Time and a Word

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Time and a Word
Studioalbum av Yes
Utgjeve 24. juli 1970
Innspelt november 1969–januar 1970 I Advision Studios i London i England
Sjanger Progressiv rock
Lengd 40:06
Selskap Atlantic
Produsent Tony Colton
Kritikk
Yes-kronologi
Yes
(1969)
Time and a Word The Yes Album
(1971)

Time and a Word er det andre albumet til progressiv rock-bandet Yes, utgjeve sommaren 1970 i Europa, og i november same år i USA. Dette er det siste albumet der alle original-medlemmane i bandet medverkar. Gitaristen Peter Banks forlét bandet kort tid før albumet vart utgjeve.

Albumet kom på 45. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter ynskje frå Jon Anderson og Chris Squire vart det nytta eit symfoniorkester for å gje lydbiletet ekstra fylde. Dette var Peter Banks sterkt imot, og dette var ein av grunnane til at han forlét bandet. Dessutan hadde Anderson oppdaga Steve Howe som då spelte i bandet Tomorrow, og ville ha han med i Yes. På grunn av denne utskiftinga i bandet, var Steve Howe avbilda på USA-versjonen av albumet til trass for at det er Banks som spelar.

Då albumet vart utgjeve, var responsen ikkje særleg god frå korkje kritikarar eller platekjøparar, og bandet fekk «kniven på strupen» av plateselskapet. I ettertid blir albumet rekna som eit solid verk frå bandet, og som eit viktig steg mot den musikkstilen bandet skulle bli mest kjent for på 1970-talet.

Som på det førre albumet, Yes, har bandet spelt inn to coverlåtar. På dette albumet finst låtane «No Opportunity Necessary, No Experience Needed» av Richie Havens og «Everydays» av Stephen Stills. To av låtane er skrivne av Anderson saman med ein tidlegare band-kollega frå bandet The Warriors, David Foster. Dette er låtane «Sweet Dreams» og tittellåten «Time and a Word».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «No Opportunity Necessary, No Experience Needed»   Richie Havens 4:48
2. «Then»   Jon Anderson 5:46
3. «Everydays»   Stephen Stills 6:08
4. «Sweet Dreams»   Anderson, David Foster 3:50
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «The Prophet»   Anderson, Chris Squire 6:34
6. «Clear Days»   Anderson 2:06
7. «Astral Traveller»   Anderson 5:53
8. «Time and a Word»   Anderson, David Foster 4:32
Bonusspor på 2003-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
9. «Dear Father»   Anderson, Squire 4:14
10. «No Opportunity Necessary, No Experience Needed» (Original Mix) Havens 4:46
11. «Sweet Dreams» (Original Mix) Anderson, Foster 4:20
12. «The Prophet» (Singel Version) Anderson, Squire 6:33

Spora 9–11 vart første gongen gjeven ut på ei vesttysk utgjeving av Time and a Word.

Medvekrande[endre | endre wikiteksten]

med

  • David Foster: akustisk gitar på spor 8 – «Time and a Word»

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2003 – Rhino – CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011 [last update]). «Time and a Word - Yes | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r65596. Henta 17. juli 2012. 
  2. Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: yes». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=yes. Henta 17. juli 2012. 
  3. UK Album sine Chart: Yes – Time and a Word