Music from The Body

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Music from «The Body»
Filmmusikk av Roger Waters
Utgjeve 28. november 1970
Innspelt januar-mars, august-september 1970
Sjanger Eksperimentelt, viser, rock
Lengd 41:28
Selskap EMI
Produsent Roger Waters, Ron Geesin
Kritikk
Roger Waters-kronologi
Music from «The Body» The Pros and Cons of Hitch Hiking
(1984)

Music from The Body er eit filmmusikkalbum av Roger Waters og Ron Geesin frå 1970, der dei stort sett har brukt organiske lydar som instrument. Filmen var ein nyskapande dokumentarfilm som omhandla kroppen med bileter frå innsida av kroppen. Ron Geesin hadde samarbeida med Roger Waters og Pink Floyd på albumet Atom Heart Mother same året.

Fleire av songane her er svært eksperimentelle og avantgarde. «Our Song» inneheld hektisk piano og lydar som kan minne om «Several Species...» på Ummagumma. Faktisk kan store delar av albumet høyrast ut som ei vidareføring av denne songen. «Lick Your Partners» er ein mørk lydmontasje. «Womb Bit» er merkelege lydeffektar og piano. Ein av dei mest bisarre spora på albumet er «More than Seven Dwarfs in Penis Land» med merkeleg stemmebruk, medan «Body Transport» inneheld pustelydane av ein mann som søv og to personar som kviskrar til kvarandre med kraftig skotsk dialekt. «Mrs. Throat Goes Walking» er ein annan merkeleg song med bassriff og rare stemmelydar av Roger Waters.

Innimellom desse rare songane finn rolege akustiske viser av Roger Waters. Alle desse har liknande musikalske tema, og kan minne om «Grantchester Meadows» frå Ummagumma. Desse er «Sea Shell and Stone», «Chain of Life», «Bed-Time-Dream-Clime» og «Breathe». Sistnemnde er ikkje same songen som på Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon frå 1973, men inneheld same tekstlinje i opninga, «Breathe in the air», så det er grunn til å tru at det er ein viss samanheng mellom dei.

I tillegg har ein nokre instrumentale spor med cello og fiolin, som «Red Stuff Writhe», «Bridge Passage for Three Plastic Teeth» og «Hand Dance», medan «A Gentle Breeze Blew Through Life» er ein annan instrumental med lett spanskklingande gitarspeling.

Siste sporet er «Give Birth to a Smile» som inneheld resten av Pink Floyd i tillegg til kvinnelege koristar. Songen hintar framover til The Dark Side of the Moon der Pink Floyd byrja å bruke kvinnelege koristar, men den soulprega stemninga i songen er kanskje meir likt det seinare soloarbeidet til Roger Waters enn Pink Floyd.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ron Geesin, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Our Song»   Geesin/Waters 01:24
2. «Sea Shell and Stone»   Waters 02:17
3. «Red Stuff Writhe»     01:11
4. «A Gentle Breeze Blew Through Life»     01:19
5. «Lick Your Partners»     00:35
6. «Bridge Passage for Three Plastic Teeth»     00:35
7. «Chain of Life»   Waters 03:59
8. «The Womb Bit»   Geesin/Waters 02:06
9. «Embryo Thought»     00:39
10. «March Past of the Embryos»     01:08
11. «More Than Seven Dwarfs in Penis-Land»     02:03
12. «Dance of the Red Corpuscles»     02:04
13. «Body Transport»   Geesin/Waters 03:16
14. «Hand Dance — Full Evening Dress»     01:01
15. «Breathe»   Waters 02:53
16. «Old Folks Ascension»     03:47
17. «Bed-Time-Dream-Clime»     02:02
18. «Piddle in Perspex»     00:57
19. «Embryonic Womb-Walk»     01:14
20. «Mrs. Throat Goes Walking»     02:05
21. «Sea Shell and Soft Stone»   Geesin/Waters 02:05
22. «Give Birth to a Smile»   Waters 02:49
Roger Waters
Diskografi
Studioalbum: The Pros and Cons of Hitch Hiking | Radio KAOS | Amused to Death | Ça Ira
Filmmusikk: Music from «The Body» | When the Wind Blows
Konsertalbum: The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live
Samleplater: Flickering Flame
Video og DVD
Pink Floyd The Wall | The Wall Live in Berlin | In the Flesh Live | The Making of The Dark Side of the Moon
Relaterte artiklar
Pink Floyd | David Gilmour | Alan Parker | Gerald Scarfe | Ron Geesin | The Final Cut | The Wall