Billy Sherwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Billy Sherwood

Billy Sherwood i 1998
Fødd14. mars 1965 (59 år)
FødestadLas Vegas
FødenamnWilliam Wyman Sherwood
OpphavLas Vegas, Nevada
Aktiv1980 til i dag
SjangerProgressiv rock
InstrumentGitar, tangentinstrument, vokal
Tilknytte artistarLodgic
Yes
Toto
Circa
Yoso
PlateselskapFrontiers Records
Verka somLydteknikar, produsent, låtskrivar, gitarist

William «Billy» Wyman Sherwood (fødd 14. mars 1965) er ein multi-instrumentmusikar, produsent og lydteknikar frå USA. Han er mest kjend for tida si som medlem av progressiv rock-bandet Yes og for arbeidet sitt som produsent for ei rekkje kjende grupper og artistar som til dømes Yes, Motorhead og Toto.

Lodgic og World Trade[endre | endre wikiteksten]

Han vart først kjend som bassist og vokalist i bandet Lodgic, der han spelte saman med broren sin Michael. Dei gav ut éit album i 1985 kalla Nomadic Sands. Seinare starta Billy bandet World Trade som gav ut albumet med same namn i 1989. Han vart no kjend med Chris Squire frå Yes, og vart invitert til å spele saman med bandet. Jon Anderson og Trevor Rabin hadde på dette tidspunktet forlate Yes, og bandet trong ein gitarist og vokalist. Planen var at multi-instrumentale Sherwood skulle fylle begge rollene. Men så kom Rabin tilbake, og samstundes var samanslåinga mellom Yes og Anderson Bruford Wakeman Howe på trappene. Sherwood var med i avgrensa grad på det påfølgjande albumet Union, men han heldt kontakten med Squire.

Samarbeid med Chris Squire[endre | endre wikiteksten]

Sherwood vart kontakta av Chris Squire eit par år seinare, då Yes-bassisten hadde starta prosjektet Chris Squire Experiment. Dei skreiv nokre låtar saman og spelte inn nokre demoar, men dette vart ikkje utgjeve før i 1997. I 1994 var han med som ekstra musikar då Yes turnerte etter utgjevinga av albumet Talk.

Etter turneen med Yes, starta han opp World Trade igjen, og gav ut albumet Euphoria i 1995, før han var med som produsent for Yes i 1996 og 1997 på studio-låtane på utgjevingane Keys to Ascension og Keys to Ascension 2.

Medlem av Yes[endre | endre wikiteksten]

Etter desse utgjevingane forlét Rick Wakeman Yes og bandet trong ein ny keyboardist, og Sherwood var førstevalet som erstattar. Samstundes freista han å spele inn nytt material med World Trade, men det viste seg håplaust, og bandet vart oppløyst. Mykje av dette materialet dukka opp på soloalbumet The Big Peace som vart utgjeve i 1999.

Som nytt medlem i Yes var han med som klaverspelar og gitarist på det nye albumet Open Your Eyes i 1997. Yes ville ha ein klassisk skolert klaverspelar, og fekk inn Igor Khorosjov. Sherwood fortsette i bandet, men no som andregitaristen og korist. Han var med på ein kort turné, så gjekk Sherwood og Yes inn i studio for å spele inn albumet The Ladder som vart utgjeve i 1999. Etter den påfølgjande turneen vart det annonsert at Sherwood ikkje lenger var medlem av Yes.

Etter Yes[endre | endre wikiteksten]

Seinare jobba han saman med Chris Squire for å ferdigstille Chris Squire Experiment-albumet Conspiracy i 1999. I 2003 spelte han inn albumet The Unknown med bandet Conspiracy med Chris Squire på bass. Soloalbumet At the Speed of Life vart utgjeve i 2008, og Sherwood er òg medlem av bandet Circa: saman med Jay Schellen, Tony Kaye og Jimmy Haun. Bandet har per 2009 gjeve ut to album.

Han spelar òg i bandet Yoso saman med Kaye og tidlegare vokalist i Toto, Bobby Kimball. Yoso gav i 2010 ut albumet Elements, og har fått med seg Scott Connor på trommar og gitaristen Johnny Bruhns. Under turneen til bandet sommaren 2010 spelte bandet gamle Yes- og Toto-låtar i tillegg til songar frå sitt eige album.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]