Mistreated

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mistreated
Song av Deep Purple
frå albumet Burn
Utgjeve 15. februar 1974
Innspelt November 1973
Montreux i Sveits
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 7:28
Selskap EMI (Storbritannia)
Warner Bros. (USA)
Tekstforfattar Ritchie Blackmore
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore, David Coverdale
Produsent Deep Purple

«Mistreated» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple, gjeven ut i 1974 på albumet Burn. Låten vart skriven av gitaristen Ritchie Blackmore og den nye vokalisten David Coverdale, som saman med den nye bassisten Glenn Hughes tok med seg nye blues- og funkelement til bandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På konsertversjonar introduserte Hughes «Mistreated» som ein låt Blackmore hadde skrive ca. to år før Burn.[1] Inspirert av Free-låten «Heartbreaker» hadde låten vorte vurdert til det tidlegare albumet Who Do We Think We Are, men Ritchie helt han attende. Då arbeidet med Burn starta, skreiv Coverdale teksten til «Mistreated», og det er den einaste låten på Burn der han syng teksten heilt sjølv. I heftet til 30-årsjubileumsutgåva av Burn kommenterte Coverdale innspelinga av vokalen på «Mistreated»:

«Me spelte inn 'Mistreated' frå 23.00 til 07.30 om morgonen. Eg høyrde dei første avspelingane og syntest det var forferdeleg. Han var så dårleg at eg sette meg ned og gret fordi eg ville at han skulle vera så bra. Neste kveld hadde me ei ny økt, og då gjorde eg han på andre opptak. Det er ein slags progressiv blues. Eg voks ikkje opp i eit skur ved jernbanesporet, men eg har likevel hatt kjenslemessige problem, og det er den einaste typen blues eg kan tolka. Eg prøvde veldig hardt fordi eg visste at det var avgjerande for å få den sterke kjenslemessige kvaliteten songen treng. Det eg ønskte var at nokon som lytta til songen skulle tenkja: 'Eg veit kva han snakkar om' og få kjensla, då ville songen vera verd det. Det er i hovudsak ei fysisk kjensle. Grunnen til at det ikkje gjekk med ein gong, var rett og slett at eg prøvde for hardt.»

.

Det lengste sporet på albumet skiftar gir og byggjer seg opp til eit klimaks, Blackmore set i gang med ein rask solo, medan Coverdale og Hughes byggjer ein vegg av fleirspors korvokal før låten er over.

Låten vart verande på setlista til Deep Purple til Blackmore forlét bandet i 1975, og ein liveversjon var med på albumet Made in Europe i 1976. Andre liveversjonar finst på Live in London (1982), Live in Paris 1975 og på videoen Live in California 74.

Seinare opptredenar[endre | endre wikiteksten]

Etter at Deep Purple vart oppløyst i 1976, heldt David Coverdale fram med å framføra «Mistreated» med bandet sitt Whitesnake (som òg har inkludert tidlegare Purple-bandkameratar Jon Lord og Ian Paice) fram til byrjinga av 1980-talet og ein kort periode i 1997. Liveversjonar av songen finst på albuma Live at Hammersmith og Live...in the Heart of the City. Whitesnake spelte inn «Mistreated» på nytt til albumet sitt med Deep Purple-songar frå 2015, The Purple Album.

Ritchie Blackmore framførte òg songen med bandet sitt Rainbow på slutten av 1970-talet, midten av 90-talet[2] og på 2010-talet under ei kort gjenforeining av Rainbow.[3] Ein liveversjon kan høyrast på albumet i gruppa On Stage (1977), Live in Germany 1976 og Live in Munich 1977 med Ronnie James Dio på vokal. Og i nyare tid har Hughes rulla låten ut på solokonsertar (Soulfully Live in the City of Angels) og dessutan med sitt siste band Black Country Communion.

Coverversjoner[endre | endre wikiteksten]

  • Ronnie James Dio framførte «Mistreated» under Angry Machines-turneen i 1996/97. Ein liveversjon av songen finst på albumet Inferno: Last in Live.[4]
  • Den svenske gitaristen Yngwie Malmsteen hadde spelt inn songen til albumet sitt Inspiration frå 1996.[5][6]
  • Den tyske gitaristen Axel Rudi Pell har spelt «Mistreated» frå tid til anna på liveshowa sine. Coverversjonar av songen finst på albuma Made in Germany (1995), Live on Fire (2012) og Magic Moments - 25th Anniversary Special Show (2015).[7][8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Deep Purple - Mistreated (Live 1974)». YouTube. Henta 1. juni 2021. {
  2. {VideoYouTube
  3. YouTube - Rainbow (24. november 2016), Mistreated (Live Memories in Rock 2016) 
  4. Alex Henderson. «Inferno: Last in Live Review». AllMusic. 
  5. «Yngwie Malmsteen - Inspiration review». MetalReviews.com. 
  6. «Yngwie J. Malmsteen - Inspiration». MetalMusicArchives.com. 
  7. Oleks Antichrist (24. mars 2015). «Axel Rudi Pell «Magic Moments -25th Anniversary Special Show» review». AntichristMagazine.com. 
  8. «Axel Rudi Pell & Friends – Magic Moments: 25th Anniversary Special Show». Metal-Temple.com. 27. mars 2015.