You Don't Have to Say You Love Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
You Don't Have to Say You Love Me
Singel av Dusty Springfield
B-side
  • «Every Ounce of Strength» (Cropper/Hayes/Porter) (UK)
  • «Little by Little» (US)
Utgjeve 25. mars 1966
Innspelt Philips Studio, Stanhope Place, London
Sjanger Pop
Selskap Philips BF 1482[1]
Låtskrivar(ar) Vicki Wickham, Simon Napier-Bell,[1] Pino Donaggio, Vito Pallavicini
Produsent Johnny Franz[1]
Dusty Springfield-kronologi
«Little by Little»
(1966)
You Don't Have to Say You Love Me «Goin' Back»
(1966)


«You Don't Have to Say You Love Me» (opphavleg ein italiensk song frå 1965 av Pino Donaggio og tekstforfattaren Vito Pallavicini: «Io che non vivo (senza te)») er ein song som vart ein hit i 1966 for den engelske songaren Dusty Springfield. Songen vart ein av dei største hittane hennar og gjekk til topps på den britiske singellista[2] og nådde fjerdeplassen i USA. Songen gjekk sidan inn på lista i Storbritannia med innspelingar av Elvis Presley (nr. 9 i 1971), Guys 'n' Dolls (nr. 5 i 1976) og Denise Welch (nr. 23 i 1995). Presley sin versjon nådde 11. plassen på den amerikanske singellista i 1970.[3][4] «You Don't Have to Say You Love Me» vart òg ein hit i Irland for Red Hurley (nr. 5 i 1978), i Italia for Wall Street Crash (nr. 6 i 1983) og - som «En koskaan» - i Finland for Kristina Hautala (nr. 6 i 1966).

Den originale italienske versjonen[endre | endre wikiteksten]

«Io che non vivo (senza te)» vart først framført på den 15. utgåva av Sanremo-festivalen av Pino Donaggio — som hadde skrive songen i lag med Vito Pallavicini — og partneren hans Jody Miller. Songen kom til finalen i Sanremo og vart spelt inn av Donaggio. Versjonen hans gjekk til topps på den italienske singellista i mars 1965. «Io che non vivo (senza te)» vart sidan brukt i filmmusikken til Luchino Visconti-filmen Vaghe stelle dell'Orsa (òg kjend som Sandra), med Claudia Cardinale. Denne vart nominert til Gulløva ved Filmfestivalen i Venezia i september det året.

Dusty Springfield-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Dusty Springfield, som deltok på Sanremo-festivalen i 1965, var i publikum då Donaggio og Miller framførte «Io che non vivo (senza te)» og trass i at ho ikkje forstod teksten, rørte songen ho til tårer. Springfield fekk tak i ei plate med songen, men let det gå eit år før ho spelte inn ein engelsk versjon.

9. mars 1966 vart det spelt inn eit akkompagnement til Springfield-versjonen i Philips Studio Marble Arch i lag med gitaristen Big Jim Sullivan og trommeslagaren Bobby Graham. Springfield mangla framleis ein engelsk tekst. Ho fekk til slutt venen Vicki Wickham, produsenten for Ready Steady Go!, til å skrive ein engelsk tekst i lag med sin eigen ven, Simon Napier-Bell som var manager for The Yardbirds. Verken Wickham eller Napier-Bell hadde skrive nokre særleg med tekstar tidlegare. I følgje Napier-Bell skal han og Wickham ha ete på ein restaurant då ho nemnde at Springfield leita etter ein engelsk tekst til Donaggio-songen og dei to tok utfordringa med å skrive teksten sjølv. Verken Wickham eller Napier-Bell forstod den italienske teksten, men dei skal i følgje Wickham ha prøvd å skrive ein antikjærleikssong kalla «I Don't Love You». Då dette ikkje førte fram endra dei teksten til «You Don't Love Me» og så til «You Don't Have to Love Me» før det enda med «You Don't Have to Say You Love Me» for å passe til melodien i songen. Napier-Bell kalla seinare den første boka si (ei sjølvbiografisk skildring av det britiske musikkmiljøet i 1960-åra) You Don't Have to Say You Love Me etter songen.

Springfield spelte inn vokalen sin dagen etter. Ho var ikkje nøgd med akustistkken i studio og flytta til slutt ut i trappeoppgangen. Springfield var ikkje nøgd med vokalen sin før ho hadde sunge inn 47 opptak.

Singelen kom ut 25. mars 1966 i Storbritannia og vart ein stor hit for Springfield, og ein av songane som er mest identifisert med ho. Då Springfield døydde vart songen gjeven ut på Now 42 som ein hyllest til ho.

Songen gjekk til topps på den britiske singellista og nådde fjerdeplassen på den amerikanske lista.[3] Songen vart så populær i USA at albumet hennar, Ev'rything's Coming Up Dusty frå 1965, vart gjeven ut der med ei litt anna sporliste, og kalla opp etter singelen. B-sida på den amerikanske singelen, «Little by Little», kom ut i Storbritannia som ei eiga A-side og nådde 17. plassene der). I 2004 vart songen plassert på 491. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[5]

Elvis Presley-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«You Don't Have to Say You Love Me» vart spelt inn av Elvis Presley i 1970 på albumet That's the Way It Is. Presley gav òg ut songen på singel, den 6. oktober 1970. Songen vart spelt inn kvelden 6. juni 1970 i Studio B i RCA Studios (Nashville), og vart den tredje av sju songar som vart spelt inn den kvelden. Produsenten Felton Jarvis meinte at det andre opptaket var godt nok, men Presley insisterte på å gjere eit tredje opptak.[6] Singelen nådde 11. plassen på Hot 100 i Billboard, og gjekk til topps på Billboard Easy Listening-lista. Songen nådde òg 56. plassen på Billboard C&W-lista.[7] Singelen selde til gullplate. Presley fekk òg ein hit med singelen i både Australia (7. plassen) og Canada (6. plassen), i tillegg til ein niandeplass i Storbritannia og 17. plass i Irland.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråklege versjonar[endre | endre wikiteksten]

«You Don't Have to Say You Love Me» er blitt spelt inn av mange andre artistar, som:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 100. ISBN 0-85112-250-7. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 190. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «You Don't Have to Say You Love Me - Full Official Chart History». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/search/singles/you%20don't%20have%20to%20say%20you%20love%20me/. Henta 18. januar 2017. 
  4. «Lyrics: You Don't Have To Say You Love Me av Elvis Presley». Top40db.net. http://www.top40db.net/lyrics/?SongID=70245&By=Title&Match=You+Don%27t+Have+To+Say+You+Love+Me. Henta 10. januar 2017. 
  5. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/6596336/you_dont_have_to_say_you_love_me/1. Henta 18. januar 2017. 
  6. Jorgensen, Ernest (1998). Elvis Presley: A Life In Music. NYC: St Martin's Griffin. ISBN 978-0312263157. 
  7. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 196. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]