Slow Train Coming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slow Train Coming
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 20. august 1979
Innspelt 30. april  – 11. mai 1979
Sjanger Bluesrock, gospel, kristenrock
Lengd 46:19
Selskap Columbia
Produsent Barry Beckett og Jerry Wexler
Bob Dylan-kronologi 
Street-Legal
(1978)
Slow Train Coming Saved
(1980)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Robert ChristgauB+[2]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[3]

Slow Train Coming er det 19. albumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records i august 1979.

Det var det første albumet til Dylan etter at han vart fødd på ny, og alle songane uttrykker anten ei sterk personleg tru, eller viktigheita av den kristne trua og filosofien. Denne evangeliske karakteren til albumet framandgjorde mange av dei eksisterande tilhengjarane til Dylan, samstundes som mange kristne vart trekte inn i tilhengjarbasen hans. Slow Train Coming vart rangert på 16. plass i boka CCM Presents: The 100 Greatest Albums in Christian Music, ei liste over dei 100 beste albuma i kristen musikk, frå 2001.

Albumet fekk generelt god kritikk i den verdslege pressa og singelen «Gotta Serve Somebody» vart den første hitten hans på tre år. Dylan vann ein Grammypris for beste mannlege rockesong i 1980. Albumet nådde andreplassen i Storbritannia og selde til platina i USA, der det nådde tredjeplassen. I Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista.

Konvertering til kristendom[endre | endre wikiteksten]

I november 1978 hadde Dylan fått ein av dei verste kritikkane gjennom karrieren sin. Seint i januar hadde han omsider premiere på filmen Renaldo and Clara, som hadde vorte filma i 1975. Sjølv om konsertklippa i filmen vart godt mottekne fekk filmen nesten berre negativ kritikk. Mange av dei var så harde at Dylan såg på dei som eit personleg åtak, særleg dei av The Village Voice, som trykte fire negative meldingar av fire forskjellige kritikarar. Samstundes fekk den siste turneen til Dylan mykje dårleg kritikk.

Dylan var likevel i godt humør og hadde det i følgje seg sjølv bra. Dette skulle endre seg 17. november i San Diego i California. Det var varmt og konserten vart fysisk krevjande.[4]

Dylan fortalte i eit intervju i 1979: «Mot slutten av konserten kunne enkelte i publikum sjå at eg ikkje følte meg bra. Og dei kasta opp ein sølvkross på scenen. Vanlegvis plukkar eg ikkje opp ting som vert kasta på scenen. Stundom gjer eg det. Stundom ikkje. Men eg såg ned på denne krossen. Eg sa, 'Eg må ta han opp.' Så eg tok opp denne krossen og la han i lomma...Og eg tok den med meg bak scenen og tok han med meg til neste by, som var i Arizona ein stad...Eg følte meg enno verre enn eg hadde gjort i San Diego. Eg sa, 'Vel, eg treng noko i kveld.' Eg visste ikkje kva det var. Eg var vand til all slags ting. Eg sa 'Eg treng noko i kveld som eg ikkje har hatt før.' Og eg såg i lomma mi og eg hadde denne krossen.»[4]

Dylan trudde han hadde opplevd eit syn av Kristus på hotellrommet sitt i Tuscon. «Jesus kom føre meg som kongar over kongar og herre over herrar», sa han seinare. «Det var eit nærvere i rommet som ikkje kunne ha vore andre enn Jesus...Jesus la handa si på meg. Det var ein fysisk ting. Eg kjende det. Eg kjende det over heile meg. Eg kjende heile kroppen skjelve. Æra til Herren slo meg ned og tok meg opp.»

Ein såg hint av den nye trua hans i ålmenta. Dei siste fire vekene av turnen kunne ein sjå Dylan gå med den same sølvkrossen som hadde ført til omvendinga. Under framføringar av «Tangled Up in Blue» endra han teksten og refererte til Bibelen. Dylan starta òg å skrive nye songar som reflekterte den nye trua si. Under lydprøvane dei to siste vekene av turneen arbeidde han på ein ny song kalla «Slow Train». På den siste konserten i Hollywood i Florida framførte han ein ny song for publikum: «Do Right To Me Baby (Do Unto Others)».

Innspelingane[endre | endre wikiteksten]

Dylan høyrde først Mark Knopfler då assistent og lydteknikar Arthur Rosato spelte Dire Straits-singelen «Sultans of Swing» for han. Seinare, den 29. mars 1979, fekk Dylan med seg den siste konserten til Dire Straits ved Roxy i Los Angeles. Dylan møtte Knopfler etter konserten og spurte om han ville spele gitar på det neste albumet hans. Knopfler godtok tilbodet, men visste ikkje om kva musikk det kom til å bli snakk om.

Dylan møtte òg Jerry Wexler for å produsere dei komande innspelingane. Studioinnspelingane hadde vorte langt meir kompliserte gjennom 1970-åra, og Dylan ønskte seg ein erfaren produsent han kunne stole på. Wexler hadde produsert artistar som Aretha Franklin, Wilson Pickett, Percy Sledge, Dusty Springfield og andre soulartistar. Som Knopfler visste ikkje Wexler om den kristne stilen musikken kom til å ha.

Då innspelingane vart haldne i Alabama beheldt Dylan berre to medlemmer frå turnebandet hans frå året før, dei to kvinnelege kordamene Helena Springs og Carolyn Dennis. Den erfarne bassisten Tim Drummond vart leigd inn og det same vart Dire Straits-trommisen Pick Withers etter anbefaling frå Knopfler. Tangentspelaren Barry Beckett og dei kjende Muscle Shoals-blåsarane, som var viktige for Muscle Shoals-stilen, vart òg med.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk blanda kritikkar då det kom ut. Kritikar Charles Shaar Murray skreiv «Bob Dylan har aldri verka meir perfekt og meir imponerande enn på dette albumet. Han har heller aldri verka meir ubehageleg og hatefull». Singelen «Gotta Serve Somebody» nådde Topp 30 i USA og albumet selde meir enn både Blood on the Tracks og Blonde on Blonde i løpet av det første året, sjølv om det ikkje nådde toppen av listene.

I mellomtida nekta Dylan å spele dei gamle songane sine, eller andre verdslege songar. Sjølv om Larry Myers hadde forsikra Dylan om at dei gamle songane hans ikkje var vanheilage, sa Dylan at han ikkje kunne synge songar som ikkje Herren hadde gjeve han. Tilhengjarar som ønskte å høyre dei gamle songane hans vart skuffa. Det dukka stadig opp folk som plaga Dylan, men dei vart berre møtt med preiker frå scenen. Dylan gjekk sterkt inn i den nye trua si og heldt fram på same vis på det neste albumet òg, same om publikum kom til å følgje han eller ikkje.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Gotta Serve Somebody»5:22
2.«Precious Angel»6:27
3.«I Believe in You»5:02
4.«Slow Train»5:55
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Gonna Change My Way of Thinking»5:25
2.«Do Right to Me Baby (Do Unto Others)»3:50
3.«When You Gonna Wake Up»5:25
4.«Man Gave Names to All the Animals»4:23
5.«When He Returns»4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk personell

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1979 Australske Kent Music Report-lista 1
1979 Norske VG-lista 1
1979 UK Albums Chart 2[5]
1979 U.S. Billboard Albums Chart 3[6]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[7] 2× Platina 200 000^
Frankrike (SNEP)[8] 2× Gull 423,800 [9]*
Storbritannia (BPI)[10] Gull 100 000^
USA (RIAA)[11] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Allmusic reviews». Allmusic.com. 20. august 1979. Henta 1. desember 2018. 
  2. «CG: Bob Dylan». Robert Christgau. Henta 1. desember 2018. 
  3. «Bob Dylan: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 1. desember 2018. 
  4. 4,0 4,1 Heylin, Clinton (2003). Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, s. 491-502. HarperCollins. ISBN 006052569X.
  5. Official UK Album Charts, w/e 8th September 1979
  6. Billboard magazine, 22. september 1979
  7. «Canadian album salstrofé – Bob Dylan – Slow Train Coming». Music Canada. 
  8. «French album salstrofé – Bob Dylan – Slow Train Coming» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  9. https://www.infodisc.fr/Ventes_Albums_Tout_Temps.php?debut=750
  10. «British album salstrofé – Bob Dylan – Slow Train Coming». British Phonographic Industry.  Enter Slow Train Coming in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  11. «American album salstrofé – Bob Dylan – Slow Train Coming». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH


Føregangar
Discovery
Electric Light Orchestra
Toppen av VG-lista
Bob Dylan

4 veker, veke 37–40, 1979
Etterfylgjar
Oceans Of Fantasy
Boney M
Føregangar
Oceans Of Fantasy
Boney M
Toppen av VG-lista
Bob Dylan

1 veke, veke 42–1979
Etterfylgjar
Joe's Garage Act 1
Frank Zappa