The Wall Live in Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Wall - Live in Berlin
Konsertalbum av Roger Waters
Innspelt 21. juli 1990
Sjanger Progressiv rock
Selskap Mercury Records
Produsent Roger Waters
Nick Griffiths
Kritikk
Roger Waters-kronologi
Radio K.A.O.S.
(1987)
The Wall - Live in Berlin Amused to Death
(1992)

The Wall Live in Berlin var ein enorm konsert i Berlin med påfølgjande konsertplate, der Roger Waters 21. juli 1990 spelte albumet The Wall i sin heilskap.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bilete av scenen med den enorme muren

Konserten vart halden på Potsdamer Platz (ein stad som var ein del av «ingenmannsland» då Berlinmuren kryssa plassen) og var større enn Wall-konsertane Pink Floyd heldt tidleg på 1980-talet. Waters fekk bygd ein 170 meter lang og 25 meter høg mur over scenen.[1] Konserten var seld ut til over 200 000 menneske, men tryggleiksgjerdet utanfor området vart rive ned og meir enn 100 000 fleire folk trengde seg inn. Konserten vart sendt på direkten til 35 land og 500 millionar menneske.

Konserten vart aleine finansiert av Waters, men han tente alt tilbake på salet av CD og video av konserten i etterkant. Alt overskotet gjekk derimot til World War Memorial Fund for Disaster Relief.

Opphavleg prøvde Waters å få gjesteartistar som Peter Gabriel, Rod Stewart, Joe Cocker, Bruce Springsteen og Eric Clapton med på konserten, men dei var anten oppteken eller avslo. På eit radioprogram i juli 1989 sa Waters «Kanskje eg til og med lèt Dave (David Gilmour) spele gitar». 30. juni 1990 før Pink Floyd gjekk på scenen ved Knebworth fortalte Gilmour at dei hadde fått dei rettslege løyva dei trengde for å gjere Berlin-konserten, men at dei ikkje hadde vorte kontakta. Eit par dagar seinare svarte Waters tilbake at «han ikkje kunne skjøne kor Gilmour hadde fått ideen om at han var invitert frå».

Gjesteartistane som til slutt vart med på konserten var mellom anna Ute Lemper, The Band, The Hooters, Van Morrison, Sinéad O'Connor, Cyndi Lauper, Marianne Faithfull, Scorpions, Joni Mitchell, Jerry Hall, Paul Carrack, Tim Curry og Bryan Adams.

Framføringa var fleire stader ganske forskjellig frå den originale produksjon til Pink Floyd av The Wall. Både «Mother» og «Another Brick in the Wall, Part II» hadde lengre solar med forskjellige instrument. «In the Flesh» hadde ein lengre intro, og «Comfortably Numb» hadde ein lengre duellerande solo mellom dei to gitaristane, i tillegg til eit ekstra refreng på slutten av songen. «The Show Must Go On» var ikkje tatt med i det heile tatt, medan både «The Last Few Bricks» og «What Shall We Do Now?» var med. «The Trial» hadde skodespelarar i dei forskjellige rollene, der Thomas Dolby spelte læraren, hengande frå muren.

Setliste[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Company

The Bleeding Heart Band

Andre

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  • Før konserten byrja vart det korte framføringar av The Hooters, The Band og The Chieftains, men ingen av desse songane vart gjeve ut.
  • Under TV-sendinga av konserten forsvann straumen under den andre songen, «The Thin Ice» og «Another Brick in the Wall (Part 1)». Songane vart spelt på ny for innspelinga av videoen.
  • «Mother» vart òg forstyrra av straumbrot. Roger Waters prøvde å få Sinéad O'Connor til å synge hennar del ein gong til, eller mime til songen, medan feilen vart fiksa. Ho vart fornærma av å bli bede om å mime, og kom ikkje tilbake for å gjere ein ny innspeling, som dei gjorde med «The Thin Ice». I staden nytta dei opptaket frå øvinga kvelden før.
  • Jerry Hall vart kritisert for hennar del som groupie på sporet «One of My Turns».
  • Kona sin del av «The Trial» måtte spelast inn på nytt i studio, fordi opptaka hadde for dårleg kvalitet.
  • Konsertutgåva med Van Morrison av «Comfortably Numb» er nytta i Martin Scorsese-filmen The Departed.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]