Chrome Dreams II
| Chrome Dreams II Studioalbum av Neil Young |
||
| Utgjeve | 23. oktober 2007 | |
| Innspelt | 2007 | |
| Sjanger | Rock, folkrock | |
| Lengd | 65:43 | |
| Selskap | Reprise | |
| Produsent | Neil Young & Niko Bolas («The Volume Dealers») | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
|
||
| Neil Young-kronologi | ||
| Living with War: «In the Beginning» (2006) |
Chrome Dreams II | Fork in the Road (2009) |
Chrome Dreams II er det 30. studioalbumet til Neil Young. Det kom ut 23. oktober 2007 og er ein oppfølgjar til Chrome Dreams, eit legendarisk Neil Young-album frå 1977, som aldri vart gjeven ut.[1]
Albumet gjekk rett inn på 11. plass på den amerikanske albumlista og selde om lag 54 000 eksemplar første veka.[2] I Noreg gjekk albumet opp til femteplass. I tillegg vart songen «No Hidden Path» nominert til ein Grammy-pris for beste rockevokal for soloartist.[3]
Innhaldsliste |
Produksjon [endre]
Chrome Dreams II vart produsert av Young og Niko Bolas og har med seg Crazy Horse-trommis Ralph Molina, pedalsteelgitarist og dobrospelar Ben Keith (Harvest, Comes A Time, Harvest Moon) og bassist Rick Rosas (Freedom, Living With War, This Note's for You). The Blue Note Horns er med på eit spor, «Ordinary People» og Young People’s Choir of New York City på «The Way». Det meste av innspelinga vart gjort live med eit par ekstra lydspor i Feelgood's Garage studio nær Redwood City i California.[4]
I følgje Young,
«Det er eit album med ei form basert på nokre av mine originale innspelingar, med særs varierte songar, i staden for berre ein type song. Der Living with War og Everybody's Rockin' var album som fokuserte på eitt tema eller ein stil, er Chrome Dreams II meir som After the Gold Rush eller Freedom, med mange forskjellige typar sonar som i lag dannar ei kjensle. I dag som radio ikkje er like viktig som han ein gong var, er det lettare å gje ut eit album som kryssar over i forskjellig stilar med ei melding som går gjennom det heile, uavhengig av song eller lyd.»
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Beautiful Bluebird» | 4:27 |
| 2. | «Boxcar» | 2:44 |
| 3. | «Ordinary People» | 18:13 |
| 4. | «Shining Light» | 4:44 |
| 5. | «The Believer» | 2:39 |
| 6. | «Spirit Road» | 6:32 |
| 7. | «Dirty Old Man» | 3:17 |
| 8. | «Ever After» | 3:32 |
| 9. | «No Hidden Path» | 14:31 |
| 10. | «The Way» | 5:15 |
Dei første tre songane på Chrome Dreams II vart laga i 1980-åra. «Beautiful Bluebird» vart opphavleg spelt inn for den originale versjonen av Old Ways som vart avslått av Geffen Records. «Boxcar» er ein song frå albumet Times Square, som aldri vart gjeve ut til fordel for det meir kommersielle Freedom. «Ordinary People» vart opphavleg spelt inn i 1988 for This Note's for You og vart rekna som ein av dei beste songane Young ikkje hadde gjeve ut. Han vart ofte spelt på turneen som følgde albumet. Songen er over 18 minuttar lang.[5]
Medverkande [endre]
- Neil Young - akustisk og elektrisk gitars, banjo, munnspel, klaver, pumpeorgel, Hammond B-3 orgel, vibrafon, perkusjon, vokal
- Ben Keith - pedalsteelgitar, lapslidegitar, dobro, elektrisk gitar, Hammond B-3 orgel, vokal
- Rick Rosas - bass, vokal
- Ralph Molina - trommer, perkusjon, vokal
Musikarar for «Ordinary People» [endre]
- Neil Young - elektrisk gitar, vokal
- Joe Canuck - vokal
- Frank «Pancho» Sampedro - gitar
- Rick Rosas - bass
- Chad Cromwell - trommer
- Ben Keith - altosaksofon
- Steve Lawrence - tenorsaksofon, keyboard
- Larry Cragg - barytonsaksofon
- Claude Cailliet - trombone
- John Fumo - trompet
- Tom Bray - trompet (solo)
Korsongarar [endre]
- The Wyatt Earps - Ben Keith, Ralph Molina, Neil Young
- The Jane Wyatts - Nancy Hall, Annie Stocking, Pegi Young
- The Dirty Old Men - Larry Cragg, Ben Keith, Ralph Molina, Rick Rosas, Neil Young
«The Way»-koret [endre]
The Young People’s Choir of New York City
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Chrome Dreams II» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Neil Young - news
- ↑ Hasty, Katie (2007-10-31). «Underwood Leads Three Country Debuts Onto Chart». Billboard.com. http://www.billboard.com/bbcom/news/article_display.jsp?vnu_content_id=1003665671. Henta 31. oktober 2010.
- ↑ Grammy Nominations
- ↑ «Neil Young - Chrome Dreams II. og Live Archives coming up - Ordinary People». Bad News Beat. http://bad-news-beat.org/. Henta 31. oktober 2010.
- ↑ «Ordinary People to Radio». NY Times. http://neilyoung.com/news/index.html. Henta 31. oktober 2010.