The Last Resort av Eagles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Last Resort
Song av Eagles
frå albumet Hotel California
A-side «Life in the Fast Lane»
Utgjeve 3. mai 1977
Innspelt Mars — oktober 1976
Sjanger Softrock
Lengd 7:28
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Glenn Frey, Don Henley
Produsent Bill Szymczyk

«The Last Resort» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey, som fortel om korleis menneske alltid til slutt øydelegg stader han syns er vakre. Songen vart gjeven ut av Eagles på albumet Hotel California den 8. desember 1976.[1] Songen vart gjeven ut som B-sida til singelen «Life in the Fast Lane» den 3. mai 1977.

I ein episode med In the Studio with Redbeard sa Frey: «Eg må gje all ære for 'The Last Resort' til Henley. Det var første gongen Don på eiga hand skreiv ei episk soge. Me var alle uroa for miljøet på den tida og spelte ein konsert mot atomvåpen. Det verka som ein perfekt måte å samle opp alle temaa med hadde utforska på Hotel California

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, W. «Hotel California». allmusic. Henta 5. september 2015.