Pingvinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spheniscidae)
Pingvinar
Ringpingvinar, Pygoscelis antarctica
Ringpingvinar, Pygoscelis antarctica
Utbreiing
Utbreing av pingvinar som gruppe
Utbreing av pingvinar som gruppe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sphenisciformes
Familie: Pingvinar Spheniscidae
Bonaparte, 1831

Pingvinar (Spheniscidae) er ei familiegruppe med fuglar som omfattar 18 artar fordelt i 6 slekter. Dette er einaste familien i den biologiske ordenen Sphenisciformes. Pingvinane held til på den sørlege halvkula, særleg i Antarktis.

Særs tilpassa livet i havet, har pingvinar delt mørk og kvit fjørdrakt, og vengene utvikla seg til å likne luffar brukt til symjing. Dei fleste pingvinane lever av kril, fisk, blekksprut og andre former for sjødyr fanga medan dei sym under vatn. Dei lever omtrent halvparten av tida på land og halvparten i havet.

Sjølv om alle pingvinartar har naturleg tilhald på den sørlege halvkula, er dei ikkje avgrensa til å leve i kaldt klima, slik som i Antarktis. Faktisk er det berre få pingvinartar som lever så langt sør. Fleire artar finst i den tempererte sona, og éin art, galapagospingvinen, lever nær ekvator.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar er middels store til store fuglar som veg rundt 1-30 kg og blir rundt 30-115 cm høge. Den største nolevande arten er keisarpingvin. I gjennomsnitt er vaksne keisarpingvinar ca. 1,15 m høge og veg 35 kg eller meir. Den minste pingvinarten er dvergpingvin, rundt 30 cm høg og veg litt over eit kilogram. Blant nolevande pingvinartar, lever dei større pingvinane i kaldare område, medan mindre pingvinar er generelt er funne i temperert eller tropisk klima.

Anatomi og fysiologi[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar er tilpassa eit liv nær havet og kan halde ut sterk kulde. Dei har eit tjukt varmeisolerande feittlag under huda, og kan styra blodtilførselen til kroppsdelane sine, slik at dei kan redusera nedkjøling av blodet samstundes som ikkje kroppsdelane frys.

Dei kan ikkje flyga, men sym raskt og smidig, hjelpt av luffeaktige venger og ein glatt fjørdrakt. Eit luftlag innanfor fjørne gjer at dei flyt lettare i vatnet og held varmen. På land går eller hopper pingvinane oppreist, dei brukar stjerten og vengene for å oppretthalde balansen. Men dei kan også skyva seg framover på magen på is og snø.

Symjefarta under vatn er til vanleg berre 6–12 km/t, sjølv om det er rapportert om fart på 27 km/t, som er meir realistiske i tilfelle flukt frå farar.[treng kjelde] Dei små pingvinane vil vanlegvis ikkje dukke djupt. Dei fangar byttedyra sine nær overflata i dykk som normalt varar berre eit minutt eller to. Større pingvinar kan dykke djupt når dei har trong til det. Eit dykk registrert blant den store keisarpingvinen nådde ei djupne på 565 m i opptil 22 minutt.[1][2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Pingvinar lever i flokk, gjerne tusenvis saman. Dei hekkar i store koloniar og kan vandra eller symja saman på store reiser som endå er lite kjente for forskarar. Dei jaktar og et sjødyr, som kril, fisk og blekksprut.

Pingvinar er sjølv byttedyr for haiar, selar og tannkvalar, særleg leopardsel (Hydrurga leptonyx) og spekkhoggar (Orcinus orca). Nokre stader kan også røyskatt og rotter truga pingvinane.

Pingvinar myter alle fjører omtrent samstundes over ein periode på to til fem veker om sommaren eller hausten. I denne perioden ser dei forkomne og 'sjuke' ut, dei er ikkje i stand til å symje og må derfor faste. Det er viktig at mytande pingvinar ikkje blir forstyrra av menneske eller predatorar.[3]

Pingvinartar[endre | endre wikiteksten]

Adeliepingvinar i Antarktis.
Kvitkinnpingvinar på den australske Macquarieøya.

Pingvinar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Slekt Aptenodytes

  • Kongepingvin, Aptenodytes patagonicus, King Penguin, Miller, 1778, (LC)
  • Keisarpingvin, Aptenodytes forsteri, Emperor Penguin, Gray, 1844, (NT)

Slekt Pygoscelis

  • Adeliepingvin, Pygoscelis adeliae, Adelie Penguin, Hombron & Jacquinot, 1841, (LC)
  • Bøylepingvin, Pygoscelis papua, Gentoo Penguin, Forster, 1781, (LC)
  • Ringpingvin, Pygoscelis antarcticus, Chinstrap Penguin, Forster, 1781, (LC)

Slekt Megadyptes

  • Gulaugepingvin, Megadyptes antipodes, Yellow-eyed Penguin, Hombron & Jacquinot, 1841, (EN)

Slekt Eudyptula

  • Dvergpingvin, Eudyptula minor, Little Penguin, Forster, 1781, (LC)

Slekt Spheniscus

  • Kappingvin, Spheniscus demersus, African Penguin, Linné, 1758, (EN)
  • Humboldtpingvin, Spheniscus humboldti, Humboldt Penguin, Meyen, 1834, (VU)
  • Galapagospingvin, Spheniscus mendiculus, Galapagos Penguin, Sundevall, 1871, (EN)
  • Magellanpingvin, Spheniscus magellanicus, Magellanic Penguin, Forster, 1781, (NT)

Slekt Eudyptes

  • Skogpingvin, Eudyptes pachyrhynchus, Fiordland Penguin, Gray, 1845, (VU)
  • Hornpingvin, Eudyptes sclateri, Erect-crested Penguin, Buller, 1888, (EN)
  • Gulltoppingvin, Eudyptes chrysolophus, Macaroni Penguin, von Brandt, JF, 1837, (VU)
  • Kvitkinnpingvin, Eudyptes schlegeli, Royal Penguin, Finsch, 1876, (NT)
  • Klippehopparpingvin, Eudyptes chrysocome, Southern Rockhopper Penguin, Forster, 1781, (VU)
  • Langduskpingvin, Eudyptes moseleyi, Moseley's Rockhopper Penguin, Mathews & Iredale, 1921, (EN)
  • Snarespingvin, Eudyptes robustus, Snares Penguin, Oliver, 1953, (VU)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Department of Sustainability, Environment, Water, Population & Communities, Australian Antarctic Division, Emperor penguins Lest 12. juli 2012
  2. Andre kjelder som Heather og Robertson (2005) oppgjev 450 meter som djupne for dykk blant keisarpingvinar
  3. Heather og Robertson (2005)
  4. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]