Powderfinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Powderfinger
Song av Neil Young
frå albumet Rust Never Sleeps
Utgjeve 2. juli 1979
Innspelt 1978 i San Francisco
Lengd 5:31
Låtskrivar(ar) Neil Young

«Powderfinger» er ein song skriven av Neil Young og først gjeven ut på Rust Never Sleeps i 1979. Han har sidan vorte gjeven ut på fleire av konsertalbuma til Young og er spelt av mange andre band, som Cowboy Junkies, Beat Farmers, Rusted Root og Jazz Mandolin Project. Det australske rockebandet Powderfinger er kalla opp etter denne songen.

Shelter me from the powder and the finger
cover me with the thought that pulled the trigger

Neil Young (1979)

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Young sjølv skreiv han dei første linjene, «Look out, Mama, there's a white boat comin' up the river» fleire år før resten av songen. Young spelte inn ein akustisk versjon av «Powderfinger» i september 1975 (som aldri er offisielt gjeven ut) og sendte lydbandet til venen Ronnie Van Zant i Lynyrd Skynyrd, som skulle nytte songen på det neste albumet deira.[1] Van Zant døydde i ein flystyrt i oktober 1977 og Lynyrd Skynyrd spelte aldri inn songen.[1] Songen vart offisielt gjeven ut i ei elektrisk utgåve med bandet Crazy Horse i 1979.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Songen omhandlar ein familie som bur i utanfor allfarveg og driv med ulovlege ting. Ein båt (kanskje ein politibåt eller andre styresmakter som ein kan tenke seg med flagg, tal på sida og den store raude lyset som vert skildra) kjem til syne og det står ein mann med våpen på båten, medan båten sjølv er utstyrt med eit våpen av større kaliber.

Ei anna tolking av songen er at han finn stad under den amerikanske borgarkrigen og at båten er ein kanonbåt frå Nordstatane som nærmar seg heimen til ein sørstatsfamilie i Mississippi.

Hovudpersonen i songen er ein son. Faren er død og broren er borte på jakt, medan John sørgjer over dødsfallet til Emmy-Lou («Daddy's gone, my brother's out hunting in the mountains/Big John's been drinking since the river took Emmy-Lou»). Han finn ut at det er opp til han å ta ei avgjersle. Etter at båten avfyrer det første skotet, og den ungen mannen hevar rifla mot båten, før han vert skoten av styresmaktene («raised the rifle to my eye, never stopped to wonder why/then I saw black and my face splash in the sky»). I siste verset seier han «Shelter me from the powder and the finger, cover me with the thought that pulled the trigger».

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Simmons, Sylvie (2002), Neil Young: Reflections in Broken Glass, Canongate, s. 135 .