Drama av Yes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drama
Studioalbum av Yes
Utgjeve 22. august 1980
Innspelt april–juni 1980
Sjanger Progressiv rock, New Wave
Lengd 36:55
Selskap Atlantic
Produsent Trevor Horn, Yes
Akkompagnement: Eddie Offord
Kritikk
Yes-kronologi
Tormato
(1978)
Drama 90125
(1983)

Drama er det tiande studioalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i august 1980. Dette er det einaste albumet vokalist Jon Anderson ikkje medverkar på, då han slutta i bandet etter dei mislukka «Golden Age/Paris-innspelingane» i 1979, og vart erstatta av Trevor Horn. Rick Wakeman slutta samstundes, og vart erstatta av Geoff Downes.

Albumet kom på 18. plass på Billboard 200 i USA, på andreplass på UK Albums Chart i Storbritannia[1], og på 11. plass på VG-lista topp 40 i Noreg.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at dei vart ein trio, starta Chris Squire, Steve Howe og Alan White skriving og innspeling av nytt material. Trevor Horn og Geoff Downes spelte saman i duoen Buggles, og heldt på med innspeling av det nye albumet sitt, då dei høyrde at favoritten deira-bandet Yes heldt på med innspelingar i nabostudioet. Horn og Downes håpte kanskje på å få autografane til heltane sine, men vart i staden invitert med i bandet, og Yes var «gjenoppstått».

Musikken er relavtivt «hardare» enn tidlegare, av og til på grensa til hardrock. Dei fekk igjen med seg Eddie Offord som produsent, og spelte inn åtte låtar. Seks av desse vart brukt på albumet, medan dei to andre, «Go Through This» og «We Can Fly from Here» vart spelt på konsertane og finst i ein konsertversjon på samleboksen The Word Is Live. Sistnemnde låt vart spelt inn på nytt og gjeve ut i ein forlenga versjon på albuma Fly from Here i 2011.

Albumet vart forholdsvis godt motteke, men Trevor Horn hadde problem med stemma under konsertane, og song til tider surt og falskt. Han vart òg møtt med fy-rop frå tilhengarar av Jon Anderson. Dette gjorde at Horn slutta i bandet tidleg i 1981. I mai 1981 vart det sendt ut eit presseskriv der Chris Squire annonserte at Yes ikkje lengre eksisterte.

Sjølv om heile bandet er kreditert som produsentar saman med Eddie Offord, er det ingen løyndom at Trevor Horn var han som styrde lyden i størst grad. Coveret på dette albumet er igjen laga av Roger Dean som laga dei fleste platecoverene til bandet på 1970-talet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Machine Messiah»   10:27
2. «White Car»   1:21
3. «Does It Really Happen?»   6:35
Side to
# Tittel Lengd
4. «Into the Lens»   8:33
5. «Run Through the Light»   4:43
6. «Tempus Fugit»   5:15
Bonusspor på 2004-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
7. «Into the Lens (I Am a Camera)» (singelversjon)   3:47
8. «Run Through the Light» (singelversjon)   4:31
9. «Have We Really Got to Go Through This»     3:43
10. «Song No. 4 (Satellite)»     7:31
11. «Tempus Fugit» (Tracking Session)   5:39
12. «White Car» (Tracking Session)   1:11
13. «Dancing Through the Light»   Anderson/Howe/Squire/Wakeman/White 3:16
14. «Golden Age»   Anderson/Howe/Squire/Wakeman/White 5:57
15. «In the Tower»   Anderson/Howe/Squire/Wakeman/White 2:54
16. «Friend of a Friend»   Anderson/Howe/Squire/Wakeman/White 3:38

Spor 13–16 er frå «Golden Age/Paris-innspelingane» i november 1979 med Jon Anderson, Steve Howe, Chris Squire, Rick Wakeman og Alan White, produsert av Roy Thomas Baker. Spor 9–16 er tidlegare ikkje gjeven ut.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2004 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]