med retning mot den austre delen av Weddellhavet. Dei trefte ikkje på pakkisen før dei hadde passert polarsirkelen,[33] og dei fortsette greitt fram til 3. mars då tett pakkis stoppa skipet ved 72°18’S, 17°59’V. Ei djupnemåling vart gjort og viste eit havdjup på 1131 famnar (2068 meter) – under halvparten av tidlegare generelle målingar.[34] Dette tydde at dei nærma seg land. Nokre timar seinare nådde dei ein isbarriere som blokkerte vidare framdrift mot søraust. I løpet av dei neste dagane følgde dei iskanten sørover i 240 kilometer. Ei ny djupnemåling fire kilometer frå iskanten viste berre 159 famnar (291 meter), ein sterk indikasjon på at det fann seg land innanfor iskanten.[34] Konturane av dette landet kom snart svakt til syne, og Bruce kalla det Coats Land etter hovudsponsorane sine.[34] Dette var den første klåre indikasjonen på den austlege grensa til det indre av Weddellhavet, og tydde på at sjøområdet var vesentleg mindre enn ein tidlegare hadde trudd.[35][n 4] Ei planlagd ilandstiging med eit sledeparti vart skrinlagt på grunn av tilstanden på sjøisen.[36]

Kerr spelar sekkepipe for ein pingvin 25. mars 1904

Den 9. mars 1904 nådde «Scotia» den sørlegaste breidda si, 74°01’S. Her var skipet fastskrudd i isen, og utsiktene til å bli innesperra for vinteren melde seg. Det var i denne perioden med inaktivitet at sekkepipe-blåsaren Gilbert Kerr vart fotografert medan han spelte for ein pingvin.[34] Likevel lausna isen sitt grep om skipet den 13. mars, og «Scotia» byrja å røre seg sakte mot nordaust ved hjelp av dampmaskina.[37] På denne delen av sjøreisa gav det regulære programmet med djupnemålingar, tråling og innsamling av botnprøver ein omfattande dokumentasjon på oseanografien og det marine livet i Weddellhavet.[38]

«Scotia» sette kursen mot Cape Town via ei rute som tok henne til Gough Island, ei isolert midtatlantisk vulkanøy som aldri tidlegare hadde vorte studert av vitskapsmenn. Den 21. april var Bruce og fem andre i land på øya og samla inn prøver.[39] Skipet fortsette deretter til Cape Town, der ho kom fram 6. mai. Etter å ha utført ytterlegare undersøkingar i Saldanha Bay, seglte «Scotia» heimover 24. mai via St. Helena og Ascension.

Heimkomst og etterspel[endre | endre wikiteksten]

Ekspedisjonen fekk ein varm velkomst då han kom fram til Clyde den 21. juli 1904.[40] Ei offisiell mottaking med 400 gjester vart halde, der John Murray las opp eit telegram med gratulasjonar frå Edward VII.[40] Bruce fekk Royal Scottish Geographical Society sin gullmedalje, medan kaptein Robertson fekk sølvmedaljen..[41]

Eit viktig resultat av ekspedisjonen var katalogiseringa av over 1100 dyrearter, der 212 av desse til då var ukjende.[42] Det kom likevel ingen offisiell heider frå London, der Markhams innverknad medverka til at arbeida til ekspedisjonen vart oversett eller rakka ned på.[43] Deltakarane fekk ikkje den prestisjefylte Polar Medal, som hadde vorte skjenkt til medlemmar av Discovery-ekspedisjonen som vende heim to månader etter «Scotia». Polarmedaljen vart òg utdelt i samband med Ernest Shackleton sine ekspedisjonar, og dessutan Douglas Mawson sin ekspedisjon. Bruce kjempa i årevis for å rette opp det han meinte var ein grov urett, ei krenking av landet og ekspedisjonen hans, men til ingen nytte.[44][n 5] Noko av motvilja som det etablerte miljøet i London viste, kan ha vore eit svar på den ope skotske nasjonalismen Bruce stod for, og som han viste i forordet han skreiv til Rudmore Browns ekspedisjonsskildringa: «Medan vitskap var amuletten til ekspedisjonen, pryda Skottland flagget deira; og det kan hende at i strevet etter å tene mennesket ved å leggje eit ledd til vitskapen sin gullkjede, at vi har vist at nasjonen Skottland er ei makt ein må rekne med.»[46] [n 6]

Gough Island vart vitja av SNAE i 1904 på returen fra Weddellhavet.
Foto: Stephen Chown

Eit viktig resultat av Scotia-ekspedisjonen, var Scottish Oceanographical Laboratory som Bruce etablerte i Edinburgh i 1906. Den offisielle opninga vart gjort av fyrst Albert av Monaco.[47] Laboratoriet tente fleire funksjonar: som oppbevaringsstad for den store samlinga biologiske, zoologiske og geologiske prøver som hadde hopa seg opp i løpet av ekspedisjonen til «Scotia» og under dei tidlegare ekspedisjonane til Bruce i Arktis og Antarktis, dinest som ein base for utarbeiding av vitskaplege rapportar frå Scotia-ekspedisjonen, og ikkje minst som eit samlingspunkt der polarforskarar kunne møtast – både Nansen, Amundsen og Shackleton vitja laboratoriet – og nye, skotske polarbragder vart planlagd og organisert.[47] Bruce kom likevel ikkje til å leie fleire antarktisekspedisjonar, og planane hans om ein kryssing av det antarktiske kontinentet vart skrinlagt på grunn av manglande økonomisk støtte. Han fortsette likevel å oppsøkja arktiske område i både vitskapleg og kommersiell samanheng.

Det tok fleire år å fullføre dei vitskaplege rapportane frå SNAE. Dei fleste vart publisert mellom 1907 og 1920, men eitt bind vart ikkje utgjeve før i 1992.[47] Eit forslag om å gjere om laboratoriet til eit permanent nasjonalt skotsk institutt for oseanografi førde ikkje fram, og på grunn av pengeproblem vart Bruce tvinga til å stenge laboratoriet i 1919.[47] Han døydde to år seinare, berre 54 år gammal.[48]

På dette tidspunktet hadde Scotia-ekspedisjonen nærast gått i gløymeboka, sjølv i Skottland, og han hadde vorte fullstendig overskygga i polarhistoria av dei glorifiserte føretaka til Scott og Shackleton.[1] I polarlitteraturen er ekspedisjonen til Bruce vanlegvis redusert til ei kort omtale eller fotnote, og med lita merksemd rundt kva han oppnådde.[n 7] Bruce mangla personleg utstråling, hadde ikkje teft for PR-verksemd («... så stikkete som den skotske tistelen» ifølgje ein gammal ven[1]), og hadde ein tendens til å skaffe seg mektige uvenner.[1] Likevel gjennomførde ekspedisjonen hans «eit meir omfattande program enn nokre tidlegare eller samtidige Antarktis ekspedisjonar» ifølgje oseanografen Tony Rice.[1][n 8]

Ekspedisjonsskipet «Scotia» vart rekvirert under første verdskrigen og vart nytta som lasteskip. Den 18. januar 1916 tok ho fyr og brann ut på ein sandbanke i Bristolkanalen. [50] Havområdet nord for Antarktishalvøya og Sør-Orknøyane vart i 1932 namngjeven Scotiahavet etter «Scotia».[51]

Ei moderne utgåve av «Scotia»-ekspedisjonen nytta i 2003 informasjon samla av SNAE som grunnlag for å undersøkja klimaendringane på Sør-Georgia i løpet av det siste hundreåret. Denne ekspedisjonen slo fast at bidraga deira til den internasjonale debatten omkring global oppvarming var eit verdig testament over SNAEs pionerarbeid.

Notar og referansar[endre | endre wikiteksten]

Notar
  1. Den velståande Coats-familien var involvert i tekstilindustrien i Glasgow som trådprodusentar. Han hadde finansiert Coats Observatory i Paisley.[9]
  2. Sjå Speak, s. 77–78 for ei komplett liste over offiserer og mannskap.
  3. Dun Laoghaire var dengang kjent under det britiske namnet sitt, Kingstown.
  4. At det fanst land i dette området vart seinare stadfesta av ekspedisjonane til Wilhelm Filchner (1911–13) og Ernest Shackleton (1914–17)
  5. I 1906 innstifta Bruce sin eigen sølvmedalje som han æra mannskapet på ekspedisjonen med.[45]
  6. «While Science was the talisman of the Expedition, Scotland was emblazoned on its flag; and it may be that, in endeavouring to serve humanity by adding another link to the golden chain of science, we have also shown that the nationality of Scotland is a power that must be reckoned with».
  7. Eit typisk døme finst i Elspeth Huxley sin biografi om Robert F. Scott frå 1977: «Det var ekspedisjonen til Bruce som snart skulle segle med «Scotia»» til Weddellhavet; denne vart òg fast i sjøisen og vendte heim utan å nå land».[49]
  8. Forfattar av Deep Ocean, Naturhistorisk museum, London 2000, ISBN 0 56509 1506)
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Speak, s. 14–15
  2. Speak, s. 24–25
  3. Speak, s. 31–34
  4. Speak, s. 42–45
  5. Speak, s. 46–51
  6. Speak, s. 52–58
  7. 7,0 7,1 Speak, s. 69–70
  8. Speak, s. 71–74
  9. Goodlad, seksjon 5: Voyage of the Scotia - Planning and financing the expedition
  10. 10,0 10,1 10,2 Speak, s. 75–76
  11. Rudmose Brown, s. 7–9
  12. Rudmose Brown, s. 10–11
  13. Speak, s. 29
  14. 14,0 14,1 Speak, s. 79
  15. Speak, s. 80
  16. Rudmose Brown, s. 15–20
  17. Rudmose Brown, s. 20–21
  18. Goodlad, seksjon 5: Voyage of the Scotia: The voyage south
  19. Rudmose Brown, s. 24
  20. 20,0 20,1 20,2 20,3 Rudmose Brown, s. 28–33
  21. 21,0 21,1 Rudmose Brown, s. 34
  22. Rudmose Brown, s. 57
  23. Rudmose Brown, s. 36–37
  24. Rudmose Brown, s. 45
  25. Rudmose Brown, s. 46–50
  26. Voyage of the Scotia 1902–04: The hut known as Omond House on Laurie Island in the South Orkney Islands, 1902-04 Glasgow Digital Library
  27. Speak, s. 85
  28. 28,0 28,1 28,2 Speak, s. 88–89
  29. Rudmose Brown, s. 76
  30. 30,0 30,1 30,2 Speak, s. 90–92
  31. Rudmose Brown, s. 96–98
  32. Rudmose Brown, s. 105
  33. Rudmose Brown, s. 118–20
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 Rudmose Brown, s. 120–123
  35. Rudmose Brown, s. 121
  36. Speak, s. 93
  37. Rudmose Brown, s. 122
  38. Rudmose Brown, s. 123–26
  39. Rudmose Brown, s. 132–34
  40. 40,0 40,1 Speak, s. 95
  41. Speak, s. 9
  42. William Speirs Bruce, 1867-1821, Polar explorer and oceanographer: Biography. Navigational Aids for the History of Science, Technology & the Environment. Vitja 28. januar 2011.
  43. Speak, s. 123
  44. Speak, s. 125–31
  45. Speak, s. 126–27
  46. Rudmose Brown, s. xiii
  47. 47,0 47,1 47,2 47,3 Speak, s. 97–101
  48. Speak, s. 133
  49. Huxley, s. 52
  50. Erskin, A B and Kjaer, K-G (2005). «The Polar Ship Scotia». Polar Record (Cambridge University Press) 41 (2): 131–140. 
  51. Encyclopedia Britannica.com (besøkt 3. februar 2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]