Chris Squire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chris Squire
Chris squire 1978.jpg
Med Yes i Indianapolis, 30. august 1977
Verkeleg namn Christopher Russell Edward Squire
Fødd 4. mars 1948 (66 år), London, England
Instrument Bass, vokal, tangentinstrument, gitar
Sjanger Progressiv rock, symfonisk rock, pop
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikar, songar og låtskrivar
Tilknytte artistar The Selfs, The Syn, Mabel Greer's Toyshop, Yes, XYZ, Conspiracy
Plateselskap Atlantic, Wounded Bird, Sanctuary, Lime, Stone Ghost
Kjende instrument
Rickenbacker 4001CS

Christopher Russell Edward «Chris» Squire (fødd 4. mars 1948) er ein engelsk musikar, mest kjend som bassgitarist og korvokalist i progrockbandet Yes. Han er i dag det einaste medlemmet som har vore med på alle albuma til bandet. Han vert rekna som ein av dei mest dominerande bassgitaristar i den tidlege britiske progrocken, og påverka likemenn og seinare generasjonar bassistar med den skjerande stilen og dei utførlege, melodiske basslinjene sine. Han spelar hovudsakleg på ein Rickenbacker 4001.

Det første bandet hans var The Selfs som seinare skulle bli til The Syn, som var eit psykedelisk rockeband som hadde moderat suksess i 1967, og turnerte saman med blant andre Pink Floyd. Han møtte så Jon Anderson og Peter Banks då dei spelte saman i Mabel Greer's Toyshop. Rett etter at Anderson og Banks forlét bandet følgde Squire etter og saman starta dei Yes.

Stilskapande[endre | endre wikiteksten]

Squire har som bassist vore stilskapande då han i basspelet sitt òg har hatt innslag av diskantregister, noko som delvis òg produsenten Eddy Offord si miksing skal ha ein del av æra for. Han har òg utvikla ein melodisk-kontrapunktisk stil, der bassen ikkje berre spelar grunntonane til akkordane, men skapar òg si eiga melodilinje.

Han var i spelet sitt først særleg inspirert av John Entwistle i The Who og Paul McCartney i The Beatles – bassistar som både hadde utvikla eit melodisk basspel – men Squire har seinare utvikla denne stilen vidare. Eit godt døme på stilen hans finst på Yes-albumet Close to the Edge, der bassen på eit intrikat sett samspelar med særleg trommene til Bill Bruford. Squire bidreg òg med vokal til sounden til bandet. Den klåre stemma hans er (som Jon Anderson si) utvikla i engelsk kyrkjekor som born.

Prosjekt utanfor Yes[endre | endre wikiteksten]

I 1981 samarbeidde han og Yes-kollega Alan White med Jimmy Page frå Led Zeppelin i prosjektet XYZ, og dei spelte inn nokre demoar saman. Etter ein mislukka jam session saman med Robert Plant vart prosjektet gjeve opp. Seinare det året gav han og Alan White ut singelen «Run with the Fox».

Squire starta bandet Cinema saman med White og Trevor Rabin i 1982, eit band som etterkvart fekk med dei tidlegare Yes-medlemmane Tony Kaye og Jon Anderson. Då Anderson vart med forlangte han at bandet skulle skifte namn til Yes, og albumet 90125 vart utgjeve i 1983 som «comeback»-albumet deira. I tillegg til karrieren i Yes, har Squire samarbeidd med Billy Sherwood på einskilde prosjekt, som til dømes Chris Squire Experiment og Conspiracy. Seint på året i 2004 vart han gjenforeint med The Syn, men forlét bandet i mai 2006.

Ein «slapp-fisk»[endre | endre wikiteksten]

I 1976 gav han ut soloalbumet Fish Out Of Water. Tittelen visar til kallenamnet hans Fish, som han har fått delvis fordi han er fødd i stjerneteiknet fiskane, men òg fordi han visstnok elskar å liggje lengje i badekaret. Bill Bruford, tidlegare trommeslagar i Yes, påstår at han gav Squire kallenamnet etter at Squire heldt på å oversymje eit hotell i Oslo medan han tok ein dusj. Dette skjedde mest truleg den 22. februar 1970, då Yes spelte på Club 7 i Oslo den dagen.

Det verserer òg einskilde historier om at han er nokså bedageleg anlagt, og likar å ta seg god tid der andre gjerne er utålmodige eller punktlege. Peter Banks har fortalt at dei under Mabel Greer's Toyshop-tida heldt ein konsert utan Squire fordi han ikkje møtte opp til avtalt tid.

Sjukehusopphald i 2009[endre | endre wikiteksten]

I 2008 og 2009 var han oppteken med ein turné med Yes, kalla In the Present, samstundes som han hadde planar om å spele inn eit soloalbum nummer to. Han vart han 9. februar 2009 frakta til sjukehus der han trong akutt hjelp. Seinare kom forklaringa at han trong eit kirurgisk inngrep i ein fot, og at han trong minst ein månad rekonvalenstid. Yes skulle etter planen gått på scena igjen i San Diego den 22. februar 2009, men valde å avlyse resten av turneen.

Frisk som ein fisk...[endre | endre wikiteksten]

Etter sjukdomsperioden medverka Squire på ein konsert til minne om John Lennon 18. april 2009.[1] Hausten 2009 og vinteren 2010 var Squire tilbake for fullt saman med Yes under Europa- og USA-turneane til bandet.[2] Han spelte òg på Nord-Amerika-turnen til bandet sommaren 2010.[3] Hausten 2010 gjekk Squire i platestudio saman med resten av Yes og produsent Trevor Horn, for å spele inn songar til det nye Yes-albumet Fly from Here, som vart utgjeve sommaren 2011.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Gjestemusikar[endre | endre wikiteksten]

Med Yes[endre | endre wikiteksten]

sjå diskografien til Yes

Med Conspiracy[endre | endre wikiteksten]

  • Conspiracy – 2000 (+ DVD)
  • The Unknown – 2003

Med The Syn[endre | endre wikiteksten]

sjå The Syn

Instruksjon[endre | endre wikiteksten]

Star Licks Productions, Chris Squire Instructional Bass Video

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]