One of These Nights av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
One of These Nights
Singel av Eagles
frå albumet One of These Nights
B-side «Visions»
Utgjeve 19. mai 1975
Sjanger Softrock,[1] disco[1]
Lengd 4:55 (album), 3:28 (singel)
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Don Henley, Glenn Frey
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi
«Best of My Love»
(1974)
One of These Nights «Lyin' Eyes»
(1975)


«One of These Nights» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey og spelt inn av det amerikanske rockebandet Eagles. Han er tittelsporet frå albumet One of These Nights i 1975 og vart den andre singelen deira som nådde toppen av Billboard Hot 100 etter «Best of My Love» og var med å drive albumet opp til toppen av albumlista. Singelversjonen vart korta ned frå albumversjonen av songen, og det meste av introduksjonen og uttoninga var fjerna. Don Henley er solovokalist på versa, medan Randy Meisner syng høg harmoni på refrenget. Songen har ein gitarsolo av Don Felder.[2]

I følgje låtskrivaren Glenn Frey handlar songen om å utsette ting. «Me sa alle, 'ein kveld no snart skal eg gjere noko -- få den jenta, tene dei pengane, finne det huset.' Me har alle våre draumar - ein visjon me håper skal oppfyllast ein dag. Når den dagen kjem er opp til oss sjølv.»

B-side, «Visions», har Don Felder på solovokal, den einaste Eagles-songen han syng solo.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Masley, Ed (30. september 2014). «10/1: 5 essential Eagles albums- 'Hotel to 'Border'». The Arizona Republic. Henta 23. mai 2015. 
  2. Prown, Pete; Newquist, Harvey P. (1997). Legends of Rock Guitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Guitarist. Milwaukee, WI: Leonard. s. 119. ISBN 978-0793540426. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]