Wisława Szymborska
Wisława Szymborska | |
Fødenamn | Maria Wisława Anna Szymborska |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 2. juli 1923 Prowent |
Død |
1. februar 2012 (88 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, omsetjar, essayist, mekanikar, litteraturkritikar, kritikar |
Politisk parti | Polska Zjednoczona Partia Robotnicza |
Medlem av | Polska Akademia Umiejętności, American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste, Stowarzyszenie Pisarzy Polskich, Polish Writers' Union |
Religion | ateisme |
Far | Wincenty Szymborski |
Mor | Anna Szymborska |
Ektefelle | Adam Włodek |
Wisława Szymborska på Commons |
Wisława Szymborska (2. juli 1923–1. februar 2012)[1] var ein polsk lyrikar, essayist og omsetjar av fransk litteratur.
I 1996 blei Szymborska tildelt Nobelprisen i litteratur «för en poesi som med ironisk precision låter det historiska och biologiska sammanhanget träda fram i fragment av mänsklig verklighet.»[2][3]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Maria Wisława Anna Szymborska var fødd i Bnin i Kórnik søraust i Polen. I 1931 flytta ho med familien til Kraków, der ho blei buande resten av livet.
Wisława Szymborska døydde i Kraków 1. februar 2012 etter lengre tids sjukdom.[1]
Virke
[endre | endre wikiteksten]I mars 1945 fekk Szymborska for første gong publisert eit dikt, Szukam słowa («Eg søkjer ord»), i dagsavisa Dziennik Polski.
På slutten av 1940-åra blei ho av ideologiske grunnar nekta å publisere ei diktsamling og valde å tilpasse seg den sosialistiske realismen. Den første diktsamlinga bar tittelen Dlatego żyjemy (1952, «Det er derfor vi lever») og innheldt dikt med titlar som «Lenin» og «Vi helsar bygginga av ein sosialistisk by velkomen.» Dikt som hylla diktatorar var på denne tida ikkje berre vanleg i austblokklandea; òg forfattarar i vest var utøvarar av denne kunsten. Etter enno ein til dels fjernstyrt diktsamling, Pytania zadawane sobie (1954, «Spørsmål eg stiller meg»), tok ho til å konsentrere seg om diktekunsten igjen og skreiv dikt om å skrive det ho såg og følte, til dømes «Katt i tom bustad», «Bidrag til statistikk», «Stemmer» og andre.
Szymborska fekk sitt gjennombrot i 1957 med diktsamlinga Wołanie do Yeti («Rop etter Yeti»).
Ho skreiv i ein ubunden verseform; språkleg er dikta enkle. Verka hennar er omsett til ei rekke språk. I tillegg til at Szymborska publiserte seksten bind omsette ho òg fransk poesi til polsk.
Verk
[endre | endre wikiteksten](Utval)
- 1952: Dlatego żyjemy
- 1954: Pytania zadawane sobie
- 1957: Wołanie do Yeti
- 1962: Sól
- 1966: 101 wierszy
- 1967: Sto pociech
- 1967: Poezje wybrane ('Utvalde dikt')
- 1969: Wszelki wypadek
- 1976: Wielka liczba
- 1986: Ludzie na moście
- 1989: Poezje: Poems, tospråkleg polsk-engelsk utgjeving
- 1992: Lektury nadobowiązkowe
- 1993: Koniec i początek
- 1996: Widok z ziarnkiem piasku
- 1997: Sto wierszy – sto pociech
- 2002: Chwila[4]
- 2003: Rymowanki dla dużych dzieci
- 2005: Dwukropek[5]
- 2009: Tutaj[6]
- 2012: Wystarczy[7]
- 2013: Błysk rewolwru[8]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Staden Krakow sin litteraturpris, 1954
- Prisen til det polske kulturministeriet, 1963
- Goetheprisen, 1991
- Herder-prisen, 1995
- Æresdoktorat ved Adam Mickiewicz-universitetet i Poznań, 1995
- Den polske PEN-klubben sin pris, 1996
- Nobelprisen i litteratur, 1996
- Den kvite ørneordenen, 2011
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Nie żyje Wisława Szymborska.
- ↑ "for poetry that with ironic precision allows the historical and biological context to come to light in fragments of human reality".
- ↑ Tildelinga av Nobels litteraturpris i 1996 på nobelprize.org
- ↑ «Moment - Wisława Szymborska». Culture.pl.
- ↑ «Colon - Wisława Szymborska». Culture.pl.
- ↑ «Tutaj - Wisława Szymborska». Culture.pl.
- ↑ «Enough: Wisława Szymborska's Last Collection of Poems». Culture.pl.
- ↑ «The Poet's Eternal Spark in New Szymborska Discoveries». Culture.pl.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Wisława Szymborska i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobelprize.org, Nobelprisen i litteratur 1996
- Nobelprize.org, Wisława Szymborska - Biografi
- Om og av Wisława Szymborska, OrdStröm förlag
- Dikt av Wyslawa Szymborska Arkivert 2007-02-20 ved Wayback Machine. i light projections av Jenny Holzer