Alan White i Yes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alan White
Fil:AlanWhiteYesDrummer.JPG
Fødd 14. juni 1949 (64 år)
Instrument Trommer, perkusjon, piano
Sjanger Progressiv rock, poprock, hardrock
Aktive år 1967 til i dag
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Yes, Circa, White, The Syn, Plastic Ono Band
Plateselskap Atlantic

Alan White (fødd 14. juni 1949) er ein engelsk trommeslagar, kjend for arbeidet sitt i progrockbandet Yes. White var òg medlem av Plastic Ono Band, og spelte på konserten med bandet i 1969 i Toronto Rock and Roll Revival, som vart spelt inn og gjeven ut tre månader seinare som Live Peace in Toronto 1969. I alt har White spelt på over femti album med artistar som John Lennon, George Harrison, Joe Cocker, Ginger Baker og The Ventures.[1]

White byrja som seksåring å spele piano, og bytte seinare til trommar og spelte offentleg for første gongen som 13-åring. På 1960-talet spelte han i mange band, og vart ofte brukt som studiomusikar. Den første smaken hans av suksess kom i 1967 saman med The Alan Price Set, og i 1968 då han vart med i Ginger Baker's Airforce.

Gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Det store gjennombrotet kom då han i 1969 vart kontakta per telefon av John Lennon som ville ha han med i Plastic Ono Band. White trudde først at det var ein «tulle-telefon», men Lennon forklarte at dette faktisk var sant. Konserten Live Peace in Toronto vart spelt inn og utgjeve same år.

Han spelte òg trommar på albumet John Lennon/Plastic Ono Band i 1970, og seinare same år vart George Harrison gjort merksam på talentet til White, og fekk han med på albumet sitt All Things Must Pass. Han spelte òg på soloalbumet til Lennon Imagine og singelen «Instant Karma» i 1971.

Trommeslagar i Yes[endre | endre wikiteksten]

I 1972, medan White var med Joe Cocker på turné, fekk han ein invitasjon frå Yes om å erstatte Bill Bruford, som nettopp hadde forlate bandet til fordel for King Crimson. Berre tre dagar etter det første møtet hans med Jon Anderson og Chris Squire, spelte han på den første Yes-konserten sin. Det som er imponerande med dette er at han lærde seg dei viktigaste låtane til Yes, inkludert det komplekse albumet Close to the Edge, på den korte tida. White og Yes gav kvarandre ein frist på tre månader for å finne ut om dei passa saman, og White har vore medlem av bandet sidan då.

Prosjekt utanfor Yes[endre | endre wikiteksten]

Alan White gav ut sitt hittil einaste soloalbum, Ramshackled, i 1976. I tillegg til trommer, er White god på piano òg, og har bidrege fleire gonger til komponering av Yes-låtar. For tida bur han i Seattle i USA der han har hatt fleire prosjekt på gang, blant anna banda White og Circa:. Han spelte på første albumet til Circa: før han slutta i bandet.

Turnear og nytt album med Yes[endre | endre wikiteksten]

Frå hausten 2008 til februar 2009 var han oppteke med turneen In the Present saman med Yes. Denne turneen vart etter to månader avlyst på grunn av at Chris Squire vart innlagt på sjukehus, og vart operert i ein fot. White medverka på ein konsert til minne om John Lennon den 18. april 2009 saman med blant andre ein friskmeld Squire. White var i store delar av 2009 og 2010 på turné saman med Yes. Hausten 2010 gjekk han og resten av bandet i platestudio for å spele inn låtar til det nye albumet Fly from Here. Albumet vart produsert av Trevor Horn, og vart utgjeve sommaren 2011.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Med The Alan Price Set[endre | endre wikiteksten]

  • A Price on His Head (1967)
  • The Amazing Alan Price (EP), (1967)
  • This Price is Right, (1968)

Med John Lennon and The Plastic Ono Band[endre | endre wikiteksten]

Med Yes[endre | endre wikiteksten]

Med White[endre | endre wikiteksten]

  • White (2006)

Med The Syn[endre | endre wikiteksten]

  • Armistice Day (2006/07)

Med Circa[endre | endre wikiteksten]

  • Circa: 2007
  • Circa: Live (CD et DVD) (2008)

Med Tony Levin og David Torn[endre | endre wikiteksten]

  • Levin/Torn/White (2011)

Gjestemusikar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]