Bob Klose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rado Klose)
Bob Klose
Fødd1944, Cambridge i England.
FødestadCambridge
FødenamnRado Robert Klose
AliasBob K(C)lose, Brian K(C)lose
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerRhythm and blues, jazz
Instrumentgitar
Tilknytte artistarPink Floyd
Verka somMusikar og fotograf

Rado «Bob» Klose (fødd 1944, og vert av og til kalla Bob Close eller Brian Close) er ein britisk musikar og fotograf. Han var ein av dei tidlegaste medlemmane av bandet Pink Floyd, der han spelte gitar. Han forlet derimot bandet før dei gav ut sin første singel «Arnold Layne».

Før Pink Floyd eksisterte bandet The Abdabs (som òg vart kalla The Screaming Abdabs, Sigma 6 og The Meggadeaths) med medlemmane Roger Waters (gitar), Richard Wright (gitar), Nick Mason (trommer), Clive Metcalfe (bassgitar) og Keith Noble og Juliette Gale på vokal. Bandet spelte rhythm and blues-songar, som det ofte var manager Ken Chapman som hadde laga. Metcalfe, Noble og Gale forsvann frå bandet om lag på same tid som då Wright og Gale gifta seg. Syd Barrett (gitar og vokal) og Bob Klose (gitar) vart med i restane av bandet, og Roger Waters skifta til bass og vokal, medan Richard Wright skifta til tangentinstrument og vokal. Dette nye bandet kalla seg først Tea Set, og så The Pink Floyd Sound (kalla opp etter to gamle bluesmusikarar frå Georgia i USA kalla Pink Anderson og Floyd Council). Ordet Sound vart droppa frå bandnamnet, og artikkelen føre namnet forsvann etter fem år.

Klose var derimot meir fokusert på studiane sine enn bandet, og var i tillegg meir interessert i jazz og blues enn Barrett sin psykedelia og pop, så han gjekk frå bandet i 1965, kort tid etter han vart med i bandet. Barrett tok då over rolla som hovudgitarist, vokalist og låtskrivar, medan Klose vart fotograf.

Klose bekrefta i ein TV-dokumentar at ein kan høyre gitaren hans på den tidlege acetatsingelen «Lucy Leave/I’m a King Bee», som aldri vart gjeven ut offisielt.

I 2006 var Klose gjesteartist på David Gilmour sitt album On an Island.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]