Freedom av Neil Young
| Freedom Studioalbum av Neil Young |
||
| Utgjeve | 10. oktober 1989 | |
| Innspelt | 25. juli 1988 til 10. juli 1989 The Barn-Redwood Digital, Arrow Ranch, Woodside, California; Jones Beach, New York (spor 1); The Hit Factory i New York (spor 3 5 8) |
|
| Sjanger | Rock, hardrock | |
| Lengd | 61:11 | |
| Selskap | Reprise | |
| Produsent | Neil Young, Niko Bolas | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Neil Young-kronologi | ||
| This Note's for You (1988) |
Freedom | Ragged Glory (1990) |
Freedom er eit studioalbum av Neil Young som kom ut i 1989.
Freedom sprøyta nytt liv inn i karrieren til Neil Young etter at det meste av 1980-åra hadde vore mislukka kommersielt sett. Etter mykje krangling og eit søksmål forleg Young Geffen Records og gjekk tilbake til det opphavlege plateselskapet Reprise, i 1988 med This Note's for You. Freedom, derimot, vart ein stor suksess både kritikarmessig og salsmessig, på liknande vis som det klassiske Rust Never Sleeps hadde vore i 1979. Begge albuma inneheld konsertopptak der lyden av publikum er fjerna. Freedom inneheld songen «Rockin' in the Free World», der ei akustisk utgåve opnar albumet og ei elektrisk utgåve avsluttar det, på liknande vis som på Rust Never Sleeps. «Rockin' in the Free World» inneheld tekstlinjer som var kritiske mot den dåverande president George H. W. Bush og vart ein slags hymne for fallet til kommunismen (særleg fallet til Berlinmuren), som skjedde ein månad etter albumet kom ut, særleg på grunn av refrenget der «Keep on Rockin' in the Free World» vert gjenteke om att og om att.
Ein forkorta versjon av «Rockin' in The Free World» vart nytta over rulleteksten til Michael Moore-filmen Fahrenheit 9/11, og songen vart gjeven ut på ny som singel samstundes med filmen.
Stilmessig er albumet eit av dei mest varierte Young har gjeve ut, og varierer frå akustiske kjærleikssongar til tunge rockesongar. Tre av songane på Freedom («Don't Cry», «Eldorado» og «On Broadway») var tidlegare gjeven ut i Japan og Australia som EPen Eldorado og representerte på eit vis Young sin reaksjon på Grunge-miljøet, med tunge bølgjer av forvrengt gitar og feedback (ofte side om side med rolegare parti). To av songane hadde blåsarar, noko som var uvanleg for Young om ein ser bort i frå det førre albumet This Note's For You.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Rockin' in the Free World» (akustisk konsertopptak) | 3:38 |
| 2. | «Crime in the City (Sixty to Zero Part I)» | 8:45 |
| 3. | «Don't Cry» | 4:14 |
| 4. | «Hangin' on a Limb» | 4:18 |
| 5. | «Eldorado» | 6:03 |
| 6. | «The Ways of Love» | 4:29 |
| 7. | «Someday» | 5:40 |
| 8. | «On Broadway» (Barry Mann, Cynthia Weil, Jerry Leiber, Mike Stoller) | 4:57 |
| 9. | «Wrecking Ball» | 5:08 |
| 10. | «No More» | 6:03 |
| 11. | «Too Far Gone» | 2:47 |
| 12. | «Rockin' in the Free World» (elektrisk) | 4:41 |
Medverkande [endre]
- Neil Young - vokal, gitar, piano på 9
- Chad Cromwell - trommer
- Rick «The bass player» Rosas - bass
- Frank Sampedro - gitar på 2 5 (som «Poncho Villa») 9 12, keyboard på 5 7, mandolin på 11, vokal på 12
- Ben Keith - altosaksofon på 2 7, pedalsteelgitar på 2,6,11, keyboard på 10 12, vokal på 11
Andre medverkande [endre]
- Linda Ronstadt - vokal på 4 & 6
- Tony Marsico - bass på 10
- Steve Lawrence – tenorsaksofon på 2 7
- Larry Cragg – baritonsaksofon på 2 7
- Claude Cailliet – trombone på 2 7
- John Fumo – trompet på 2 7
- Tom Bray – trompet på 2 7
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Freedom (Neil Young album)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2010.