Yesshows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yesshows
Konsertalbum av Yes
Utgjeve 24 november 1980
Innspelt 17. august 1976 -
28. oktober 1978
Sjanger Progressiv rock
Lengd 78:54
Selskap Atlantic
Produsent Chris Squire, Yes
Kritikk

Yesshows er det andre konsertalbumet frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i desember 1980. Albumet vart utgjeve kort tid etter utgjevinga av studioalbumet Drama, og består av innspelingar frå fire ulike konsertar i perioden 1976–1978. Utgjevinga vart overvaka og godkjent av bassist Chris Squire.

I likskap med det førre konsertalbumet til bandet, Yessongs, byrjar dette albumet med overturen frå Igor Stravinskijs «Eldfugl-suite». Låten «Ritual (Nous Sommes Du Soleil)» vart på den originale dobbelt-LP'ein delt i to, og på CD-versjonen har del ein og del to av «Ritual» framleis sitt eige spornummer.

Albumet kom på 43. plass på Billboard 200 i USA, 22. plass på UK Albums Chart i Storbritannia[2], og på 32. plass på VG-lista topp 40 i Noreg[3]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

CD 1[endre | endre wikiteksten]

  1. «Parallels» (Chris Squire) – 7:07
  2. «Time and a Word» (Jon Anderson/David Foster) – 4:06
  3. «Going for the One» (Jon Anderson) – 5:22
  4. «The Gates of Delirium» (Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Alan White/Patrick Moraz) – 22:40

CD 2[endre | endre wikiteksten]

  1. «Don't Kill the Whale» (Jon Anderson/Chris Squire) – 6:50
  2. «Ritual (Nous Sommes Du Soleil)» (Del 1) (Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Rick Wakeman/Alan White) – 11:48
  3. «Ritual (Nous Sommes Du Soleil)» (Del 2) (Jon Anderson/Chris Squire/Steve Howe/Rick Wakeman/Alan White) – 17:07
  4. «Wondrous Stories» (Jon Anderson) – 3:54

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1987 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Atlantic - HDCD-utgave
  • 2009 – Warner Bros. Japan (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay (2011 [last update]). «Yesshows - Yes | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r22463. Henta 31. juli 2012. 
  2. UK Albums Chart: Yes – Yesshows
  3. VG-lista: Yes