Living with War: «In the Beginning»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Living with War: «In the Beginning»
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 7. november 2006 (berre iTunes)
19. desember 2006 (CD/DVD)
Innspelt mars 2006
Redwood Digital
Sjanger Rock
Lengd 38:58
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Niko Bolas og L.A. Johnson
Kritikk
Neil Young-kronologi
Living with War
(2006)
Living with War: «In the Beginning» Chrome Dreams II
(2007)

Living with War: «In the Beginning» er ei enklare utgåve av Neil Young-albumet Living with War frå 2006. Den originale tittelen var opphavleg Living with War - Raw.

Albumet inneheld dei første miksane av innspelingane, som vart gjort live av Young, Rick Rosas og Chad Cromwell. Miksane vart gjort same dag dei vart innspelt og gjort tilgjengeleg på iTunes på valdagen 7. november 2006. Plata kom ut i ei avgrensa utgåve med ein DVD som inneheldt videoar regissert av Young til kvar enkelt song på albumet. Han nytta mange biletkjelder, både frå irakkrigen, demonstrasjonar i USA og frå Al Gore-filmen An Inconvenient Truth. Videoane er ikkje berre ei oversikt over kva som hadde skjedd dei føregåande tre åra, men òg korleis det påverka heile verda.

Living with War, kom opphavleg ut tidleg i mai 2006, og sette i gang reaksjonar frå begge sider av det politiske gjerdet. Med songar som «The Restless Consumer», «Shock and Awe», «Flags of Freedom» og «Let's Impeach the President», vart Living with War raskt rekna som ein unik musikalsk uttalelse. På denne utgåva av albumet er lyden rett frå kjelda, fanga live i studio nøyaktig slik dei vart spelte inn.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

# Tittel Lengd
1. «After the Garden»   3:25
2. «Living with War»   5:08
3. «The Restless Consumer»   5:51
4. «Shock and Awe»   4:56
5. «Families»   2:33
6. «Flags of Freedom»   3:45
7. «Let's Impeach the President»   4:34
8. «Lookin' for a Leader»   4:08
9. «Roger and Out»   4:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young: gitar, vokal
  • Rick Rosas: bass
  • Chad Cromwell: trommer
  • Tom Bray: trompet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reprise Records, Neil Young's Living with War - Raw Scheduled for Release via Digital Download on november 7th; 4 Videos Available on iTunes ," 18 oktober 2006, at [1]