Open Your Eyes av Yes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Open Your Eyes
Studioalbum av Yes
Utgjeve 24. november 1997
Innspelt Sommaren 1997
Sjanger Progressiv rock
Lengd 74:12
Selskap Eagle Records (UK)
Beyond Music (US)
Produsent Yes
Kritikk
Yes-kronologi
Keys to Ascension 2
(1997)
Open Your Eyes The Ladder
(1999)

Open Your Eyes er det femtande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1997. Dette er det første albumet der Billy Sherwood medverkar som fulltidsmedlem av bandet etter at Rick Wakeman forlet bandet tidleg i 1997. Dette er òg det første albumet der Igor Khorosjev medverkar, her berre som studiomusikar.

Albumet kom på 151. plass på Billboard 200 i USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg vart innspelingane starta som eit samarbeide mellom Chris Squire og Billy Sherwood, men Jon Anderson vart såpass imponert over materialet at han ynskte å synge på albumet. Etter kvart kom òg Steve Howe og Alan White med i prosjektet, og ein avgjorde at dette skulle bli det neste Yes-albumet.

Trass i entusiasmen til medlemmane for materialet, var dei ikkje nøgd med sluttresultatet. Det vart i følgje Anderson og Howe for kommersiellt og lett, noko dei sjølv tok ein god del av skulda for. Verken publikum eller kritikarar var særleg imponert over utgjevinga, og albumet vart straks rekna som eit av dei svakaste til bandet, sjølv om det finst einskilde lyspunkt her òg.

Roger Dean står nok ein gong bak platecoveret, denne gongen med eit noko minimalistisk bidrag. Coveret består av den klassiske Yeslogoen i raude nyansar på svart bakgrunn.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jon Anderson, Steve Howe, Billy Sherwood, Chris Squire og Alan White.. 

# Tittel Lengd
1. «New State of Mind»   6:00
2. «Open Your Eyes»   5:14
3. «Universal Garden»   6:17
4. «No Way We Can Lose»   4:56
5. «Fortune Seller»   5:00
6. «Man in the Moon»   4:41
7. «Wonderlove»   6:06
8. «From the Balcony»   2:43
9. «Love Shine»   4:38
10. «Somehow, Someday»   4:47
11. «The Solution»   23:47
74:12
Spora «The Solution» og «The Source» er ikkje delt opp, men er eit 23 minutt og 47 sekund samanhengande spor. «The Source» består først av to minutt med stille, så 16 minutt og 21 sekund med naturlydar og eit lydcollage med korte a capella-versjoner av dei øvrige songane på albumet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hill, Gary. Open Your Eyes review allmusic.com..
  2. Eddy, Chuck (November 28, 1997). «Open Your Eyes: Music review: Entertainment Weekly». Entertainment Weekly. http://www.ew.com/ew/article/0,,290446,00.html. Henta 17. juli 2012.