Desolation Row

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Desolation Row»
Song av Bob Dylan
frå albumet Highway 61 Revisited
Språk engelsk
Utgjeve 30. august 1965
Innspelt Columbia Studios i New York, 4. august 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 11:21
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Desolation Row» er det siste sporet på det sjette studioalbumet til Bob Dylan, Highway 61 Revisited frå 1965. Songen er kjend for lengda (11:21) og den surrealistiske teksten. Han vart spelt inn 4. august 1965, i Columbia sitt Studio A i New York City. To opptak vart sett saman for albumutgåva. Charlie McCoy spelte akustisk gitar på innspelinga, og songen er den einaste på albumet som ikkje inneheld elektrisk gitar. Eit anna opptak med elektrisk gitar og meir tydeleg bass vart gjeve ut på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 187. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1] Joe Strummer har ein referanse til «Desolation Row» i songen sin «Coma Girl» på albumet Streetcore. Songen vert òg referert til i Laura Branigan sin «Spanish Eddie» i 1985.

Inspirasjon og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

They're selling postcards of the hanging
They're painting the passports brown
The beauty parlor is filled with sailors
The circus is in town

Bob Dylan

I eit intervju med USA Today i 2001 hevda Dylan at songen er ein «trubadursong»[2]

Det har vore diskutert kvar Desolation Row er. Dylan fortalte i 1965 at det var «ein stad i Mexico», medan Al Kooper (som spelte orgel og piano på albumet) hevdar det er Eighth Avenue i New York City.[3]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den italienske visesongaren Fabrizio de André skreiv «Via della Povertà», ei italiensk tolking av «Desolation Row» på albumet Canzoni i 1974. Åge Aleksandersen spelte inn ei norsk utgåve av songen kalla «Nederst på Karl Johan» (på Fredløs: Dylan på norsk, 1997).

I følgje nettsida til Grateful Dead har dei spelt «Desolation Row» sidan midten av 1980-åra. Songen finst på albumet deira Postcards of the Hanging frå 2002.

Chris Smither spelte inn songen på albumet Train Home frå 2003 med Bonnie Raitt på korvokal og slidegitar.[4]

Dan Tillberg gjorde ein svensk versjon av songen kalla «Hopplöshetens gränd» på Kärlek minus noll.

My Chemical Romance-utgåva[endre | endre wikiteksten]

«Desolation Row»
Singel av My Chemical Romance
frå albumet Watchmen: Music from the Motion Picture
Språk engelsk
Utgjeve 26. januar 2009
Innspelt 2008
Sjanger Rock
Lengd 3:01
Selskap Reprise Records
Warner Sunset Records
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
My Chemical Romance-kronologi 
«Teenagers»
(2007)
«Desolation Row» «Death Before Disco»
(2009)


My Chemical Romance spelte ei punkrock-utgåve av «Desolation Row»[5], for filmen Watchmen i 2009.[6] Songen nådde 20. plass på Billboards Modern Rock Tracks i mars 2009.[7] Det første kapittelet i Watchmen («At Midnight All the Agents») er òg kalla opp etter ei av linjene i songen, som òg inneheld eit sitat frå songen på slutten av kapittelet.

Norske utgåver[endre | endre wikiteksten]

Jan Erik Vold skreiv ein norsk tekst til songen, kalla «Lågfot Aveny». Denne vart framført av Jan Erik Vold, Kåre Virud og Telemark Blueslag i 1981. Ein annan norsk tekst vart skriven av Håvard Rem og kalla «Nederst på Karl Johan». Denne vart framført av Åge Aleksandersen med band og Taraf de Haïdouks i 1997.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». Arkivert frå originalen 22. juni 2008. Henta 23. oktober 2009. 
  2. Gundersen, Edna Dylan is positively on top of his game, USA Today 10. oktober 2001
  3. Dylan on Dylan, s. 61. Wenner Media, 2006
  4. Choates, Rick (2003). «Chris Smither's Long Train Home». Northern Express. Arkivert frå originalen 17. februar 2007. Henta 23. oktober 2009. 
  5. «My Chemical Romance video for Desolation Row». Youtube. 
  6. «My Chemical Romance Release Bob Dylan Cover Next Month». Kerrang. Arkivert frå originalen 21. august 2009. Henta 23. oktober 2009. 
  7. «Artist Chart History - My Chemical Romance». Billboard. Arkivert frå originalen 29. desember 2008. Henta 23. oktober 2009.