Peaceful Easy Feeling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peaceful Easy Feeling
Singel av Eagles
frå albumet Eagles
B-side

«Tryin'»

Utgjeve 1. desember 1972
Innspelt Olympic Sound Studios i London
Sjanger Softrock,[1] folkrock,[2] countryrock[3]
Lengd 4:13
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Jack Tempchin
Produsent Glyn Johns
Eagles-kronologi 
«Witchy Woman»
(1972)
Peaceful Easy Feeling «Tequila Sunrise»
(1973)


«Peaceful Easy Feeling» er ein song skriven av Jack Tempchin og spelt inn av Eagles. Det var den tredje singelen frå debutplata til bandet frå 1972, Eagles. Singelen nådde 22. plassen på den amerikanske singellista og er ein av dei mest populære songane sine. Glenn Frey syng solovokal, medan Bernie Leadon og Randy Meisner syng harmonivokal.

Tommy Shannon, den tidlegare bassisten til Stevie Ray Vaughan, sa at «Peaceful Easy Feeling» vart spelt på radio då han fekk vite om helikopterulukka som Vaughan omkom i.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jack Tempchin skreiv songen i ei tid då han spelte på visekafear kring heime byen San Diego.[5] Ein ven hadde laga ein plakat for å marknadsføre konsertane hans, mellom anna med falske sitat frå kjende personar om talentet til Tempchin. Dette skaffa han ein konsert i El Centro. Tempchin sov på golvet på klubben natta før konserten og skreiv ein tidleg versjon av «Peaceful Easy Feeling» på baksida av plakaten.[5] Attende i San Diego budde Tempchin i eit kollektiv i lag med andre musikarar då han skreiv vidare på songen.

Under ein tur kort tid etter til Old Town San Diego State Historic Park, såg Tempchin ei jente med «turkise øyredobbar mot den mørke huda hennar,» som han nytta i songen. «Eg trur eg prøvde å destillere venleiken til kvar jente eg såg i ord på papiret og så til ein song,» sa han seinare.[5] Han skreiv seinare ferdig songen på ein parkeringsplass utafor hurtigmatkjeda Der Wienerschnitzel i San Diego.[5]

Ei tid seinare hadde Tempchin flytta til Los Angeles og prøvde å slå gjennom i musikkindustrien i lag med Jackson Browne, Glenn Frey og J.D. Souther.[5] Frey høyrte Tempchin sin «Peaceful Easy Feeling» og spurte om han kunne utvikle songen vidare. Bandet hans, Eagles, hadde blitt danna berre åtte dagar tidlegare. Han presenterte Tempchking med ein demoversjon på ein kassett dagen etter, som sa «Det var så bra at eg ikkje kunne tru det.»[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

På albumet Common Thread: The Songs of the Eagles spelte countrybandet Little Texas ein versjon av «Peaceful Easy Feeling». Denne nådde 74. plassen på Billboard Hot Country Songs-lista i USA.

B.W. Stevenson spelte òg inn «Peaceful Easy Feeling» og gav han ut i 1972 på albumet Lead Free (RCA Victor 4794).

Visesongaren Kate Wolf spelte ein langsam, akustisk versjon av «Peaceful Easy Feeling» i 1982 for konsertalbumet Give Yourself to Love.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972–73) Plassering
Canada (Canadian Hot 100)[6] 35
Canadian Adult Contemporary (RPM)[7] 22
US Billboard Hot 100[8] 22
US Easy Listening (Billboard)[9] 20

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Masley, Ed (30. september 2014). «10/1: 5 essential Eagles albums- 'Hotel to 'Border'». The Arizona Republic. Henta 23. mai 2015. 
  2. William Ruhlmann. «Eagles - Eagles - Songs, Reviews, Credits, Awards - AllMusic». AllMusic. Henta 17. august 2015. 
  3. «Review: Eagles’ long, rich history thrills audience at Spokane Arena». The Spokesman-Review. 31. mai 2015. Henta 17. august 2015. 
  4. «Double Trouble's Chris Layton, Tommy Shannon on Stevie Ray Vaughan». [daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Jack Tempchin (21. desember 2012). «40 Years of 'Peaceful Easy Feeling' - The Story Behind The Song by Jack Tempchin». No Depression. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 13. oktober 2012. 
  6. "Eagles Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for Eagles. Prometheus Global Media. Henta October 6, 2014.
  7. «Results - RPM - Library and Archives Canada: Adult Contemporary». magasinet RPM. Henta 11. juli 2010. 
  8. "Eagles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Eagles. Prometheus Global Media. Henta October 6, 2014.
  9. «Eagles Chart History». Billboard. Prometheus Global Media. Henta October 6, 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]