10cc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
10cc
Opphav Stockport, England
Sjanger Rock, pop, softrock
Aktive år 19721995 (2004–)
Plateselskap Mercury Records
Tidlegare medlemmer
Graham Gouldman
Eric Stewart
Kevin Godley
Lol Creme
Paul Burgess
Rick Fenn
Stuart Tosh
Duncan Mackay

10cc er eit britisk rockeband som vart grunnlagt i Stockport i Manchester i 1972 av songar og bassist Graham Gouldman samt gitarist og låtskrivar Eric Stewart. Desse vart etter kort tid etterfølgd av trommeslager Kevin Godley og tangentspelar Lol Creme.

Gouldman hadde tidlegare vore medlem av gruppa The Mockingbirds, medan Stewart kom frå Wayne Fontana and the Mindbenders. Bandet var innom mange musikksjangrar, men med hovudvekt på melodiske songar og ofte med humoristiske tekster.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gruppa fekk gjennombrotet sitt i England i 1972 med parodisongen «Donna», som kort tid etter vart etterfølgd av singlane «Rubber Bullets» og «The Dean and I». 10cc slo igjennom hos musikkritikarane i 1974 med albumet Sheet Music og bandet var her delt i ei harmonisk likevekt ved at Godley og Creme stod for dei progressive idéane, medan Stewart og Gouldman var meir tradisjonelt vinkla.

10cc fekk sitt definitive internasjonale gjennombrot i 1975 då dei gav ut albumet The Original Soundtrack med songen «I'm Not in Love», som vart ein av dei største hittane til bandet. Trass i at denne låten enda opp som nummer to på singellistene i USA klarte ikkje bandet å etablere seg der, noko som førte til usemje blant bandmedlemmene. Songe gjorde derfor at publikum fekk forventningar om korleis bandet skulle høyrast ut, medan Godley og Creme med sine progressive og eksperimentelle synspunkt ville halde fram å utvikle nye retningar for bandet. Desse to forlet derfor 10cc rett etter How Dare You i 1976 for å gjennomføre eigne prosjekt.

Stewart og Gouldman bestemte seg elles for å halde fram i bandet og tok etter kvart kontakt med både Paul Burgess og Stuart Tosh på trommer, Rick Fenn på gitar samt Tony O'Malley på tangentar. Sistnemnde vart seinare erstatta av Duncan Mackay. 10cc vart meir populære for kvart album og hitsinglar som «The Things We Do For Love» og «Dreadlock Holiday», men etter at Eric Stewart vart involvert i ei bilulukke i 1979 gjekk det nedover med bandet både kommersielt og kunstnerisk, noko som til slutt gjorde at bandet gjekk inn i ein stillstand utover hausten 1983.

På grunn av ei storsatsing på slutten av 1980-talet av plateselskapet Polygram, som baserte seg på samlealbumkonseptet, så fekk bandet ein lukrativ kontrakt som dei til slutt takka ja til. Stewart og Gouldman vart gjenforeint, medan Godley og Creme stilte opp som gjesteartistar. Resultatet vart albumet Meanwhile som kom ut i 1992, men som fekk lunken mottaking av kritikarane. Etter at albumet Mirror Mirror frå 1995 òg skuffa reint salsmessig, så braut Stewart og Gouldman samarbeidet med kvarandre. Sidan 2004 har Gouldman turnert under namnet 10cc sjølv, med hjelp av mellom anna Rick Fenn og Paul Burgess.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1973 – 10cc
  • 1974 – Sheet Music
  • 1975 – 100cc
  • 1975 – The Original Soundtrack
  • 1976 – How dare you?
  • 1977 – Live and Let Live
  • 1977 – Deceptive Bends
  • 1978 – Bloody Tourists
  • 1980 – Look Hear?
  • 1981 – 10 Out of 10
  • 1983 – Window In The Jungle
  • 1992 – ...Meanwhile
  • 1995 – Mirror Mirror

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]