Peter Banks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Banks
Verkeleg namn Peter William Brockbanks
Fødd 15. juli 1947 (67 år), Barnet, North London
Instrument Gitar
Sjanger Progressiv rock, rock
Aktive år 1966 til i dag
Yrke Gitarist, låtskrivar
Tilknytte artistar The Nighthawks, The Syn, Mabel Greer's Toyshop, Yes, Flash, Empirə

Peter William Brockbanks (fødd 15. juli 1947) er ein engelsk gitarist mest kjent for tida si som gitarist for progressiv rock-bandet Yes mellom 1968 og 1970. Han var den første gitaristen til bandet, og vart erstatta av Steve Howe.

Peter Banks og Chris Squire møttest første gongen då Banks vart med i gruppa The Syn, som gav ut to singlar i 1967 før dei gav seg. Dei starta året etter opp Yes saman med Jon Anderson, Bill Bruford og Tony Kaye. Banks foreslo å gje bandet eit namn som skulle vere «eit kort, positivt ord som til dømes Yes (ja)», noko resten av bandet godkjende. Han var med på dei to første Yes-albuma, Yes og Time and a Word.

Flash og solo - tida etter Yes[endre | endre wikiteksten]

Bank sine forlét Yes i april 1970, og starta i 1971 banda Flash med tidlegare kollega Tony Kaye på keyboard. Albumet Flash vart godt motteke, og i 1973 kom to nye album kalla In the Can og Out of Our Hands.

Seinare i 1973 oppløyste han Flash og spelte inn det første solo-albumet sitt Two Sides of Peter Banks med gjestemusikarar som Jan Akkerman frå Focus, Phil Collins og Steve Hackett frå Genesis, John Wetton frå King Crimson og dessutan Ray Bennett og Mike Hough frå Flash.

Sommaren 1973 spelte Peter Banks i eit jazz-rock-prosjekt som heitte Zox & the Radar Boys, der medlemmane var Phil Collins (trommar), Mike Piggott (fiolin), Ronnie Caryl (gitar) og John Howitt (bass).

I 1974 freista han å starte opp ei ny utgåve av Flash, då han møtte songarinna Sydney Foxx som han forelska seg i og seinare gifta seg med. Saman med Foxx og andre musikarar starta han bandet Empire, som spelte inn tre album i tida mellom 1974 og 1980. Albuma vart ikkje utgjeve før på midten av 1990-talet. Banks og Foxx hadde dessutan rukke å skilje seg i mellomtida.

Solo og prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Etter ein periode med diverse prosjekt, gav han i 1993 ut eit soloalbum, Instinct, som inneheldt instrumentallåtar med Peter Banks på alle instrumenta. Han fekk med seg ein klaverspelar på det neste soloalbumet sitt, Self Contained, i 1995.

I 1997 overvaka han miksinga av gamle live-opptak med Yes, utgjeve same år som Something's Coming i Europa, og med namnet Beyond and Before i USA. Dette var opptak frå konsertar gjeve i BBC-program, av den originale besetninga av Yes.

Ei «ny» plate med Flash vart gjeve ut i 1998 kalla Psychosync, eit konsertopptak frå 1973. I 1999 kom eit nytt solo-album, Reduction, og samlealbumet Can I Play You Something vart utgjeve året etter. I 2004 var han med på gjenforeininga av The Syn, men slutta etter kort tid for å starte bandet Harmony In Diversity, eit band han forlét i 2006. Han takka òg nei til eit forslag om ein gjenforeining av bandet Flash. Banks starta så eit prosjekt saman med klaverspelaren Gonzalo Carrera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]