All Kinds of Everything

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«All Kinds of Everything»
Song av Dana
Winnares Dana (Ierland), Bestanddeelnr 923-3702.jpg
Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 13. mars 1970[1]
Sjanger Pop
Lengd 03:00
Selskap Rex[2]
Låtskrivar(ar) Danny Lindsay
Jackie Smith

«All Kinds of Everything» (norsk 'all slags ting av alt') er ein irsk slagerballade som vann Eurovision Song Contest 1970 for Irland. Songen vart sungen av Dana, mens melodi og tekst er skriven av Danny Lindsay og Jackie Smith.[3] Dette var den fyrste sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og balladen vart ein stor kommersiell suksess etter tevlinga. Blant anna toppa han singellistene i Irland, Belgia og Storbritannia.[4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Dana får overlevert sigerstrofeet av fjorårsvinnar Lenny Kuhr.

«All Kinds of Everything» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske nasjonale finalen sundag 1. mars. Der vann songen ein klar siger og vart det irske bidraget til Eurovision Song Contest 1970 i Amsterdam 21. mars.[5]

I den internasjonale finalen deltok berre tolv land. Blant anna hadde heile Norden trekt seg i protest mot formen på tevlinga og fordi fire land hadde vunne tevlinga året før.[6] «All Kinds of Everything» var det siste bidraget ut på scena, og det var Nederland sin eigen dirigent, Dolf van der Linden, som dirigerte det irske bidraget.[3]

På førehand var Storbritannia favoritt med Mary Hopkin og songen «Knock Knock, Who's There?». Avrøystinga vart ein kamp mellom Storbritannia og Irland, og til slutt vann «All Kinds of Everything» med 32 poeng – seks poeng foran Storbritannia.

«All Kinds of Everything» var ein langt rolegare vinnarlåt samanlikna med dei meir energiske framføringane som hadde dominert Eurovision Song Contest åra før. Dette var den fyrste sigeren til Irland i Eurovision Song Contest, og sidan har Irland vunne ytterlegare seks gongar. Med det er Irland det mestvinnande landet i Eurovision Song Contest. Bidraget var også politisk følsamt, sidan Dana, som kom frå Derry i Nord-Irland, representerte Irland og ikkje Storbritannia.

I teksta syng Dana om alle tinga som minner ho om kjærasten – anten det er måkar, fiskarar, fly, morgondogg eller postkort. Ho avsluttar kvart vers med å sei at «all slags ting av alt minner meg om deg».[7]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dana spela inn «All Kinds of Everything» etter den nasjonale irske finalen. Arrangør var Phil Coulter, som hadde komponert dei britiske Eurovision-songane «Puppet on a String» og «Congratulations». Ray Horrock produserte singelen. Singelen vart gjeven ut 14. mars 1970 på selskapet Rex, der Dana tidlegare hadde gjeve ut fire singlar. Rex vart seinare ein del av plateselskapet Decca Records.[8]

«All Kinds of Everything» vart ein stor hit i Irland allereie før den internasjonale finalen. Songen gjekk også til topps på singellistene i Belgia og Storbritannia, og det samla salet av «All Kinds of Everything» er anslege til to millionar eksemplar. Singelen vart også gjeven ut i Australia, men vart mindre populær enn coverversjonen med vokalisten Pat Carroll frå Melbourne.[9]

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 1997 deltok Dana – under sitt fulle namn, Dana Rosemary Scallon – i det irske presidentvalet. Under valkampen bad Independent Television & Radio Commission at irske radiostasjonar om ikkje å spele «All Kinds of Everything», sidan det kunne gje Scallon ein fordel overfor dei andre kandidatane. Stasjonane som likevel valde å spele songen, vart bedne om å redusere dekninga av kandidaturet til Dana med tre minuttar for kvar gong dei spelte låten (som er tre minuttar lang).[10]

Under valet vart journalisten Vincent Browne kritisert for å ha intervjua Dana på ein konfronterande måte. Orsakinga hans tok form av ein framføring av «All Kinds of Everyting» under ein påfølgjande paneldiskusjon på radio.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Høgaste
plassering
Flag of Austria.svg Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] 7
Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flandern (Ultratop 40)[12] 1
Flag of Ireland.svg Irland (Irish Singles Chart)[4] 1
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Hilversum 3 Top 30)[13] 2
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Veronica Top 40)[14] 2
Flag of Spain.svg Spania (SER)[15] 12
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart)[16] 1
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[12] 3
Flag of Germany.svg Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[13] 4

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «All Kinds of Everything – Record Details». 45cat.com. Henta 10. februar 2017. 
  2. . discogs.com https://www.discogs.com/Dana-All-Kinds-Of-Everything/release/2295867. Henta 10. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 «Irish Eurovision Entries». allkindsofeverything.ie. Arkivert frå originalen 2016-10-19. Henta 10. februar 2017. 
  4. 4,0 4,1 http://www.fireballmedia.ie, Jaclyn Ward - Fireball Media Group -. «The Irish Charts - All there is to know». www.irishcharts.ie. Henta 10. februar 2017. 
  5. «Irish National Final 1970». Eurovision Song Contest National Finals Homepage. Henta 10. februar 2017. 
  6. «Eurovision Song Contest 1970». eurovision.tv. Henta 10. februar 2017. 
  7. «All Kinds of Everything – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 10. februar 2017. 
  8. «Dana (9) - All Kinds Of Everything». Discogs (engelsk). Henta 10. februar 2017. 
  9. «All Kinds Of Everything - PAT CARROLL (1970) - Pop Archives - Sources of Australian Pop Records from the 50s, 60s and 70s». www.poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 2017-02-16. Henta 10. februar 2017. 
  10. Billboard 11. oktober 1997. Side 68
  11. Hung, Steffen. «Dana - All Kinds Of Everything». austriancharts.at. Henta 10. februar 2017. 
  12. 12,0 12,1 Hung, Steffen. «Dana - All Kinds Of Everything - hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 10. februar 2017. 
  13. 13,0 13,1 Hung, Steffen. «Dana - All Kinds Of Everything». hitparade.ch. Henta 10. februar 2017. 
  14. Top 40, Stichting Nederlandse. «Dana - All Kinds Of Everything». Top40.nl (nederlandsk). Henta 9. desember 2018. 
  15. «Listas de superventas: 1970». Listas de superventas. 12. februar 2010. Arkivert frå originalen . Henta 26. februar 2017. 
  16. «Dana – All Kinds Of Everything». Official Charts Company. Henta 10. februar 2017.