Staying Power

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staying Power
Singel av Queen
frå albumet Hot Space
B-side

«Back Chat»

Språk engelsk
Utgjeve 31. juli 1982
Innspelt 1981–1982
Sjanger rock, funkrock, disco
Lengd 4:10
Selskap Elektra (Japan) Hollywood (United States)
Komponist Freddie Mercury
Tekstforfattar Freddie Mercury
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen og Reinhold Mack
Queen-kronologi 
«Calling All Girls»
(1982)
Staying Power «Back Chat»
(1982)


«Staying Power» er opningssporet på Queen-albumet Hot Space frå 1982. Han vart skriven av songaren Freddie Mercury og er kjend som den einaste songen til Queen med ei blåserekkje, som var arrangert av Arif Mardin. Songen er driven av eit funky bassriff (spelt av Mercury) som går gjennom heile songen. John Deacon spelar ikkje bass på songen, men rytmegitar på ein Fender Telecaster i staden for. Roger Taylor programmerte ein Linn LM-1 trommemaskin for songen. Brian May spelar på gitaren sin Red Special. I ei melding for Stylus skildra kritikaren Anthony Miccio stilen til songen som «ein electro-disco-song med frenetiske horn.»[1]

Songen vart gjeven ut på singel i Japan, USA og Polen, der han nådde 21. plassen.

Konsert[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt på Hot Space-turneen og til ein viss grad på The Works-turneen. Konsertversjonen av «Staying Power» er ein noko annleis versjon enn albumversjonen. Morgan Fisher spelte klaverinstrument og erstatta Oberheim-instrumentet med ein Roland Jupiter 8. Taylor erstatta trommemaskinen med akustiske og elektriske trommer. Det er òg den einaste songen der Deacon spelar rytmegitar live, sidan bassen vart spelt på klaver. Songen vart omgjort til ein funkrocksong i staden for ein disco-aktig rockelåt. Eit konsertopptak av songen finst på DVDen Greatest Video Hits 2, albumet og DVDen Queen On Fire: Live At The Bowl og på luksusutgåva av Hot Space frå 2011.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Queen – Hot Space[daud lenkje] Stylus. Henta 7. april 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]