Infidels
| Infidels Studioalbum av Bob Dylan |
||
| Utgjeve | 27. oktober 1983 | |
| Innspelt | April og mai 1983 ved The Power Station i New York | |
| Sjanger | Countrypop | |
| Lengd | 41:39 | |
| Selskap | Columbia | |
| Produsent | Bob Dylan og Mark Knopfler | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Bob Dylan-kronologi | ||
| Shot of Love (1981) |
Infidels | Real Live (1984) |
Infidels er det 22. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i oktober 1983.
Det var produsert av Mark Knopfler og Dylan sjølv og var det første albumet på nokre år der Dylan berre skreiv verdsleg musikk etter at han konverterte til kristendom og gav ut tre evangeliske gospelplater. Sjølv om han aldri offentleg forsaka trua si eller forlet religiøse bielte, fekk Infidels mykje merksemd på grunn av meir personlege tema som kjærleik og tap, i tillegg til kommentar på miljøspørsmål og geopolitikk.
Albumet fekk betre mottaking enn på mange år for Dylan og vart stort sett hylla for dei gode låtane og den gode framføringa. Albumet gjorde det òg forholdsvis bra kommersielt og selde til gull i USA, der det nådde 20. plassen. I Storbritannia nådde det 9. plassen, medan det i Noreg gjekk heilt til topps. Likevel var mange tilhengjarar og kritikarar uroa over at fleire songar vart fjerna frå albumet like før det vart mastra, mellom anna «Blind Wille McTell», som mange kritikarar har trekt fram som eit av høgdepunkta i karrieren til Dylan. Denne songen kom først ut på The Bootleg Series Volumes 1–3 åtte år seinare.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Bob Dylan.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Jokerman» | 6:12 |
| 2. | «Sweetheart Like You» | 4:31 |
| 3. | «Neighborhood Bully» | 4:33 |
| 4. | «License to Kill» | 3:31 |
| 5. | «Man of Peace» | 6:27 |
| 6. | «Union Sundown» | 5:21 |
| 7. | «I and I» | 5:10 |
| 8. | «Don't Fall Apart on Me Tonight» | 5:54 |
Medverkande [endre]
- Bob Dylan – gitar, munnspel, keyboard, vokal
- Sly Dunbar – trommer, perkusjon
- Robbie Shakespeare – bass
- Mick Taylor – gitar
- Mark Knopfler – gitar
- Alan Clark – keyboard
- Clydie King – vokal på «Union Sundown»