On the Border

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
On the Border
Studioalbum av Eagles
Utgjeve 22. mars 1974
Innspelt Record Plant Studios i Los Angeles
Olympic Studios, London, 1973–74
Sjanger Rock,[1] hardrock[2]
Lengd 40:29
Selskap Asylum
Produsent Bill Szymczyk, Glyn Johns
Eagles-kronologi
Desperado
(1973)
On the Border One of These Nights
(1975)
Singlar frå On the Border
  1. «Already Gone»
    Utgjeve: 19. april 1974
  2. «James Dean»
    Utgjeve: 14. august 1974
  3. «Best of My Love»
    Utgjeve: 5. november 1974
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Robert ChristgauB+[4]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

On the Border er det tredje studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Eagles, utgjeve i 1974. Under innspelinga av albumet gjorde bandet fleire endringar. Bandet prøvde å lene seg meir i retninga mot hardrock, då dei følte at produsenten deira Glyn Johns la for stor vekt på den countryaktige rockestilen deira.[6] Etter å ha spelt inn berre to songar, «Best of My Love» og «You Never Cry Like a Lover», sa dei opp Johns, og flytta attende til Californai, der dei leigde inn Bill Szymczyk. Szymczyk føreslo å hente inn ein gitarist med ein skarpare lyd for å spele slidegitar på songen «Good Day in Hell». Dei tenkte raskt på den gamle venen til Bernie Leadon, Don Felder, som dei hadde møtt og spelt med fleire gonger. Bandet vart så imponert at dei inviterte med seg Felder i bandet.[7] Det einaste sporet på albumet som han er med på er «Already Gone».[2] Albumet nådde 17. plassen på albumlista og selde to millionar eksemplar. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, «Already Gone», «James Dean» og «Best Of My Love». Singlane nådde høvesvis 32. plassen, 77. plassen og førsteplassen på den amerikanske singellista. «Best of My Love» vart den første av fem listetoppar for bandet.

Albumet var det første for Eagles som vart gjeven ut i kvadrofonisk kringlyd. Det vart gjeve ut på eit kvadrofonisk åttespors lydband. Det var skore inn ei løynd melding i inste sporet på vinylplata som sa: «He who hesitates is lunch».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Vokal Lengd
1. «Already Gone»  Jack Tempchin, Robb StrandlundGlenn Frey 4:15
2. «You Never Cry Like a Lover»  J.D. Souther, Don HenleyRandy Meisner 4:00
3. «Midnight Flyer»  Paul Craft  3:55
4. «My Man»  Bernie Leadon)Bernie Leadon 3:29
5. «On the Border»  Henley, Leadon, Glenn FreyDon Henley 4:23
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Vokal Lengd
6. «James Dean»  Jackson Browne, Frey, Souther, HenleyGlenn Frey 3:38
7. «Ol' '55»  Tom WaitsGlenn Frey og Don Henley 4:21
8. «Is It True?»  Randy MeisnerRandy Meisner 3:14
9. «Good Day in Hell»  Henley, Frey  4:25
10. «Best of My Love»  Henley, Frey, SoutherDon Henley 4:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1974 Pop Album 17
1974 UK Album Chart 28

Singlar

År Singel Liste Plassering
1974 "Already Gone" Pop Singles 32
1974 "James Dean" Pop Singles 77
1975 "Best Of My Love" Pop Singles 1
1975 "Best Of My Love" Adult Contemporary 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Ruhlmann (1974-03-22). «On the Border - Eagles | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 5. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 http://www.allmusic.com/album/on-the-border-mw0000193647
  3. Ruhlmann, William. «On the Border». Allmusic. Henta 17. august 2015. 
  4. Christgau, Robert. «The Eagles: On the Border». Robert Christgau.com. Henta 17. august 2015. 
  5. Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). Eagles. Simon and Schuster. Henta 17. august 2015. 
  6. http://www.allmusic.com/artist/eagles-mn0000144847/biography
  7. Felder, Don; Holden, Wendy (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974–2001). Wiley & Sons. ISBN 978-0-4704-5042-0. , 110-13.