Desperado av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Desperado
Studioalbum av Eagles
Utgjeve 17. april 1973[1]
Innspelt 1973 i Island Studios, London, England[2]
Sjanger Rock, countryrock, folkrock
Lengd 35:40[1]
Selskap Asylum
Produsent Glyn Johns[2]
Eagles-kronologi
Eagles
(1972)
Desperado On the Border
(1974)
Singlar frå Desperado
  1. «Tequila Sunrise»
    Utgjeve: 17. april 1973
  2. «Outlaw Man»
    Utgjeve: 6. august 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[3]
Robert ChristgauC[4]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

Desperado er det andre studioalbumet til det amerikanske bandet Eagles. Det vart spelt inn i Island Studios i London i Storbritannia og gjeve ut i 1973. Desperado er eit konseptalbum basert på tema frå Det ville vesten. Opphavleg arbeidde Don Henley, Glenn Frey, Jackson Browne, og J.D. Souther på ei rekkj songar om anti-heltar, men hadde ikkj fleire idear etter at dei hadde skrive «Doolin' Dalton» og «James Dean». Sistnemnde vart lagt på hylla og dei byrja i staden å skrive songar med temaet dei kom opp med i «Doolin' Dalton».[6]

Bandmedlemmane er avbilda på plateomslaget kledd som ein lovlaus gjeng. Desperado er det einaste Eagles-albumet der medlemmane i bandet er på framsida.

Sjølv om tittelsporet er ein av signaturlåtane til Eagles, vart han aldri gjeven ut på singel. Songen «Desperado» vart rangert på 494. plassen på lista til Rolling Stone frå 2004 over dei 500 beste songane gjennom tidene, men var falle ut av denne lista på den oppdaterte lista som kom i 2010. Albumet inneheldt to andre singlar: «Tequila Sunrise» og «Outlaw Man». Deese to nådde høvesvis 64. plassen og 59. plassen på singellista i USA. Sjølve albumet nådde 41. plassen på albumlista i USA og selde to millionar eksemplar.

Desperado var det siste albumet til Asylum Records som vart distribuert i Nord-Amerika av Atlantic Records, før Asylum i midten av 1973 vart slått saman med Elektra Records.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

AllMusic-skribenten William Ruhlmann hylla det at Henley var meir involvert på dette enn det førre albumet og skreiv at «det var både meir ambisiøst og seriøst enn føregjengaren, men samstundes noko lettare og mindre konsistent.»[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokalist Lengd
1. «Doolin-Dalton»  Glenn Frey, J.D. Souther, Don Henley, Jackson BrowneDon Henley, Glenn Frey 3:26
2. «Twenty-One»  Bernie LeadonBernie Leadon 2:11
3. «Out of Control»  Henley, Frey, Tom NixonGlenn Frey 3:04
4. «Tequila Sunrise»  Henley, FreyGlenn Frey 2:52
5. «Desperado»  Henley, FreyDon Henley 3:36
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokalist Lengd
6. «Certain Kind of Fool»  Randy Meisner, Henley, FreyRandy Meisner 3:02
7. «Doolin-Dalton (Instrumental)»  Frey, Souther, Henley, Browne  0:48
8. «Outlaw Man»  David BlueGlenn Frey 3:34
9. «Saturday Night»  Meisner, Henley, Frey, LeadonDon Henley, Randy Meisner 3:20
10. «Bitter Creek»  LeadonBernie Leadon 5:00
11. «Doolin-Dalton / Desperado (Reprise)»  Frey, Souther, Henley, BrowneDon Henley 4:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album
Liste (1973) Plassering
US Billboard 200[8] 41
Canada RPM 100 Album[9] 35
UK (The Official Charts Company)[10] 39
New Zealand (Top 50 Album)[11] 40
Singlar
  • «Tequila Sunrise»/«Twenty-One» - utgjeve 17. april 1973
  • «Outlaw Man»/«Certain Kind of Fool» - utgjeve 6. august 1973
År Single Liste Plassering
1973 «Outlaw Man» Billboard Pop Singles 59
1973 «Tequila Sunrise» Billboard Pop Singles 64

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 William Ruhlmann. «Desperado - Eagles». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 17. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 Desperado (CD liner). Eagles. Asylum Records. 1973. 5068-2. 
  3. Ruhlmann, William. «Desperado». Allmusic. Henta 17. august 2015. 
  4. Christgau, Robert. «The Eagles: Desperado». Robert Christgau.com. Henta 17. august 2015. 
  5. Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (2004). Eagles. Simon and Schuster. Henta 26. august 2012. 
  6. The Very Best of the Eagles (CD). Eagles. Warner Music Group. 2003. R2 73971. 
  7. http://www.allmusic.com/album/desperado-mw0000193646
  8. «Desperado > Charts & Awards > Billboard Album». Allmusic. Henta 5. januar 2012. 
  9. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2012-01-05. 
  10. «Eagles - Desperado». Chart Stats. 1976-04-24. Henta 2012-01-05. 
  11. Steffen Hung. «Eagles - Desperado». charts.org.nz. Henta 2012-01-05.