Best of My Love av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Best of My Love
Singel av Eagles
frå albumet On the Border
B-side

«Ol' '55»

Utgjeve 5. november 1974
Innspelt Olympic Sound Studios, London
Sjanger Softrock,[1] countryrock, folkrock
Lengd 4:34
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Don Henley, Glenn Frey, J.D. Souther
Produsent Glyn Johns
Eagles-kronologi 
«James Dean»
(1974)
Best of My Love «One of These Nights»
(1975)


«Best of My Love» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey og J.D. Souther. Han vart opphavleg spelt inn av Eagles (med Henley på solovokal), for albumet On the Border i 1974. Det var den første singelen til bandet som nådde toppen av Billboard Hot 100 i mars 1975, og toppa òg easy listening-lista.[2] Billboard rangerte songen på 12. plassen for 1975.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 2009 fortalte J.D. Souther om «Best of My Love»: «Glenn fann melodien. Eg trur melodien kom frå ei Fred Neil-innspeling... Me arbeidde på det albumet (On the Border) og kom til London. Oss tre skreiv songen og var under press for å få han ferdig i tide. Eg veit ikkje kvar me henta inspirasjonen frå.»[4] Om musikken sa Glenn Frey «eg spelte akustisk gitar ein ettermiddag i Laurel Canyon, og prøvde å finne ut av ei stemming som Joni Mitchell hadde vist meg nokre dagar tidlegare. Eg fann ikkje ut av det og enda opp med ei gitarstemming eg seinare nytta for 'The Best of My Love.'"[5] The Eagles hadde arbeidd på On the Border i Olympic Studios i London med produsenten Glyn Johns, som hadde produsert debutalbumet Eagles og oppføljaren Desperado. Trass i suksessen med debutalbumet, ønskte Eagles å tone ned countryrocken og auke rocken. Dei gav derfor Johns sparken og tok berre med seg «Best of My Love» og «You Never Cry Like a Lover» frå innspelingane i London. Resten av albumet vart spelt inn i the Record Plant i heimbyen Los Angeles med Bill Szymczyk som produsent.[6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Brooks & Dunn gav ut songen på eit hyllestalbum med Eagles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jasen, David A. (2002). A Century of American Popular Music: 2000 Best-Loved and Remembered Songs (1899-1999). Routledge. s. 20. ISBN 0-415-93700-0. «The Eagles had a number 1 hit with this soft—rock ballad i 1975, which charted for fourteen weeks» 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 84. 
  3. Billboard Year-End Hot 100 singles of 1975
  4. «Acoustic Strom Interviews - J.D. Souther». AcousticStorm.com. Henta 16. oktober 2015. 
  5. http://www.glennfreyonline.com/eagles/verybest/linernotes.htm
  6. Felder, Don (2008). Heaven and Hell: My Life in the Eagles (1974–2001). Hoboken NJ: John Wiley & Sons. s. 106. ISBN 978-0470450420. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]