Living with War

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Living With War
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 2. mai 2006[1]
Studio Redwood Digital og Capitol Studios
Sjanger Rock
Lengd 41:36
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Niko Bolas og L.A. Johnson
Neil Young-kronologi 
Prairie Wind
(2005)
Living With War Live at the Fillmore East
(2006)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[2]
Robert ChristgauB+[3]
Mojo3/5 stars[4]
Okayplayer4/5 stars[5]
Pitchfork7.6/10[6]
Rolling Stone4/5 stars[7]

Living with War er det 31. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 2. mai 2006. Teksten, tittelen og stilen på albumet er sterkt kritisk til politikken til George W. Bush-administrasjonen og krigen i Irak.[8] Albumet vart skriven og spelt inn i løpet av berre ni dagar i mars og april 2006,[1][9] og tekstane er i same stil som tekstane til viseartistar som Phil Ochs og Bob Dylan tidleg på 60-talet.[10]

Med seg på albumet har Young bassisten Rick Rosas, trommeslagaren Chad Cromwell og trompetisten Tommy Bray. Cromwell og Rosas, og medprodusenten Niko Bolas, danna òg kjernen på albumet Freedom i 1989, der Young var sterkt kritisk til Reagan-regjeringa.

Living with War vart nominert til både Grammy- og Junoprisen.

Produksjon og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Young starta å skrive songar for Living With War på eit hotellrom i Gambier i Ohio, då han vitja dottera si på colleget hennar.[11] Ein morgon då han henta seg ein kopp kaffi såg Young framsida av USA Today med bilete av eit operasjonsrom på eit fly som flydde alvorleg skadde soldatar frå Irak til Tyskland.[11]

America is beautiful
But she has an ugly side

Neil Young - Lookin' for a Leader (2005)

Han fortalte seinare til Charlie Rose at kombinasjonen av biletet og overskifta, som i staden for å fokusere på liding og død, talte om dei medisinske gjennombrota som vart gjort under krigen.[11] «Det var av ein eller annan grunn dråpen for min del. Så eg gjekk opp att. Eg skriv ein song kalla 'Families'. Eg byrja å skrive ein song til, 'Restless Consumer'. Eg byrja å skrive alle desse songane samstundes.»[11] Young sa at etter han hadde skrive desse songane så «braut han raskt saman».[11] Han ropte på kona si Pegi og «eg heldt rundt ho og hulka. Eg hulka så mykje at det kom ting ut av andletet mitt.»[11]

Songane vart innspelte på ein 16-spor analogt band og miksa til ein tospors masterteip, og så overført digitalt til CD og DVD.[1] Plata kom òg på vinyl.

28. april 2006 vart heile albumet spelt for første gong på radiosjonen 95.5 KLOS av Jim Ladd i Los Angeles.[1][12] Albumet vart sleppt på Internett den 2. mai 2006, før det kom i butikkane ei veke seinare.[1]

Let’s impeach the President for lying
And misleading our country into war
Abusing all the power that we gave him
And shipping all our money out the door

Neil Young (2005)

Den kjappe innspelinga og utgjevinga gjorde at songane vart samalikna med «Ohio» frå 1970.

I ei melding av albumet for Mojo skildra Sylvie Simmons songane som «Påtrengande, innstendige, stort sett venstrevridde, med ei sterkare individuell melodisk kjensle enn til dømes Greendale, men utan den intense venleiken til 'Ohio'».[4] Living with War vart nominert til tre Grammy-prisar for 2007 i kategoriane beste rockealbum, beste rockesong og beste rockevokal for soloartist.

Trass i innhaldet og kritikken frå bloggarar på høgrefløyen då albumet kom ut, sa Young at han reknar albumet som upartisk.[13] Han sa i eit intervju med The New York Times: «Om du stiller Bush for riksrett så gjer du Republikanarane ei stor teneste. Dei kan stille til val att med litt stoltheit.»[13] Young kommenterte mangelen på artistar som skreiv kritiske songar om amerikansk politikk og sa «Eg håpte at det ville kome ein ung artist og sei dette og syngje nokre songar om det, men eg såg ingen, så eg måtte gjere det sjølv. Eg venta så lenge eg kunne.»[14]

Albumet nådde 15. plassen i USA, 14. plassen i Storbritannia, 7. plassen i Canada og 4. plassen i Noreg.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«After the Garden»3:23
2.«Living with War»5:04
3.«The Restless Consumer»5:47
4.«Shock and Awe»4:53
5.«Families»2:25
6.«Flags of Freedom»3:42
7.«Let's Impeach the President»5:10
8.«Lookin' for a Leader»4:03
9.«Roger and Out»4:25
10.«America the Beautiful» (tekst: Katharine Lee Bates; musikk: Samuel A. Ward)2:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young – gitar, munnspel, vokal, produsent
  • Rick Rosas – bass
  • Chad Cromwell – trommer
  • Tommy Bray – trompet
Teknisk
  • Niko Bolas – produsent
  • L. A. Johnson – assisterande produsent
  • Miksa i Redwood Digital med Niko Bolas og lydteknikaren John Hausman
  • Mastering av Tim Mulligan i Redwood Digital
  • HD digital videografi for Shakey Pictures laga av L.A. Johnson sitt mannskap for ein mogeleg videodokumentar.
  • 100 mann stort kor diriget og arrangert av Darrell Brown

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Den kanadiske albumlista 7
UK Albums Chart 14
U.S. Billboard 200 15
Irish Albums Chart 24
Noreg - VG-lista 4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Living With War Timeline». Neilyoung.com. Henta 11. mars 2019. 
  2. Stephen Thomas Erlewine (9. mai 2006). «Living with War - Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. mars 2019. 
  3. «CG: neil young». Robert Christgau. Henta 11. mars 2019. 
  4. 4,0 4,1 Simmons, Sylvie (July 2006). «Presidential Suite: Neil Young Living With War». Mojo: 112. 
  5. «Neil Young - Living with War». Okayplayer.com. Arkivert frå originalen 10. mars 2008. Henta 11. mars 2019. 
  6. «Neil Young: Living With War | Album Reviews». Pitchfork. 30. april 2006. Henta 11. mars 2019. 
  7. Fricke, David (1. mai 2006). «Neil Young Living With War Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. mai 2015. Henta 11. mars 2019. 
  8. «CTV News | Top Stories - Breaking News - Top News Headlines». Ctv.ca. 22. oktober 2014. Arkivert frå originalen 10. mars 2008. Henta 11. mars 2019. 
  9. Petridis 2006
  10. Neil Young's new 'metal folk protest music'
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 Charlie Rose video: "Neil Young."
  12. Butler 2006
  13. 13,0 13,1 PARELES, JON. «Neil Young's 'Living With War' Shows He Doesn't Like It». New York Times. Henta 11. mars 2019. 
  14. Rayner, Ben (2. november 2008). «U.S. musicians slowing warmed to burning Bush». Toronto Star. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]